styremøte

Vil flytta pengar frå reiser til bygg

Tilsette ved Universitetet i Bergen vil truleg reisa mindre framover, meiner universitetsstyret. Styret ønskjer difor å bruka meir pengar på bygg.

UiB-rektor Dag Rune Olsen har vore ute på nokre reiser i 2020 også, her ved Stortinget i Oslo.

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

I 2018 hadde Dag Rune Olsen, rektor ved Universitetet i Bergen (UiB), eit klimaavtrykk som var fire gongar større enn gjennomsnittsnordmannen. Også i 2019 reiste Olsen ein god del, men i år har det - naturleg nok - vorte langt færre reiser.

Slik trur universitetsstyret ved UiB det vert det neste året òg.

— Kanskje kjem me aldri attende til gamalt nivå, sa Olsen i universitetsstyremøtet denne veka, og humra noko om sine eigne reiser.

Ville redusera med 70 millionar

Om lag 130 millionar kroner er det lagt opp til at UiB skal bruka til reiser i 2021, sjølv om reisekostnader ikkje er ein eigen budsjettpost. Universitetsdirektør Kjell Bernstrøm tok til orde for at denne summen kan reduserast med heile 70 millionar kroner.

— Eigedomsavdelinga har klare prosjekt, til dømes læringsareal ved Det juridiske fakultetet og å oppdragera Ulrikke Phils hus i ein eingong, sa Bernstrøm, og viste til at desse to prosjekta vil krevja mellom 30 og 40 millionar kroner.

Fleire av styremedlemmene stilte spørsmål ved kvifor reisepotten er like stor som før, sjølv om ein er ganske sikker på at også 2021 vert eit annleis år - og ein veit førebels ikkje noko om korleis 2022 vil verta.

— Eg meiner det vil vera litt «henda av rattet» å ikkje gjera noko med dette, sa Gard Skulstad Johanson.

— Me har oppdaga ei ny verd, som fungerer utmerka, sa Marianne Møgster.

God økonomi

UiB ligg an til å få betre økonomi neste år. I saksframstillinga heiter det at 2021 vert eit budsjettår med auka handingsrom fordi det er ein låg auke i kostnader og god auke i inntekter.

«2021 er derfor et år det det kan gjøres grep som monner», heiter det.

Det vert difor sett av pengar til Vestlandslegen, der medisinstudentar skal ta siste halvdel av studieløpet andre stader på Vestlandet, det vert sett av pengar til klimabudsjett og til å styrka arbeidet med å kunne henta inn eksterne forskingsmidlar.

Fullmakt til å omdisponera

Styret vedtok òg ein revidert masterplan for areal, som viser ei liste over kva byggeprosjekt ein ønskjer å gå i gang med. Men sjølv om det er mange punkt på den lista, åtvara nokre av styremedlemmene mot å ta reisepengar frå fakulteta og einingane og putta dei inn i eigedomsprosjekt.

— Det kan henda at einingane treng pengane til andre ting, sa Bjørn Østbø.

— Det kan gi konsekvensar ein ikkje ser no dersom ein tek ut midlar, sa Jørgen Melve.

— Einingane må rekna med andre utgifter, til dømes til overtid.

Vedtaket vart at «universitetsstyret ber ledelsen følge opp utviklingen i økonomien i 2021. Universitetsledelsen får fullmakt til å omdisponere midler ved eventuelt mindreforbruk. Frigjorte midler benyttes primært i tråd med føringer i arealplan og særlig inn mot læringsareal og energieffektiviserende tiltak».

Powered by Labrador CMS