Siste fra forsiden:
Siste fra forsiden:
- Siste
- Mest lest
debatt:
Vi har tiltak for å få fleire kvinner inn i mannsdominerte yrke. Men det saknast eit omsyn for å unngå stereotypiar om og kjønnskeiv rekruttering til kvinnedominerte fag og yrke.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
I Khrono 22. februar etterlyser Marit Reitan, Björn Gustafsson og Øyvind Weiby Gregersen ved NTNU med rette eit større fokus på rekruttering av menn til dei kvinnedominerte helse- og sosialfaga. Dei vil ha tiltak for å betre kjønnsbalanse i yrke som barnevernspedagog, sjukepleiar og sosionom.
For å kunne utvikle gode tiltak for å auke mannsandelen i kvinnedominerte yrke må vi også auke kunnskapen om kvifor få menn vel seg til desse fagområda.
Senter for profesjonsstudier ved OsloMet publiserte i haust ein rapport om årsaker til lav mannsandel på grunnskulelærarutdanning 1-7. Rapporten tek også opp eit tema som famnar breiare enn rekruttering til akkurat læraryrket: ei skeiv fordeling av både tiltak for og kunnskap om mangelen på menn i kvinnedominerte yrke og utdanningar samanlikna med merksemda på kvinner i mannsdominerte fagområde.
Denne skeivfordelinga har både historiske og strukturelle årsaker. Noreg har sidan 1970-talet hatt politikk for å få fleire kvinner til å delta i arbeidslivet, og forsking på kjønn og arbeid handla då om å utforske barrierar for kvinner si deltaking i (mannsdominert) utdanning og arbeidsliv.
Framleis har dei tradisjonelt mannsdominerte yrka betre løns- og karrierevilkår enn dei kvinnedominerte, og tiltak for å få fleire kvinner i desse yrka vil medverke til å utlikne lønsgapet mellom kvinner og menn. Men dersom eit meir likestilt arbeidsliv er målet, burde vel likestillingsarbeidet gå begge vegar?
I rapporten etterlyser vi meir kunnskap om korleis barn og unge sine oppfatningar om utdanningar og yrke blir forma. Kva slags oppfatningar om kjønn, kompetanse og arbeid har norske barn og ungdom? Korleis heng slike oppfatningar saman med kva ein syner interesse for og blir stimulert til?
Når det gjeld verkemiddel for å utvide rommet for kjønnsutypiske val syner studiar at kjønn og yrkes- og utdanningsval er lite tematisert i norsk skule. Det er i liten grad til stades som tema i utdannings- og yrkesrådgivinga.
Vidare får temaet likestilling i følgje ein rapport frå NIFU lite merksemd i skulens planverk, noko som gir få høve til å arbeide med kjønnstypiske og -utypiske utdanningsval. I rammeplan for barnehagen er temaet kjønn og arbeidsliv fråverande, sjølv om forsking dokumenterer at oppfatningar av kva som passar for gutar og kva som passar for jenter blir forma allereie i barnehagealder.
Og viktig i denne samanhengen: Det som finns av fokus på dette i planverket handlar om å auke rommet for at kvinner skal ta kjønnsutradisjonelle val. Ei kunnskapsoppsummering frå Institutt for samfunnsforsking frå 2019 viser at der læreplanen for skulen tematiserer kjønn og arbeid, er det ved å utfordre stereotype oppfatningar av kva kvinner kan jobbe med, og slik motverke kjønnskeiv rekruttering til «naturvitenskap og teknikk».
Det saknast eit tilsvarande omsyn for å unngå stereotypiar om og kjønnskeiv rekruttering til kvinnedominerte fag og yrke. Det skeivfordelte fokuset i planverket representerer ein gjennomgåande ubalanse mellom kunnskap om og merksemd på kvinnedominerte og mannsdominerte yrke og fagområde.
Senter for profesjonsstudier vil løfte denne problemstillinga og arrangerer torsdag 27. februar eit seminar med tittelen «Enveis likestillling? Rekruttering av menn til kvinnedominerte utdanninger».
Vi håper med dette å stimulere til meir merksemd på kjønnsbalansen i dei kvinnedominerte utdanningane framover, og stiller oss bak etterlysinga av ei nasjonal satsing for rekruttering av menn til kvinnedominerte yrker.
Nylige artikler
En utdanning kommer aldri til å være nok i dagens erfaringsinflasjon
Advarer mot økt kontroll av ansatte. — En fare for akademisk frihet
Brudd i lønnsforhandlingene i staten
Ny kampanje oppfordrer forskere til personlig boikott av Israel-samarbeid
Høyskolen Kristiania sier opp særavtale med ansatte
Mest leste artikler
Disse studiene har bare kvinner satt øverst på listen
Mener akademia må våkne: — Skjermene er vårt nye folkehelseproblem
Forskeren ble stadig mer irritert, forsøkte til slutt å forgifte kollegaen
Student innrømmer bruk av forbudt hjelpemiddel. Saksøker staten
Studien hevdet at ChatGPT ga bedre læring. Nå er den trukket tilbake