Debatt Eivind Standal Husabø

Verdiskaping – kva er det – eigentleg?

Lite er vel meir verdifullt enn å vera lærarar, men har nokon fortalt lærarane at dei skapar verdiar, spør Eivind Standal Husabø.

Verdiar og verdiskaping er meir enn det som kan målast i pengar. Foto Cicilie S. Andersen
Publisert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

Det hender at eg står i eit klasserom ein eller annan stad i Vestland fylke og skal snakke til elevar og studentar om verdiskaping. Som regel startar eg med å spørje: «Kva er verdiskaping, eigentleg?». Det er ikkje så ofte at eg får svar, for spørsmålet mitt er formulert på ein slik måte at dei blir litt usikre på kva eg eigentleg vil fram til. Og som vi veit, elevar kan vere redde for å svare feil, det blir ikkje gode karakterar av å svare feil. Så eg bevegar meg vidare til eit nytt spørsmål: «Kan verdiskaping målast på nokon måte, og i tilfelle, på kva måte kan ein måle det?». Då kviknar elevane til og fleire av dei rettar opp handa. «Det kan målast i pengar», seier dei, «kroner og øre». Jau, seier eg, eg er ikkje ueinig i det. For det er vel gjerne slik at verdiskaping ofte blir målt i reine pengar. So tøysar eg gjerne litt med frasen «Verdiskapinga føregår jo på Vestlandet, og i Nord Noreg. Det er der vi har naturressursane som olje og fisk, vass- og vindkraft». Eg bevegar meg vidare i mitt pedagogiske eksperiment, og spør om verdiskaping kan målast på andre måtar enn i kroner og øre. Då hender det at det kjem frå eleven eller studenten «Jau, du har jo verdiskaping for samfunnet». Når eg høyrer det blir eg veldig glad, kanskje meir glad enn du skulle tru. Verdiskaping for samfunnet. Å skape verdiar for eit samfunn. Verdiar som kan målast i so mykje meir enn pengar, og som gjerne er skapt av menneske som ser langt forbi pengeverdien av det dei skaper.

Tenk deg at ein av desse elevane ein vakker dag i framtida startar si eiga bedrift på heimstaden sin ein eller annan stad i Vestland fylke. Etter fem år har ho eller han tilsett 10 nye personar i bedrifta si. Er det verdifullt for byen eller bygda ho eller han bur i? 10 nye arbeidsplassar med tilsette som tener til livets opphald, og som fører til at ein har mat på bordet og tak over hovudet. Og som igjen kan føre til at folketalet veks. Verdifullt? Ja. Verdiskaping for samfunnet? Ja.

Dette er ein hyllest til alle som jobbar med menneske og skapar varige verdiar kvar einaste dag dei går på jobb. Kva er vel meir verdifullt enn god utdanning, god helse, god pleie og god omsorg?

Eivind Standal Husabø, HVL

Av og til så er eg så heldig å få møte lærarstudentar. Det syns eg er ekstra kjekt. Dei viktigaste personane i Noreg, med den viktigaste jobben, vi har høyrt det før og det er jo mykje sant i det. Tenk å få møte desse som skal ut i skulen og skape varige verdiar i form av kunnskap, dugleikar og haldningar blant den viktigaste framtidsressursen vi har i dette landet: barn og unge, elevar og studentar. For ein verdi dei skapar desse lærarane. Tenk på det, dei utdannar barn og unge for framtidig samfunns- og yrkesdeltaking. Kva kan vel vere meir verdifullt enn det? Vi har høyrt det mange gangar: læraryrket er eit av dei aller viktigaste yrka i verden. Men, har nokon sagt til dei at dei skaper verdiar?

I ein tung periode i livet mitt våren 2017 vart mor mi alvorleg sjuk og gjekk bort etter nokre månaders sjukeleie. Den siste tida tilbrakte ho på Helsetunet i Førde. Mot slutten bestemte eg meg for at eg skulle besøke ho kvar dag, og dei siste to døgna før ho gjekk bort oppheldt eg meg ved sjukesenga hennar 24 timar i døgnet. Ho fortente det, ho var trass alt mor mi. Ingen har vel gjort så mykje for meg, og ofra seg så mykje for meg som det mor mi gjorde. Dei tilsette ved Helsetunet som var der visste ikkje kva godt dei skulle gjere for mor mi, meg, kona mi og alle andre som var der. Dei bar inn mat, kaffi, kaker og frukt. «Du må berre overnatte om du vil», sa dei. «Er det noko de treng?» For ei serviceinstilling. Alltid smilande, alltid blide, alltid hyggjelege. Vi snakkar om varme hender og hjartelag. Verdiskaping? Eg gløymer aldri ansikta på desse fantastiske menneska. Eg kjem til å hugse dei for resten av livet. Dei har sett varige spor i form av verdiar for meg som på ingen måte kan målast i kroner og øre. Det fins ikkje nok pengar i heile verda til å betale for slikt.

Dette er ein hyllest til alle som jobbar med menneske og skapar varige verdiar kvar einaste dag dei går på jobb. Kva er vel meir verdifullt enn god utdanning, god helse, god pleie og god omsorg? Så alle sjukepleiarar, hjelpepleiarar, ergtoterapeutar, psykologar, lærarar, barnehagefolk, assistentar, fysioterapeutar, sosionomar, barnevernspedagogar og alle de andre som jobbar med menneske på alle nivå og i alle situasjonar: de er viktige for verdiskapinga i Noreg! Så kan vi spørje oss: Verdiskaping, kva er det – eigentleg?

Powered by Labrador CMS