Vegen, Tinder og livet

Prest skulle ho ikkje bli. Den planen ser ut til å ryke.

— Eg føler eg går motstraums når det gjeld val av yrke, sjølv om eg voks opp som prestedotter, seier student og prestevikar Marianne Tomren.
Publisert Oppdatert

Døden står først på programmet.

I kista ligg ein mann som var like gammal som henne i 1956, fem år før ordinasjonen av Noregs første kvinnelege prest.

Nokre timar tidlegare stod Marianne Tomren (25) opp i studentkollektivet i Sandviken i Bergen for å rekke bussen til jobb. Kledde seg i arbeidsantrekket. Svart bukse, svart skjorte med prestesnipp, håret pent ordna i ein hestehale. Kledde seg til mørk november. Vasstett sekk med sko — og treningstøy på ryggen.

Ikkje berre eitt, men to menneske, eitt gammalt, eitt altfor ungt, skal sendast til si siste kvile. Ho har hatt sorgsamtalane, planlagd saman med familien, koordinert med organisten. No står kista der, kransar er lagde ut, lys er tende.

Tre klokkeslag.

Eit host.

Preludium.

— Nåde vere med dykk … vi er samla for å ta avskil med …

I ei av Bergens staselegaste kyrkjer, Storetveit kirke, har student og prestevikar Marianne Tomren ansvaret for bisetjinga av ein mann som har levd eit langt liv.

Studenten, no presten, rissar opp høgdepunkt frå livet som har vore. Han gifta seg her, i denne kyrkja. … så fekk han si første dotter … han var så glad i barnebarna.

«Å leva», syng forsamlinga, «det er som havet … ». Nokon strevar med å kvele ein mobiltelefon. « … å spegla Guds himmel av».

Organisten spelar Bach etter at kista er boren ut.

Marianne har ein times papirarbeid. Som prestevikar disponerer ho kapellankontoret. Ein støvsugar støtta mot den nakne veggen understrekar kontrasten til kyrkjerommet på andre sida av parkeringsplassen.

— Ein kjem ikkje unna å tenke litt på sin eigen død, seier Marianne.

Om ho får leve like lenge som mannen som ho nettopp har kasta jord på, vil den inntreffe mot slutten av hundreåret, i 2087.

— Kva kjem dei til å seie om meg?

Prest utan prestisje

Det er i ferd med å bli lenge sidan teologisk utdanning og ei karriere som prest var ein sikker veg til prestisje. I takt med eit stadig meir sekularisert, eller avkristna om ein vil, Noreg, har statusen smuldra.

I 2022 viste ei årleg religionsundersøking, som Norsk monitor har gjennomført sidan 1985, at for første gong trur under halvparten av den norske befolkninga på Gud. Pila peikar ned på alle statistikkar. Færre blir døypte. Færre er konfirmantar. Færre giftar seg. Færre vil ha gravferdene i kyrkja.

Utfordringa er ikkje berre færre kristne og ein endra demografi der særleg islam tar ein langt større bit av den religiøse kaka enn før. Presset kjem også frå eit breitt spekter av nyreligiøse aktørar, frå prinsesser og amerikanske sjamanar, til meir karismatiske, kristne trussamfunn.

Suget etter eit åndeleg feste ser ikkje ut til å bli mindre.

Den norske kyrkja har fortsatt 3,5 millionar medlemmer. Det er meir enn 65 prosent av befolkninga.

Sokneprest Jan Helge Gram Heggestøl på veg til kontoret med Vårt Land under armen. Han håper Marianne Tomren held fram i yrket. Prestemangel er eit problem også i Noregs nest største by.

Men mangel på prestar er blitt ei presserande utfordring.

Berre i Bjørgvin bispedøme, som omfattar Vestland fylke, stod 19 av 171 årsverk ledige ved inngangen til 2022. I Noreg stod 8 prosent ledige. Per i dag er 113 vikarar i arbeid kringom i kyrkjene.

Marianne er ein av dei. Ei som går motstraums.

Som dotter av ein prest og ein kateket er ho fostra opp på kristendom. Fire år som misjonærbarn i Kamerun har forma henne. Men teologi var ikkje eit opplagt utdanningsval, å bli prest ikkje noko ho nødvendigvis ville bli.

Sorgen og gleden

— Som ungdom var det det siste eg skulle bli. Men eg skal ikkje seie at eg ikkje er forma av oppveksten.

Ho er interessert i litteratur, studerte norsk. Ho er god i fransk etter åra i Kamerun, og studerte språket. Det var friske diskusjonar om trusspørsmål med venner ho hadde i studiemiljøet i Oslo som førte henne til å ta teologi som fag.

— Folk hadde så vidt forskjellige svar på dei same spørsmåla. Det gjorde meg nysgjerrig. Då eg flytta til Bergen for å studere teologi, visste eg at presteyrket var det som var mest aktuelt. Men eg kom ikkje med ein sikker plan om å bli prest. Eg hadde bytta studium fleire gonger, og var open for å gjere det igjen.

Medan ho hadde deltidsjobb med konfirmantar i ein kyrkjelyd i byen fekk ho følgje arbeidet til ein prest på nært hald. Så fekk ho tilbod om eit vikariat. Sidan august har ho stått i bryllaup og gravferder, ho har døypt og konfirmert, og ho har hatt mange samtalar med menneske i sorg og glede.

På vegen frå studentkollektivet i Sandviken til bussen har Marianne tid til å filosofere. — Ein kan finne mange svar, og alltid ein grunn til at svaret ikkje er godt nok, seier ho.

— Erfaringa mi er at alle sørger uavhengig av alderen på den som døyr. Sorg er meir påverka av kven den pårørande er. For nokre er døden noko fjernt som kjem veldig brått på, andre ser døden som eit naturleg steg vidare. Slik kan det vere enten den avdøde er ungdom eller pensjonist, seier Marianne.

Som pårørande var ho sist i ei gravferd då ho var 15, til oldefaren. Panikken var ikkje langt unna då ho stod der som halvstudert, fersk vikar og ei tekstmelding plinga inn på telefonen: «Kan du steppe inn på ei gravferd?»

— Eg visste at det ville kome, men likevel tenkte eg, kva i all verda skal eg gjere no?

Det er i slike situasjonar det er ein fordel å ha ein erfaren prest til far, ein mentor. Ho fekk vere med han i gravferder som observatør og kunne spørje han om det ho lurte på.

— Utan dette trur eg ikkje eg hadde klart det.

Himmel og hår

Deilig er den himmel grå. Den vestlandske førjulstida er ikkje alltid som på postkorta.

Marianne tar alltid buss og bybane, med mindre det er heilt nødvendig med bil. Då for ho låne hos foreldra. Det har samanheng med omtanke for skaparverket, som menneska for tida rotar til med klimagassar og plast i havet.

— Eg prøver å gjere så godt eg kan i kvardagen, reise kollektivt, handle brukt, sånne ting, sa Marianne.

På bussen var folk våte i håret og gustne i åsynet.

Ein mann mista snusboksen sin på veg ut. Marianne bøygde seg og plukka boksen opp for han. Elementær nestekjærleik. Han takka og blei borte.

Marianne i morgonrushet på veg til arbeidsplassen. I dag heiter den Storetveit kyrkje, og arbeidet består av ei gravferd, litt kontorarbeid, og så ei gravferd til.

Sakte rydda lyset seg plass.

Utanfor passasjervindauga, dei ville svanene på Store Lungegårdsvann, mystiske og vakre i skinet frå pariserhjulet på Festplassen.

Presten hadde boksehanskane i sekken. Ho vender ikkje det andre kinnet til, ikkje alltid. Det er kanskje det nokon trur.

Eller kva trur folk, eigentleg?

På bussen om morgonen har ikkje Marianne alltid prestesnippen på skjortehalsen. Ikkje fordi ho er flau over å vere prest. Men ho merkar at mange ser henne på ein annan måte. Nokon gonger vil ho vere passasjeren, ikkje presten.

Nokon gonger, som på bussen ein mørk morgon i november, vil ho sleppe å måtte snakke med dei som vil snakke, fordi ho er presten.

Nokon gonger vil ho berre vere Marianne.

Tru på tvil

— Det kjennest som nokon forventar at eg som prest skal ha svar på nesten alt.

Ho har meir greie på teologi og kristendom, ho har møtt fleire menneske i eksistensiell turbulens enn dei aller fleste på hennar alder. Men nokon gonger ønskjer ho ikkje å bli konfrontert. Nokon gonger har ho ikkje lyst til å måtte forsvare all religion på kloden.

— Eg møter folk som straks må fortelje meg at dei er imot religion, at religion er rota til alt gale og vondt i verda. «Trur du verkeleg at verda vart skapt på sju dagar»? «Kva med IS»? «Korsfararane»? Nei, eg trur ikkje på at verda vart skapt på sju dagar. Nei, eg er ikkje imot evolusjonsteorien. Nei, eg trur ikkje Bibelen skal takast bokstaveleg på alle punkt.

Korleis er det mogleg å sjå for seg ein god og allmektig Gud med all vondskapen i verda? Det er eit teologisk spørsmål som har eksistert like lenge som kristendomen. Marianne fordjupa seg i vondskapens problem i løpet av teologistudia.

Ho kom fram til ein akademisk konklusjon, men ikkje eit svar. Det finst mange svar.

— Utanom medstudentar, så trur eg ikkje at eg har treft på nokon som har sagt «er du prest, det vurderte eg også å bli!», seier Marianne Tomren.

Kanskje er det litt derfor ho utdannar seg til prest: Ho har ein tvilar i seg. Ho har ein filosof i seg. Begge prøver ho å halde litt i taumane.

— At eg sjølv har kjent på så mykje tvil, var nok det eg såg på som det største hinderet for å skulle bli prest. Korleis skal eg kunne rettleie andre når eg ikkje har alle svara sjølv? Samstundes har eg blitt meir og meir sikker på at Gud finst. Kven han er — det trur eg nok ingen av oss veit fullt ut. Men eg trur han har vist seg i Jesus, og eg har valt å studere teologi for å utforske kva det kan bety.

I tenåra hadde ho ei tid då ho ikkje trudde. Men ho valde å halde fast i det kristne miljøet.

— Ein kan finne mange svar, og alltid ein grunn til at svaret ikkje er godt nok. Trua på Gud gir ein tryggleik som fyller eit tomrom i livet som kanskje ville ha vore der utan trua.

Prest i test

I teologiske fagkrinsar og i Den norske kyrkja har diskusjonane gått lenge om korleis ein skal møte prestemangelen.

Skal det bli enklare å bli prest? Skal det bli annleis? Er det på tide å endre utdanningane?

Det siste er alt blitt gjennomført. Khrono har tidlegare fortalt om det som så langt har peika seg ut som ei suksessoppskrift. Det var nesten som eit lite mirakel: 69 søkarar låg i bunken før sommaren, til 35 plassar på erfaringsbasert mastergrad. Utdanningstilbodet MF vitenskapelig høyskole i Oslo (tidl. Menighetsfakultetet) rettar seg mot godt vaksne som frå før har andre yrkeskarrierar, og no kan tenke seg å bli prest.

Omsorg, fellesskap og møte med menneske av alle slag i ulike livssituasjonar er det som gir mest meining i jobben som prest for Marianne Tomren.

Blant søkarane var det både omsorgsarbeidarar, økonomar og juristar, mange i 40-50-årsalderen.

Den tradisjonelle seksårige profesjonsutdanninga på MF trekte berre 16 studentar hausten 2022, eit lågmål til no.

Parallelt med MFs suksess med erfaringsbasert presteutdanning, la UiT Noregs arktiske universitet, til protestar, ned si profesjonsutdanning etter snart 30 års drift. Få søkte utdanninga. Samstundes er det i nord mangelen på prestar er meste prekær.

Det har også kome faglege innvendingar mot både nedlegginga i Tromsø (UiT skal ha ein master i teologi), MFs erfaringsbaserte master og andre vegar til presteteneste. I eit innlegg i Khrono åtvara professor ved Universitetet i Oslo, Hallgeir Elstad, mot ei «utholing» av profesjonsstudiet. Han meiner oppretting av andre vegar til presteutdanning, ved å godta ymse kombinasjonar av studiepoeng og ulike erfarings- og yrkesbakgrunnar er med å svekke prestekompetansen.

NLA Høgskolen i Bergen, dit Marianne Tomren skal tilbake for å fullføre utdanninga si, fekk godkjent presteutdanning i 2021.

Hinder på Tinder

Fordommar, eller i det minste konklusjonar utan premiss, kan av og til sperre vegen.

— Då eg la inn på Tinder-profilen at eg er prestevikar, kan eg vel seie det var ein markant nedgang i interessa. Med ein gong du seier at du er prest, verkar det som mange like raskt har bestemt seg for kven du er.

Du skal slå! Men berre på trening. På fritida trenar Marianne Tomren kickboksing i ein kjellar på Danmarksplass i Bergen.

For mange er presten bildet av ein historisk figur. Eller ein hard moralist. Ein mann. I alle tilfelle ein sjablong. Det å vere dotter av ein prest er nok til at ein kan få sterke stempel sett på seg.

Ein gong, før prestejobben, var Marianne på ein date med ein som var «veldig gira». Då det kom fram at ho jobba med konfirmantar, trekte han seg med ein gong.

— «Vi har nok lite til felles i livet», meinte han. At eg var på ein kristen arbeidsplass var tydelegvis nok til at han trudde han visste alt om kva syn eg har på livet. Kanskje hadde han rett. Men ei open haldning var det jo ikkje, akkurat.

Ho får gjerne spørsmål av typen «kor kristen er du?».

— Det betyr som regel «kan du drikke?» og «kan du ha sex?».

Marianne drikk alkohol, men i moderate mengder og former.

— Det står ikkje i Bibelen at ein ikkje kan drikke alkohol. Men eg har fleire kristne venner som har valt å ikkje drikke og grunngir det med at dei vil skape eit trygt miljø utan drikkepress. Det synest eg er ein god grunn.

Med ein gong du seier at du er prest, verkar det som mange like raskt har bestemt seg for kven du er

Marianne Tomren

Spørsmålet om sex er meir komplisert og vanskelegare å gi enkle svar på, meiner ho.

— Her blir det mykje å ta omsyn til, særleg korleis ein skal tolke og vektlegge ulike tekstar i Bibelen. Men prinsippet om å ta vare på seg sjølv og dei rundt seg er uansett minst like gjeldande som med alkohol.

Snar til å understreke at ho ikkje er utan eigne fordommar, legg Marianne til at dette kanskje ikkje er så merkeleg. Ho har også opplevd at enkelte i kristne miljø har hengt seg opp i, og til og med er blitt sjokkerte over, at ho i det heile tatt er på ein datingapp.

— Kanskje ville også eg ha skygga banen om berre denne eine biten av informasjon festa seg hos meg på ein datingapp. Ein ønskjer å finne nokon som er kristne, som har nokolunde like verdiar. Men det kan også vere lettare å snakke med nokon som ikkje er kristen enn som er kristen på ein veldig annleis måte enn meg.

Innanfor den kyrkjelege sfæren er alt annleis.

Der opplever Marianne at ho blir oppfatta som ein autoritet, det kan nesten bli litt rikeleg.

— Straks eg tar snippen på skjorta og er prest på jobb, merkar eg at eg får ein annan respekt. I dei første sorg- og dåpssamtalane var eg stressa. Eg tenkte at folk vurderte meg som altfor ung og uerfaren. Men det har heller vore omvendt. Folk avbryt seg sjølve og seier «men dette veit jo du alt om …». Det gjer eg sjølvsagt ikkje.

Leiteaksjonen

Bæ, bæ, bæ, kan du si meg hvem jeg er?

Søndag er det familie- og sansegudsteneste i kyrkja på Bønes i Bergen, ein ungdommeleg bydel i Bergen, med mange barnefamiliar. I Bønes kyrkje, bygd på dugnad og kronerulling i 1997, året Marianne vart fødd, er det adventsstemning med peparkaker og såpebobler. Det er høgtid med lågterskel, ei gudsteneste for dei minste.

Presten forklarar at det er ho som er presten, og hentar fram eit ikkje ukjent bibelsk motiv: Sauekosedyrflokken sit pent og samla framfor alteret. Ein pusekatt utvidar mangfaldet. Men kvar er Krølle? Gjetaren manglar eín i flokken sin.

Dermed er ungane, og presten, i gang med vandring og leiteaksjon i kyrkjerommet.

— Gjetaren er så glad i alle sauene. Gud ser det med ein gong om det er ein som manglar, og då vil han gå ut og leite etter oss, seier presten.

Orgel er skifta ut med piano. Lovsongen er rytmisk. Vi lovar deg! Klapping. Vi prisar deg! Klapping.

Ikkje overraskande dukkar Krølle opp. Gjetaren passar på alle sauane sine. Og katten. Gud sørger for at alle i flokken blir tatt vare på. Så tennes tusen julelys, i alle fall minst ti, og det er tid for kyrkjekaffi og ikkje minst sjokoladekake.

— Gå i fred og ten Herren med glede, seier presten.

Marianne tar to kakestykke med seg inn på kontoret, backstage Bønes kirke. Ho kjem til å trenge litt ekstra energi.

— Eg har lese teologi, men eg kjem ikkje med nokon fasit på korleis bibeltekstar skal bli forstått. Vi har alle våre refleksjonar og tankar, seier Marianne Tomren, her i aksjon i Bønes kirke.

No ventar ei knallhard økt i ein kjellar på Danmarks plass: gradering til grønt belte i kickboksing, eit trinn på stigen mot svart, eit godt stykke der framme.

— Kanskje er eg ein grublar og tenkar. Men det er menneska, den diakonale delen av yrket, som fangar interessa mi, seier ho.

Diakoni, for dei uinnvigde, er den delen av arbeidet som handlar om omsorg og fellesskap, kort sagt nestekjærleik.

Til våren går vikariatet ut. Mastergraden skal fullførast. Og så, kvar går vegen? Ho vil lære spansk, kanskje til sjømannskyrkja. Og deretter?

— Det er ikkje sikkert eg alltid skal vere prest, seier ho, vikaren har som sagt ein tvilar i seg.

Neste post på programmet: livet.

* **

Endringslogg 12.12.2022, kl. 14.30. Marianne Tomren var i teksten delvis omtalt som vikarprest. Det rette er prestevikar. Ein prestevikar gjer ifølgje definisjonen presteteneste utan å vere ordinert. Ein vikarprest er ordinerte prestar som vikarierer.

Powered by Labrador CMS