Debatt Hallgeir Elstad

Nedlegging av presteutdanninga ved UiT: Ein elefant i rommet

Frå kyrkjeleg hald må ein innsjå behovet for å slutte opp om profesjonsutdanninga i teologi, skriv Hallgeir Elstad

At profesjonsutdanninga i teologi blir borte i Nord-Noreg, er det all grunn til å seie seg lei for, skriv Hallgeir Elstad.
Publisert Oppdatert

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

Universitet i Tromsø Norges arktiske universitet (UiT) har vedteke å leggje ned det integrerte teologistudiet, så både bachelor- og masterprogrammet i teologi blir borte. Dermed står Nord-Noreg igjen utan ei heilskapleg presteutdanning.

Studiet som vart bygd opp på 1990-talet i Tromsø var viktig for kyrkja i den nordlege landsdelen, og det representerte òg ei fagleg nyvinning i norsk samanheng ved å kombinere teologi og religionsvitskap. At dette tilbodet no blir borte i landsdelen, er det all grunn til å seie seg lei for.

Det viktigaste grunnen til nedlegginga av dette studiet er svak rekruttering. Ikkje minst må dette vere eit tankekors for kyrkja, som slit med prestemangel mange stader – også i nord. Her må ein tørre å adressere «elefanten i rommet». Sidan studiet ved UiT vart oppretta, har Den norske kyrkja endra kompetansekrava for å bli ordinert til prest. Desse er tilpassa dei som ønskjer ein ny karriere som prest. Denne ordninga, som er over tjue år gammal, vart justert i 2021. Det er mogleg å bli prest viss ein er over 35 år og har ei anna relevant utdanning på masternivå i botnen. Ved å ta 120 studiepoeng i teologiske fag (tidlegare var det krav om berre 90 studiepoeng) og praktisk teologiske fag i tillegg, blir ein ordinabel.

Dessutan vidarefører kyrkja den såkalla «profetvegen», som er for personar med særskilte føresetnader for presteteneste ut over det vanlege, og der det ligg føre «særlege kyrkjelege behov». I aukande grad synest denne sidevegen til presteteneste vorte nytta for å bøte på prestemangel, noko det i si tid uttrykkeleg vart understreka ikkje var eit motiv for å innføre ordninga. Det grunnleggjande problemet her er at kyrkja som arbeidsgivar tillet ei ordning der ein gjennom vedtak i ei nemnd vel å sjå heilt bort dei vanlege kvalifikasjonskrava som gjeld for presteteneste. Det einaste formelle kravet som gjeld for denne kategorien – i tillegg til at kandidaten må vere fylt 40 år - er eit års praktisk-teologisk utdanning.

LES VIDERE ETTER ANNONSEN

FÅ NYHETER PÅ MOBILEN
Last ned Khrono-appen!

Download on the App Store Tilgjengelig på Google Play

Kandidatar i denne alternative ordninga kan elles ikkje søkje sjølv, men må bli søkt for av biskopen. Det er ikkje vanskeleg å sjå at dette kan leggje til rette for «trynefaktor». Dei som blir rekrutterte til prestetenesta gjennom denne ordninga, får dessutan dei same vilkåra som dei som har gjennomført ei fullverdig profesjonsutdanning. Dette strider mot eit kvart rettferdskrav. Det må lønne seg å ta ei full utdanning!

Konsekvensane av dei endra kompetansekrava er ei svekking – og nedvurdering – av teologien som fag og som kvalifikasjon for dei som skal vere prestar i Den norske kyrkja. Slik medverkar kyrkja sjølv til å uthole profesjonsutdanninga i teologi ved å tillate alternative vegar til presteteneste. Særordningar tener til å svekkje motivasjonen for å gå i gang med eit integrert profesjonsstudium, som kyrkjeleiinga rett nok seier – i alle fall i festtalar – at framleis skal vere hovudvegen til prestetenesta.

Men i praksis er profesjonsutdanninga utsett for press gjennom dei kompetansekrava som kyrkjemøtet har vedteke. Det vil vere naivt å tru at ikkje dette er eit forhold som har slått negativt ut for rekrutteringa til profesjonsutdanninga i Tromsø. Vi ser jo at fleire utdanningsinstitusjonar no slit med på fylle studieplassane til dette studiet. For meg synest det klart av kyrkja sjølv må bere sin del av ansvaret for at ei heilskapleg presteutdanning ikkje lenger blir vurdert som liv laga ved UiT. Det gjer det heile dobbelt trist.

No vil det framleis vere mogleg å ta einskildemne ved UiT som vil kunne vere med å gi grunnlag for ordinasjon til prest. Men dette vil vere eit langt dårlegare ordning enn ei integrert profesjonsutdanning. Kyrkja treng teologien og teologisk godt skolerte prestar. Frå kyrkjeleg hald må ein innsjå behovet for å slutte opp om profesjonsutdanninga i teologi – i staden for å satse på kortsiktige løysingar for å avhjelpe rekrutteringsutfordringar. Tida er no!

Powered by Labrador CMS