politihøgskulen

Var sleivkjefta under kurs. No er han frikjend av retten

Føler du deg valdteken no, skal instruktøren ha sagt til ein kvinneleg student på Politihøgskulen. Mannen vart bøtelagd, men er no frifunnen i tingretten.

Politihøgskulen melde ein ekstern instruktør inn til Spesialeininga etter at han hadde kome med utsegner som vart oppfatta som krenkande. Mannen er no frifunnen i tingretten.

Vinteren 2020 hadde studentar ved Politihøgskulen i Stavern kurs i sanitet. Instruktøren, ein politimann i 30-åra, skulle mellom anna rettleia studentane i korleis undersøka pasientar. Han skulle demonstrera korleis ein leitar etter blødningar.

VG skriv at dette vart gjort ved at instruktøren førte handa si opp og ned på innsida av låra til ein kvinneleg student, på innsida av buksa.

Ifølgje VG skal mannen først ha uttalt at «her var det klamt». Då han var ferdig med undersøkinga skal han ha spurt studenten om «kjenner du deg valdteken no?». Då svaret var nei, skal han ha sagt at han då ikkje hadde gjort jobben sin godt nok.

Nekta å godta førelegg

Ifølgje VG vart studenten kontakta av ein kursleiar etter hendinga. Ho ønska å legga ballen død. Men Politihøgskulen melde instruktøren til politiet, og han fekk eit førelegg på 12 000 kroner av Spesialeininga.

Dette nekta han å godta, og saka hamna i retten. Mannen vart tiltalt for seksuelt krenkande eller annan uanstendig oppførsel.

I dommen frå Vestfold tingrett, som Khrono har tilgang til, kjem det fram at studentane før demonstrasjonen hadde vore ute i felt. Dei visste ikkje at dei skulle ha sanitetsøvingar, og hadde difor kledd seg godt. Den kvinnelege studenten og hennar makker vart samde om å gjera øvingane på kvarandre mellom laga med ull, ikkje rett på kroppen slik dei hadde fått beskjed om. Då skulle instruktøren visa korleis det skulle gjerast, og det var då han kom med ytringane.

Også etter at den mannlege studenten hadde gjort undersøkingar av kvinna skal instruktøren ha spurt om kvinna kjende seg valdteken. Igjen var svaret nei.

— Då gjorde ikkje du jobben din godt nok heller, skal mannen ifølgje dommen ha sagt.

I retten forklarte politimannen at han ikkje hugsar at han har uttrykt seg slik, men han kan ikkje utelukka det hundre prosent. Han har forklart at dette er ein sjargong og uttrykk han kjenner frå Forsvaret, som han har bakgrunn frå, og at det betyr «eg har ikkje sjekka deg godt nok/grundig nok».

Tiltalte forklarte i retten at han ikkje har meint noko seksuelt med det han sa, og orsaka dersom han hadde brukt uttryket. Han forklarte at han kan vera sleivkjefta, ganske streng, tydeleg og at han kan verta irritert og mista tolmodet. I tillegg har han mørk humor.

Fagdommar i mindretal

Retten var ikkje samd. Fagdommaren, som var i mindretal, meinte at utsegnene i samanheng med undersøkinga hadde seksuelt preg eller var seksuelt laga. I tillegg burde det leggast vekt på at instruktøren var overordna studenane.

Dei to meddommarane meinte at oppførselen til instruktøren var både kritikkverdige og upassande, men likevel innanfor det som må kunne aksepterast av uforsiktig og klønete oppførsel.

«Kommentaren om klamhet er mer å regne som en opplysning om at fornærmede var svett. Fornærmede kom direkte fra feltøvelse og var således opphetet etter denne øvelsen», heiter det i dommen.

Mannen vart altså frifunnen, men har ifølgje VG ikkje jobba som instruktør ved Politihøgskulen etter hendinga.

Forsvarar: Ikkje straffesak

Mannen sin forsvarar, Carl Henning Leknesund, seier at saka har vore både tøff og belastande for klienten hans.

— Dette er ei hending med utslag av ein mørk humor, ein streng instruktør som har formulert seg på ein klossete måte, ikkje noko seksuelt i det heile tatt, seier Leknesund.

Forsvararen seier at mannen kunne fått ein reaksjon etter det han sa, men han er bestemt på at dette ikkje er ei straffesak.

Kommunikasjonssjef Sandra Pernille Magnussen ved Politihøgskulen seier at dei valde å melda saka inn til Spesialeininga, men at dei ikkje har kommentarar til dommen.

Powered by Labrador CMS