høgskulen i volda

Valstyret har utsett rektorvalet. Styret reagerer

— Eg reagerer på at valstyret meiner at dei berre kan bestemma dette, sa Inger Østensjø då høgskulestyret vart informert om at nominasjonsprosessen til rektorvalet ved Høgskulen i Volda er opna på nytt.

Kven skal leia Høgskulen i Volda dei neste fire åra? Ifølgje høgskulerektor Ann Kristin Emblem har det vorte gjort ein stor jobb av leitekomiteen. Likevel har det ikkje berre vore lett å finna rektorkandidatar.

Nominasjonsfristen var ute, og Khrono har skrive at det er tre kandidatar som stiller til val som rektor ved Høgskulen i Volda. Men tysdag kveld, dagen før høgskulestyret skulle ha møte, gjekk det ut e-post til alle tilsette ved høgskulen om at nominasjonsprosessen er opna igjen. Avsendar var valstyret.

— Valstyret har fått spørsmål om det er mogleg å stilla med to prorektorarar, kvar i femti prosent stilling. Det har vore utfordrande å finna kandidatar, fordi ein då må gi opp forskinga for ein periode.

Det sa høgskuledirektør Ann Kristin Emblem i høgskulestyremøtet onsdag.

Ho sa at det no er opna for at alle rektorkandidatar kan stilla med inntil to prorektorkandidatar.

Dette betyr at fristen for nominering vert 10. november. Deretter vert fristane flytta med om lag ei veke: Presentasjon av kandidatane vil verta 25. november, og deretter valperiode frå 9.-16.desember.

Fleire reagerte

— Eg hadde ikkje tenkt at dette kunne skje, sa styremedlem Inger Østensjø i møtet.

— Det er til ettertanke at valstyret har mynde til å gjera dette, og eg reagerer på at valstyret meiner at dette er noko dei berre kan bestemma. Dette illustrerer korleis styret si rolle er oppfatta i denne saka, sa ho vidare.BB

Eirik Søvik støtta Østensjø.

— Eg hadde forstått at dette vart gjort dersom det var tre månader til neste styremøte. Men her var det under tolv timar!

Leiar av valstyret Mona-Cecilie Andersen vil ikkje kommentere kritikken frå styremedlemane då Khrono kontaktar ho torsdag ettermiddag. Ho vil fyrst ha eit møte med valstyret før ho uttalar seg. Møtet finn stad fredag ettermiddag.

Søvik: Me leitar etter folk som vil leia

Høgskulen i Volda har hatt prorektor i full stilling i femten år. Når det no er opna for at prorektor kan ha halv stilling, gir det nokre praktiske utfordringar. For det første må styret sjå på rektor og prorektor sine funksjonar.

— Og det må vera tydeleg kven som er vara for rektor. Det kan til dømes ikkje sitja to prorektorar her, sa rektor og styreleiar Johann Roppen.

I dag sit han saman med prorektor Odd Helge Mjellem Tonheim og høgskuledirektør Emblem øvst ved møtebordet.

— Har ein tenkt på kven som skal betala for dei femti prosentane ein prorektor ikkje skal vera prorektor? Og kva skal vedkomande gjera då? Eg reknar med at ein då skal ha ordinær stilling med forsking og undervisning, sa Søvik, og la til:

— Me er på jakt etter folk som skal leia høgskulen, ikkje som vil ha meir forskingstid.

Har hatt berre ein kandidat

Ein annan praktisk konsekvens av endringa er at alle kandidatar som har vore spurde om dei vil stilla til val, no må spørjast på nytt. Emblem sa at det er viktig at alle får like vilkår.

— Når valkomiteen har bestemt dette, har eg forstått det som at det handlar om at ein ønskjer eit reelt, demokratisk val, sa ho.

— Det har vore frykt for å mista kandidatar.

Fleire gongar tidlegare, mellom anna då Johann Roppen vart vald til rektor både i 2015 og 2019, var det berre ein rektorkandidat som stilte til val ved høgskulen.

Powered by Labrador CMS