høgskulen i volda
Skal evaluera arbeidsmiljøundersøking
Høgskulen i Volda gjennomførte Ark-undersøking for tredje gong i fjor. No skal høgskulen evaluera bruken av arbeidsmiljøundersøkinga. Sjå styremøtet direkte her.
«ARK bidreg til at HVO set arbeidsmiljøarbeid på dagsorden. Både leiarar og tilsette har bidrege aktivt i prosessen i tråd med milepælplan. Det har vore positivt at den enkelte eining har jobba systematisk, sett av tid til refleksjon, men har hatt fridom til å legge opp arbeidet med tiltak sjølve», heiter det i sakspapira til møtet i høgskulestyret.
Arbeidsmiljøundersøkinga Ark vart gjennomført for tredje gong på tampen av fjoråret. I rapporten vert det peika på både styrker og svakheiter ved Pgjennomføringa. Totalt sett enda ein på ein svarprosent på 65,5 prosent, litt svakare enn i 2018.
Møtet startar klokka 9, og du ser det direkte her:
Offentleggjer ny rektor 9. desember
Av andre saker på dagsordenen er orientering om statsbudsjett og orientering om rektorvalet. Om statsbudsjettet heiter det at framlegget frå regjeringa er mykje som venta.
Når det gjeld rektorvalet, har Khrono skrive at det er kome inn forslag om tre kandidatar: Odd Helge Mjellem Tonheim, Unni Hagen og Rolf Werenskjold.
I sakspapira heiter det at rektorkandidaten har frist til 15. november med å melda inn prorektorkandidat, og deretter skjer presentasjonen av dei nominerte 18. november.
Sjølve valperioden er 2.-9. desember.
Tre nye dekanar
I tillegg til at det skal veljast rektor, skal høgskulen òg ha nye dekanar. Avdeling for kulturfag, avdeling for samfunnsfag og historie og avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning skal alle ha ny dekan frå august 2023.
Desse skal formelt tilsetjast av høgskulestyret, noko som skal skje til våren. I dette møtet skal styret ta stilling til utlysingstekst og tilsetjingsprosess.
Heile sakslista finn du her.