universitetet i bergen

Universitetet i Bergen brukar opp det meste av reservane sine

Mange av einingane ved Universitetet i Bergen brukar opp mykje av pengane dei overførte frå i fjor, og samla sett er overføringa til neste år planlagt å vera nær kroner null. Sjå styremøtet direkte her. 

Universitetet i Bergen styrer ikkje mot minus. Men mange av einingane ved UiB har problem med å halda budsjettrammene, heiter det i saksframstillinga.
Publisert Sist oppdatert

«Enhetene har i sum lagt planer som innebærer en overføring til 2025 nær 0».

Det heiter det i saka om økonomirapport for andre tertial, som styret ved Universitetet i Bergen får på bordet sitt 24. oktober.

Styremøtet startar klokka 9, og du ser det direkte her.

Både Universitetet i Stavanger og NTNU har varsla at oppseiingar på grunn av dårleg økonomi er noko som vil verta gjennomført. Høgskulen på Vestlandet og VID vitenskapelige høgskole har sagt at dei håpar å unngå å seia opp tilsette.

Ved Universitetet i Bergen står det ikkje så dårleg som dette til med økonomien. Men fleire av einingane har problem med å halda dei totale budsjettrammene, heiter det i saksframstillinga til styremøtet.

Fakultet for naturvitskap og teknologi, tidlegare Det matematisk-naturvitskapelege fakultetet, budsjetterer med null i overføring til 2025. Det medisinske fakultetet hadde ei overføring frå 2023 på om lag 19 millionar kroner, og brukar ti av desse millionane i år. Fleire av dei andre fakulteta brukar òg av oppsparte midlar.

SV og psykologi har det verst

Verst står det til ved Det samfunnsvitskapelege (SV-fak) og Det psykologiske fakultetet. Dei planlegg ei samla negativ overføring på vel seksti millionar kroner

Khrono har tidlegare omtalat at tiltak er i gang ved SV-fak

Fakultetsstyret hadde møte denne veka, og i saksframstillinga kjem det fram at den økonomiske situasjonen framleis er krevjande, men at ein trur ein når målet om ei innsparing på 16 millionar i år. 

Likevel vil overføringa til neste år vera negativ. Det er ikkje lyst ut stillingar ved avgangar ved fakultetet i 2024.

Det psykologiske fakultetet hadde økonomi som sak i fakultetsstyret i august. Etter første halvår var underskotet om lag 26 millionar kroner.

Totaløkonomien på fakultetet per 31. juli 2024 viser at inntektene er lågare enn budsjettert og kostnadane er høgare enn budsjettert, heitte det i saksframstillinga.

Tett oppfølging

I saksframstillinga heiter det at dei fakulteta som har eller planlegg negativ overføringar av midlar på grunnløyvinga si, vert følgt tett opp av både økonomiavdelinga og universitetsleiinga.

«Det arbeides både med å lage gode prognoser for utviklingen i årene som kommer, få på plass langsiktige økonomiplaner og etablere strukturer som bidrar til at planlagte tiltak gjennomføres. Det er viktig å unngå at underbalansen blir for høy da dette både vil hemme fakultetenes utvikling i lang tid fremover samt svekke UiBs totale økonomiske handlingsrom», heiter det.

Sjølv om oppseiingar ikkje har vore tematisert ved UiB, er rektor Margareth Hagen uroa over økonomien i heile sektoren. I eit debattinnlegg i Khrono etter presentasjonen av årets forslag til statsbudsjett, skreiv ho følgjande:

«Etter langvarige og systematiske kutt fra skiftende regjeringer må oppsigelser for første gang brukes som virkemiddel ved enkelte universitet og høgskoler, og virkemiddelet brer om seg. Det er et trist paradigmeskifte for universitetene i Norge, og for den akademiske kvaliteten. Det vekker internasjonal oppmerksomhet og svekker vår attraktivitet. Som rektor og samfunnsborger er jeg svært urolig».

Klima og rektorval

Universitetsstyret skal òg handsama saker om klimarekneskap og berekraft, og dei skal vedta tidspunkt for rektorval 2025. Så langt er det berre sitjande rektor Margareth Hagen som har sagt at ho er kandidat til valet.

Her er heile sakslista:

S 69/24 V-sak Godkjenning av innkalling og saksliste
S 70/24V-sak Godkjenning av protokoll fra møte i universitetsstyret 12.9.2024
S 71/24O-sak Riksrevisjonens beretning 2023
S 72/24O-sak Regnskap for Universitetet i Bergen andre tertial 2024
S 73/24O-sak Økonomirapport per 2. tertial 2024
S 74/24V-sak Budsjett for Universitetet i Bergen 2025
S 75/24V-sak Innspill til statsbudsjett 2026
S 76/24V-sak UiBs faglege arbeid med berekraft
S 77/24O-sak Universitetets klimaregnskap 2023
S 78/24O-sak Orientering om CHARM-EU
S 79/24O-sak Årsrapport fra Læringsmiljøutvalget 2023—2024
S 80/24V-sak Retningslinjer for studentmedvirkning ved Universitetet i Bergen
S 81/24V-sak Tidspunkt for gjennomføring av rektorvalg og valg til Universitetsstyret for valgperioden 1.8.2025 — 31.7.2029
S 82/24O-sak Orienteringer
S 83/24O-sak Fullmaktssaker
S 84/24O-sak Universitetets forvaltning av statens eierinteresser
S 85/24O-sak Universitetsledelsen informerer
Eventuelt

Endringslogg: Endra til at SV-fak ikkje har lyst ut stillingar ved avgangar i 2024, frå at fakultetet ikkje hadde tilsett nokon i år. Endra 24.10 kl 9.26

 

Powered by Labrador CMS