Styremøte

Universitetet handlar for 1,7 milliardar. No skal det bli mindre kast og meir bruk

Møblar skal reparerast, og tilsette skal oftare få brukt framfor ny PC og telefon. Det er blant tiltaka Universitetet i Bergen innfører for å nå klima- og miljømål.

Gamle maskiner om igjen: Universitetet i Bergen vil satse meir på gjenbruk og reparasjonar og mindre på å kjøpe nytt utstyr.

«Tiltaksplan for anskaffelser» står på dagsordenen på Universitetet i Bergen (UiB) sitt styremøte torsdag. Målet er å få ytterlegare fart på strategien som vart vedtatt i 2020 og skal vare fram til 2024, og som skal sørge for ei skarpare klima- og miljøprioritering.

FØLG STYREMØTET direkte fra kl. 10.00

UiB handlar varer og tenester for 1,7 milliardar kroner årleg. Det er med andre ord pengar å spare, i tillegg til den forventa miljøeffekten. Halvparten av dei indirekte klimautsleppa er knytt til bygg og eigedomsdrift.

Ifølgje universitetsleiinga vil det vere mogleg å gjennomføre krav til reduserte CO₂-utslepp «både ved materialvalg, ombruk, maskinpark og sertifisering av bærekraftige byggeprosjekter».

Målet er kort sagt mindre kast og meir bruk.

«Lange levetid»

Derfor skal det blant anna i ny rammeavtale for møblar leggast til rette for «gjenbruk, reparasjonsmuligheter og lang levetid». Medan ein for IT-utstyr vil «i større grad benytte seg av gjenbruksavtale for brukt og utrangerte IT-produkter», i tillegg til oppmode til kjøp av brukte mobiltelefonar.

Statusrapporten, som blir lagt fram på UiB-styrets møte torsdag, viser at 32 prosent av alle avtaleleverandørane og 54 prosent av alle rammeavtaleleverandørane var miljøsertifiserte per 2022. Det er ein liten nedgang frå 2021: Då var tilsvarande tal på 35 og 56 prosent.

Målet om auka innrapportering frå leverandørar av såkalla primærdata, som går inn i UiBs klimarekneskap, ser derimot ut til å vere i rute: 20 rammeavtalar hadde i 2021 krav om årleg innrapportering av primærdata. I 2022 var talet nær dobla. Då hadde 39 rammeavtalar dette kravet innbakt.

Studentbetaling

På dagsordenen til styremøtet står også spørsmålet om korleis universitetet skal legge til rette for det kontroversielle kravet frå regjeringa om studentbetaling for studentar som kjem frå land utanfor EU/EØS. Regjeringa har foreslått å endre lova, slik at studentar frå såkalla tredjeland frå hausten 2023 må betale studieavgift.

Ifølgje saksutgreiinga til UiB-styret vil prislappen for ein mastergrad for studentar frå land utanfor EU/EØS kunne kome opp i 366 000 kroner.

UiB rekrutterer årleg om lag 100 studentar frå land utanfor EU/EØS og Sveits til 2-årige masterprogram.

Powered by Labrador CMS