Nederland

Universiteta «går opp i saumane»: Forlangar færre internasjonale studentar

Dei internasjonale studentane er for mange, meiner nederlandske universitetsleiarar, som vil ha tiltak for å regulere pågangen.

Mangel på studentbustader førte til demonstrasjonar frå studentar i Groningen tidlegare i haust. Bustadmangelen er særleg prekær for internasjonale studentar.
Publisert Sist oppdatert

Foreininga for nederlandske universitet (VSNU), som representerer 14 forskingsuniversitet i landet, har foreslått fleire tiltak for å handtere ein eskalerande pågang av internasjonale studentar. Blant desse er krav om ei grense for talet på studentar til engelskspråklege kurs og krav til samansetjing av fag ved opptak.

Nederlandske universitet har for lengst stansa marknadsføring retta mot internasjonale studentar. I staden nøyer dei seg med «informasjon». Men dei internasjonale held fram med å strøyme på, ifølgje Times Higher Education.

I studentopptaket i haust har 29 prosent av alle studentane kome frå andre land enn Nederland, ifølgje VSNU. Det er ein auke på 24 prosent frå tidlegare år.

Debatt om internasjonalisering

— Campusane går bokstaveleg talt opp i saumane. Der er for få auditorium. Der er også stor mangel på bustader i Amsterdam, seier Geert ten Dam, som er president ved Universitetet i Amsterdam.

Ifølgje henne er nær ein av tre studentar ved universitet hennar no frå utlandet. Talet har tredobla seg i løpet av dei siste fem åra.

Presset både på kapasiteten ved universiteta og bustadmarknaden har auka i fleire universitetsbyar.

I 2017 oppstod ein debatt om å setje ei grense for talet på internasjonale studentar. Bakgrunnen var påstandar om at bruk av engelsk i høgare utdanning hadde gått for langt, og at det var for få bustader tilgjengeleg for å dekke etterspurnaden. Universiteta argumenterte for å innføre kvotar for engelskspråklege kurs. Men dette skulle vise seg å vere i strid med EU-regelverket, ifølgje den nederlandske avisa Financieele Dagblad. Sidan den tid er lite endra, og tilstrøyminga av studentar har auka på.

— Går utover nederlandske studentar

Utdanningshistorikaren Pieter Slaman ved Leiden universitet meiner nederlandske universitets grep for å redusere pågangen av internasjonale studentar i beste fall er halvhjarta.

— Det er liten forskjell på å rekruttere og å informere, sa han til Financieele Dagblad i august.

Han meinte nederlandske skattepengar i stadig mindre grad kjem nederlandske studentar til gode.

— Dess lenger vi venter, dess meir kritisk vil situasjonen bli, og det vil gå utover nederlandske studentar, sa Slaman til avisa.

Leiar for Erasmus-studentane, som representerer dei internasjonale, Annelot Bulten, seier i Times Higher Education at hovudsaka er mangel på bustader. VSNUs ønske om å redusere talet på internasjonale studentar er kortsiktig, meiner ho.

— Vi bør ikkje redusere talet på internasjonale studentar. Eg meiner vi heller burde fokusere meir på korleis vi kan administrere internasjonaliseringa betre, seier ho.

Powered by Labrador CMS