open publisering

UiT inne på topp 10 i verda: — Me er på god veg

UiT Noregs arktiske universitet kjem på 6. plass i verda i ei ny rangering som handlar om open publisering.

UiT-rektor Dag Rune Olsen er ikkje overraskande godt nøgd med UiT si plassering på rangeringa av prosentvis open publisering.

Det er i rangeringa CWTS Leiden Ranking Open Edition 2024 at UiT Noregs arktiske universitet ligg heilt i verdstoppen.

Nærare bestemt er det nordlegaste universitetet i landet på 6. plass på lista, som blir toppa av Universitetet i Groningen — det tredje største universitetet i Nederland.

Rektor ved UiT Noregs arktiske universitet, Dag Rune Olsen, seier i ein kommentar til Khrono at det står svart på kvitt i UiT sin strategiplan at det skal vere ein ambisjon å praktisere open vitskap.

— Resultatet i denne rangeringa viser at me er på god veg, seier Olsen.

Han legg til at det også er ein ambisjon for UiT å vere i front av utviklinga og samstundes utvikle feltet som omhandlar open publisering og vitskap saman med internasjonale partnarar.

— Eit prioritert område

Bibliotekdirektør ved UiT, Johanne Raade, uttaler i ei pressemelding at UiT har arbeidd med open vitskap i fleire år.

— At vi no har komme så høgt på denne lista, er fruktene av langsiktig arbeid, seier Raade, som får støtte av prorektor for forsking og utvikling ved UiT, Jan-Gunnar Winther.

— Å gjere vår kunnskapsproduksjon tilgjengeleg, har vore eit prioritert område for UiT. At vi no er verdsleiande på open publisering, er ikkje anna enn imponerande, seier han.

Best i Norden

Rangeringa blei publisert 9. oktober, og rangerer over 1500 universitet verda over etter kor stor grad av open publisering dei har mellom 2019 og 2022.

Med 91,4 prosent opne publikasjonar, er det berre fem universitet i verda som har større del av publikasjonane sine fritt tilgjengeleg for ålmenta enn det UiT har.

Sjetteplassen gjer dessutan UiT til universitetet som er fremst i heile Norden på open publisering.

Johanne Raade trekk fram samarbeid som ein av nøklane til at UiT lukkast med open publisering.

— Fjør i hatten

Både forskarar og leiing har sett viktigheita av open og delt forsking. Universitetsbiblioteket har mange dyktige og innovative tilsette som har arbeidd med dette over år, seier bibliotekdirektøren.

Open publisering, eller Open Access som det heiter på engelsk, inneber at ålmenta får gratis, digital tilgang til vitskapelege publikasjonar, til dømes ved at forskarar publiserer forskinga si i opne tidsskrift.

— Dette er verkeleg ei fjør i hatten, seier Johanne Raade, om 6.-plassen på den ferske rangeringa.

Blant dei norske institusjonane er det Universitetet i Oslo som ligg nest best an med sine 87,4 prosent. På 3. plass finn me Universitetet i Bergen med 85,2 prosent.

Powered by Labrador CMS