Redaktør Tove Lie og Khronohar vore offentleg talerøyr for falske forteljingar, skriv professor Nils Rune Langeland. Foto: Ketil Blom Haugstulen

Langeland: «Nyskapande» og falske forteljingar i Khrono

Pris. Professor Nils Rune Langeland reagerar på at Khrono-redaktør har fått pris for «Årets nyskaper», av Oslo Redaktørforening.

Publisert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Tove Lie i Khrono har med rette og fullt fortent fått Redaktørforeiningas pris som «årets nyskapar». For nyskapande er det at dette nyhendeorganet for universitets- og høgskulesektoren publiserer skjermdumpar frå nettet som skulle det vere ein 16-åring på eit mørkt guterom berre opplyst av det fosforiserte skjermlyset, og vidare spreie usanne rykte frå løynde kjelder. Alt for å skade ein person mest mogleg i noko som liknar ein kampanje.

I prisutdelingstalen framhevar direktøren i Fritt Ord, Knut Olav Åmås, Tove Lies evne til «etterrettelighet og etisk tenkning», som på aller mest høgverdige vis kom til uttrykk ved at ho i fjor sumar identifiserte ein professor som visst nok hadde sendt grove meldingar til kvinner. I eigenskap av å fått tildelt rolla som den «identifiserte professoren», vil eg gi min skjerv til Tove Lies nyskapande journalistiske arbeid.

...nyskapande er det at dette nyhende-organet for universitets- og høgskule-sektoren publiserer skjerm-dumpar frå nettet som skulle det vere ein 16-åring på eit mørkt guterom...

Nils Rune Langeland

Historia er som følgjer: 2. juli 2017 publiserer den unge forfattaren Eline Lund Færen nokre skjermdumpar på Twitter. Private meldingar som ho i all hovudsak hadde samla inn frå forfattarkollega på Oktober forlag, Maria Kjos Fonn. Saman med skjermdumpane annonserer ho: «Han må vekk!»

Berre to dagar etter følgjer Tove Lie opp med å identifisere meg med stort bilete og fullt namn i Khrono. Det er agurktid, og det blir ein mediefest på min kostnad utan sidestykke. Det må leggjast til at ingen av desse to damene har det ringaste med Universitetet i Stavanger (UiS) å gjere. Ingen av dei har eg heller nokosinne møtt. Og Lund Fjæren hadde eg aldri høyrt om før dette. Eg går ut frå at denne nyskapande journalistiske metoden fører til ei kvilelaus jakt frå Tove Lie på private meldingar eller aller helst «private bilete» frå universitetstilsette.

Og så kjem vi da til sjølve diamanten i krona: Tove Lies «etterrettelighet», som til liks med hennar etiske tenkjing sanneleg er nyskapande. For ein prislønt journalist må dette vere sjølve adelsmerket. Då det blei kjent at Universitetet i Stavanger ville gi meg avskil, trør Khrono til med eigen undersøkjande journalistikk: «Khrono har snakket med ansatte ved universitetet som forteller om at kvinnelige kolleger også skal ha blitt seksuelt trakassert av Langeland både skriftlig, muntlig og fysisk»!

På spørsmål frå Khrono vil rektor Boyesen ved UiS verken avkrefte eller stadfeste dette. Dette er verkeleg gravejournalistikk av ypparste klasse. Men det er berre éin hake ved desse sensasjonelle avsløringane: Ingenting av det er sant.

Rektor Boyesens kyniske spel med mitt omdøme måtte like fullt til slutt gi tapt overfor sanninga. Motvillig måtte UiS i januar vedgå at det ikkje var nokon varsel om trakassering mot meg. I mars i intervju med Stavanger Aftenblad vedgjekk Boyesen at det ikkje var nokon andre metoo-saker ved UiS enn den som omhandla ein viss musikkprofessor som hadde sagt opp etter å ha fått varsel mot seg frå 13 tidlegare studentar.

I månadsvis heilt frå ettersommaren 2017 har Universitetet i Stavanger ved rektor Boyesen funne det opportunt å halde i live ei løgn om at eg har trakassert studentar og kollegaer ved UiS, og heile vegen med Tove Lie og Khrono som offentleg talerøyr for denne falske forteljinga.

Så mykje for Tove Lie og Khronos «etterrettelighet og etiske tenkning»!

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS