norge i verden

UiO nær toppen mellom dei mest internasjonale i Norden

Universitetet i Oslo hamnar rett utanfor pallen når dei mest internasjonale universiteta i Norden vert rangerte. — Hyggeleg og viktig, seier rektor.

Rektor Svein Stølen ved Universitetet i Oslo kan sole seg over at UiO er på fjerdeplass over dei mest internasjonale universiteta i Norden.
Publisert Sist oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Når verdas mest internasjonale universitet vert rangerte finst Universitetet i Oslo på 41. plass. Det er opp to plassar frå fjoråret på Times Higher Education si liste, skriv Uniforum.

– Så hyggeleg! UiO er heilt klart eit nasjonalt universitet, men også eit tydeleg internasjonalt orientert universitet. Det er viktig at me både er viktige for Noreg og Oslo, og at me bidrar godt til den globale kunnskapsallmenningen, seier rektor Svein Stølen.

Times Higher Education publiserer kvart år ei rangering over verdas beste universitet. Sist gong den rangeringa blei publisert, hamna UiO som nummer 127, går det fram av Uniforum sin artikkel.

Asia og Europa-dominans

Lista over verdas ti mest internasjonale universitet er i stor grad dominert av Hongkong og Singapore i Asia og Sveits og Storbritannia i Europa.

University of Hong Kong og ETH University i Zürich i Sveits er dei som tronar øvst på lista. På tredjeplass kjem endå eit Hongkong-universitet, Chinese University of Hong Kong. På fjerdeplass kjem Oxford University, tett fylgd av Imperial College London.

Rangeringa tek omsyn til fire indikatorar: Antal internasjonale studentar, internasjonale tilsette, medforfattarskap og den plassering på den internasjonale rangeringa.

Powered by Labrador CMS