IT-direktør Tore Burheim og universitetsdirektør Kjell Bernstrøm (til høgre) ved Universitetet i BErgen er to av ti administrativt tilsette med millionløn ved Universitetet i Bergen. Rektoratet, her representert ved prorektor Margareth Hagen (nummer to frå venstre) tener òg godt. Foto: Njord V. Svendsen

Direktørlønningar over snittet

Direktørløn. 738.598 kroner. Det er snittløna for ein norsk leiar, ifølge Ledelsesbarometeret 2018. Direktørane ved fem av landets universitet ligg godt over snittet.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Det er tid for lokalt lønsoppgjer ved landets høgskular og universitet. Direktør- og leiarsjiktet er også ein del av det heile.

738.598 kroner. Det er snittløna for ein norsk leiar, viser Ledelsesbarometeret 2018. Arbeidsforskningsinstituttet ved OsloMet står bak undersøkinga, som er finansiert av organisasjonen Lederne, skriv På Høyden.

– Det er i hovudsak privat sektor som er spurt. I denne undersøkinga er det med alt frå prosjektleiarar til administrerande direktørar, men få toppleiarar har svara. 64 prosent av dei som er spurt har personalansvar.

Det er akseptabelt at ein leiar tener det dobbelte av ein vanleg arbeidstakar, meiner arbeidslivsforskar, Eivind Falkum. Foto: Ketil Blom Haugstulen

Det seier Eivind Falkum. Han er forskar I ved Arbeidsforskings-instituttet og ansvarleg for undersøkinga.

– Kva bør ein leiar tena?

– Me har spurt om kva som er akseptabelt. Svaret er kanskje opp mot det dobbelte av ein vanleg arbeidstakar. Ein vanleg arbeidstakar kan definerast som industriarbeidar, som har ei løn på om lag ein halv million kroner. Ein leiar tek på seg eit ansvar og forventar å få noko att for det, seier Falkum.

Tjue industriarbeiderløner?

Eg meiner ikkje at Staten skal løna sine tilsette dårlegare enn andre.

Eivind Falkum

På Høyden har skrive om lønsauken ved UiB dei siste åra, som er størst for dei som har best løn frå før, og om kommunikasjonsdirektøren med millionløn som får dekka husleige. Ei oversikt På Høyden har fått viser at det no er ti administrativt tilsette på Universitetet i Bergen som har ei løn på meir enn ein million kroner. Ti andre har ei løn på mellom 950 000 og 1 000 000. I tillegg tener dekanane over ein million kroner, nokre instituttleiarar og nokre professorar, særleg ved Det juridiske fakultetet, gjer det same.

Fakta

Direktørlønninger

Universitetet i Oslo:

Gunn Elin Aa. Bjørneboe, (bildet) universitetsdirektør, 1.453.000

Tove Kristin Karlsen, assisterende universitetsdirektør, 1 078 400

Jan Børge Tjäder, avdelingsdirektør i avdeling for administrativ støtte, 1 011 400

Irene Sandlie, personaldirektør, 1 011 400

John Skogen, eiendomsdirektør, 1 100 800

Anita Sandberg, direktør for HMS og beredskap, 1 011 400 kroner

Hanna Ekeli, avdelingsdirektør i avdeling for fagstøtte, 989 000

Jørgen Bock, avdelingsdirektør i enhet for intern revisjon, 989 000

OsloMet:

Asbjørn Seim, direktør for digitalisering og infrastruktur: 1.204.200

Tore Hansen, direktør for organisasjon og virksomhetsstyring: 1.159.900

Marianne Brattland, studiedirektør:

1 .069 .500

Kristin Sverdrup, direktør for avdeling for forskning og utvikling: 950 400

Lars Egeland, direktør for avdeling for læringssenter og bibliotek: 802 600

NTNU:

Frank Arntsen, økonomi og eigedomsdirektør: 1,2

Ida Munkeby, organisasjonsdirektør: 1,2

UiT Norges arktisk universitet:

Jørgen Fossland, universitetsdirektør: 1,2 mill

Gøril Heitmann, ass. uni.dir: 978 600

Odd Arne Paulsen, personal og organisasjonsdirektør: 950 000

Heidi Adolfsen, studiedirektør: 802 200

Universitetet i Bergen:

Kjell Bernstrøm, universitetsdirektør: 1 300 850

Even Berge, eigedomsdirektør: 1 100 400

Tore Tungodden, assisterande universitetsdirektør: 1 100 400

Rune Indrøy, underdirektør: 1 078 000

Per Arne Foshaug, økonomidirektør: 1 077 636

Sonja Irene Dyrkorn, HR-direktør: 1 055 900

Helge Rekve, underdirektør: 1 033 300

Tore Burheim, IT-direktør: 1 032 920

Maria-Carme Torras Calvo, bibliotekdirektør: 1 011 000

Kari Fuglseth, avdelingsdirektør: 966 500

Christen Soleim, direktør for studieadministrativ avdeling: 966 500

– Falkum, du som forskar på arbeidsliv, kva meiner du ein leiar bør tena?

– Det meiner eg i utgangspunktet ikkje noko om. Men me ser jo at ei vanleg leiarløn er 700 – 800 000 kroner, avhengig av stilling og bransje. Nokre toppleiarar tener eit titals millionar kroner, er dei verd det? Er det rimeleg at nokon tener tjue industriarbeidarløner i året?

– Ein skal ikkje halda mot nokon at dei ønskjer god løn, og det finst mange type leiarar ved UiB. Men eg synest nok at for ein del av leiarstillingane kunne millionlønene sitja litt lenger inne, seier Jørgen Melve. Han er hovudtillitsvalt for NTL ved UiB.

Rune Indrøy er for tida i USA. Når han er i full jobb ved UiB har han ei løn på over ein million kroner i året. Tittelen hans er underdirektør. Foto: Tor Farstad

Mange tener ein million

På Høyden har bede om innsyn i løna til leiarar i offentleg sektor. Oversikta viser at leiarane ved UiB tener forholdsvis godt.

– Snittløna ved UiB er lågare enn ved HVL og UiO, og NTNU betaler òg betre enn oss, seier universitetsdirektør Kjell Bernstrøm.

Er det rimeleg at nokon tener tjue industriarbeidarløner i året?

Tala På Høyden har henta inn frå dei ulike institusjonane viser at NTNU løner stillinga som personal- og økonomidirektør med 1,2 millionar kroner. Universitetet har tilsett rektor og difor ingen universitetsdirektør. Ida Munkeby har tittelen organisasjonsdirektør, og tener 1,2 millionar kroner. Det er mindre enn både Kjell Bernstrøm (1,3 million) og Gunn Elin Aa. Bjørneboe (1,45 million), universitetsdirektør ved UiO, tener. I Tromsø tener universitetsdirektør Jørgen Fossland 1,2 millionar kroner, medan Tore Hansen, som er direktør for avdeling for organisasjon og virksomhetsstyring ved Oslomet, tener 1,16 millionar kroner i året. Oslomet har òg tilsett rektor.

Her kan du lesa Uniforum si sak om kva UiO-toppane tener.

Høgskulen på Vestlandet sine administrative leiarar tener dårlegare enn ved UiB. Det same gjeld NHH.

Bernstrøm: Marknaden bestemmer

På Høyden skreiv førre veke at kommunikasjonsdirektør Tor Asmund Godal tener 1 099 900 kroner. Det gjer at han er blant dei best betalte kommunikasjonsdirektørane i sektoren, og tener meir enn til dømes kommunikasjonsdirektøren i Kunnskapsdepartementet. Tala På Høyden har henta inn viser at Hege Njaa Aschim, kommunikasjonsdirektør i Statsbygg, tener 1,17 million kroner, medan Erik Vigander i Helse Bergen tener 1,1 million. Sverre Molandssveen ved Oslomet tener òg like over ein million.

– Skal UiB vera lønsleiiande, Bernstrøm?

– Me skal ikkje vera lønsleiande, men me skal ha eit lønsnivå som gjer oss i stand til å rekruttera dei me ønskjer, seier universitetsdirektøren.

– Kor mykje kan ein betala?

– Marknaden bestemmer løna, og det statlege lønssystemet gir oss ein større fleksibilitet enn tidlegare. Det gir sjølvsagt ein del utfordringar, men me er villig til å bruka denne fleksibiliteten for å sikra konkurransekrafta vår, seier Bernstrøm.

Han seier at i teorien kan ein tenkja seg å tilsetja nokon som tener betre enn rektor (som tener 1,5 million, journ.anm).

– Dersom nokon har ein spesialkompetanse vert det diskusjon om løn, og då vil me bruka den fleksibiliteten systemet gir oss.

– Men dette er Staten, og løna er skattebetalarane sine pengar. Bør ein ikkje tenkja på det, òg når ein vert tilsett?

– Mange går ned i løn når dei vert tilsett hos oss. Men løn er ei forhandlingssak, seier Bernstrøm, og legg til at det kan verta dyrt for skattebetalarane om ein tilset folk som ikkje har den kompetansen som trengs.

Betre i privat sektor

Randi Heimvik i Parat seier det ho har sagt før: Leiarane bør visa moderasjon.

– Betalar UiB dårleg?

– Nokre kunne nok tent betre andre stader, ja, til dømes tannhelsesekretærar. Mange av dei jobbar elles i privat sektor. Problemet hos oss er at mange er tilsett i ein stillingskode som er plassert lågt på lønsstigen. Me jobbar til dømes for å få forskingsteknikarar over i avdelingsingeniørkoden fordi inngangsløna er så låg i forskingsteknikarkoden, seier Heimvik.

– Eg synest ikkje UiB-leiarane skal vera lønsleiiande, ein er ikkje lønsleiande for andre grupper av tilsette, seier Jørgen Melve i NTL.

– Eg synest heller ikkje det skal vera lettare for leiarar å gå opp i løn enn det er for andre.

Falkum i Arbeidsforskingsinstituttet seier at det er skilnader i leiarløn mellom både sektorar og mellom kjønn.

– Eg meiner ikkje at Staten skal løna sine tilsette dårlegare enn andre. Staten skal løna anstendig. Men samstundes bør ein òg tenkja over kvar pengane kjem frå, seier han.

Les også: NTNU-rektor Bovim på lønnstoppen blant rektorene

(For ordens skuld: Sidan På Høyden skriv om kva andre tener, her er vår løn: Redaktør Dag Hellesund har lønstrinn 76, for tida 713 400. Journalist Njord Svendsen har lønstrinn 60, 524 200 og journalist Hilde Kristin Strand har lønstrinn 59, 515 200. Både Svendsen og Strand er medlemmer i Forskerforbundet).

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS