adventskalender

Trur trongare økonomi vert normalen

Mindre pengar og voldsomt høge straumutgifter gjev økonomidirektøren ved Universitetet i Bergen utfordringar.

Det er snø og julestemining når økonimidirektør Per Arne Foshaug passerer Universitetsmuseet i Bergen tidleg i desember.
Publisert Oppdatert
Fakta

Adventskalender 2022

  • I dagane fram mot jul vil du møta kjende og ukjende personar i og rundt universiteta, høgskulane og institutta våre.
  • Dei skal få oppsummera året som har gått, og dei skal få koma med ynske for 2023.
  • I dag møter du Per Arne Foshaug. Han er økonomidirektør ved Universitetet i Bergen.

Bak luke nummer 10 i Khronos adventskalender finn me Per Arne Foshaug. Han er økonomidirektør ved Universitetet i Bergen.

— Per Arne Foshaug, korleis vil du oppsummera 2022 med universitets- og høgskulebrillene på?

— Med dei store brillene er det et år der eg meiner akademia har fylt rolla si i ei turbulent verd: I enden av ein pandemi og der me er minna om at fred ikkje er det normale, er det lagt til rette for kunnskapsutveksling og dialog. Sett med meir snevre økonomibriller er dette eit år der Universitets- og høgskulesektoren har byrja å kjenna på verkeleg trongare tider, som eg diverre trur vert normalen. Men me er godt skodde med ein verdifull kompetansebase hos dyktige medarbeidarar.

— Kva er det kjekkaste du har vore med på i universitet- og høgskuleverda i år, og kvifor?

— Ingen enkeltståande anledning, men det å igjen møta kollegaer i gangane og studentar i gatene på Nygårdshøyden gjev energi. Det er også godt å kjenna på at samarbeidet i BOTT-universiteta (BOTT: Bergen, Oslo, Trondheim og Tromsø red.anm.) som eg lever i til dagen, står sin prøve.

— Kva har vore den største utfordringa, slik du ser det?

— Eg kan ikkje koma vekk ifrå at overgangen til nye løysingar på løns- og økonomiområdet også i 2022 har vore krevjande. Det er ikkje kjekt å vita at tilsette slik med å gjennomføra arbeidsoppgåvene sine. Samstundes er det gjort framsteg Universitetet i Tromsø hadde ein mykje betre inngang til DFØ-verda og alt ser lovande ut når NTNU tek i bruk løysingane frå årsskiftet. I tillegg har det vore utfordrande å ta innover seg eit dårleg statsbudsjett i eit år der me risikerer å få energikostnader som er meir enn 120 millionar kronar høgare enn normalt.

— Kva er ditt juleynske for universiteta og høgskulane?

— Romslegare økonomi er vel det naturlege svaret, men eg ynskjer også at endringar frå politisk hald skjer i opne, reielege og føreseielege prosessar.

— Kva skal du gjera i jula?

— Det vert tradisjonell jul med nær familie med både vestlands- og austlandsmat. Så skal eg vera med på å arrangera Bergen håndballklubbs 53. julecup! Det inneber å ta imot meir enn 2.500 barn og unge fulle av energi og speleglede, dessutan dobbelt så mange engasjert foreldre og besteforeldre som finn julestemning i Haukelandshallen i Bergen.

Powered by Labrador CMS