Langeland søker nye jobbar: «Håper eg ikkje har yrkesforbod»

Publisert - Sist oppdatert
Professor Nils Rune Langeland har søkt nye jobbar, både på Høgskulen i Volda og på NTNU. Foto: Stella Pictures

Professor Nils Rune Langeland har søkt nye jobbar, både på Høgskulen i Volda og på NTNU. Foto: Stella Pictures

Søkar. Den avskjediga historieprofessoren, Nils Rune Langeland i Stavanger, har søkt jobb både på Høgskulen i Volda og NTNU. — Eg har søkt, og håper ikkje UiS har påført meg yrkesforbod, seier han.

I november 2017 blei historieprofessor Nils Rune Langeland, avskjediga frå stillinga si som professor ved Universitetet i Stavanger. Langeland har gjennom sin advokat Kjell M. Brygfjeld, anka avgjerda til Kunnskapsdepartementet. Ifølge departementet er ankesaka under handsaming og vil vere ferdig «om nokre veker».

Langeland står framleis i stillinga si ved Universitetet i Stavanger (UiS) fram til avskjedssaka er juridisk avklart. Advokaten hans har tidlegare uttalt til Khrono at dei ser for seg at saka går vidare til rettssystemet dersom Kunnskapsdepartementet ikkje gjer om på universitetet si avgjerd om avskjed.

Då kan ein jo lure på kva som står att av avskjeds-saka? Nokon greier på Facebook?
Nils Rune Langeland
Professor, UiS

Gammal og ny historie

I august i fjor blei det klart at professoren berre skulle forske, og ikkje undervise studentar i dette studieåret. Ei avgjerd Langeland var usamd i.

Dei to stillingane han no har søkt hadde begge søknadsfrist i januar i år. I Volda handlar det om ei stilling som er lyst ut som førsteamanuensis i moderne historie, mens det ved Institutt for historiske studier ved NTNU var lyst ut ei stilling som førsteamanuensis i «det lange 1800-tallets historie.»

I Volda får Langeland konkurranse med ni andre søkarar, og ved NTNU er det til saman 22 søkarar.

Ved NTNU har søkarlista eit sterkt internasjonalt preg, men også nokre interne søkarar. Morten Nordhagen Ottosen, førsteamanuensis ved Forsvarets høgskole avd. Krigsskolen søkt. Det samme har Mats Fridlund ved Aalto-universitetet i Helsingfors, Thomas Marsden frå Oxforduniversitetet. Berre fire av søkarane er kvinner, ei av dei Monica Miscali som i dag jobbar på NTNU, men tidlegare har undervist mellom anna på historie i Stavanger.

Ved Høgskulen i Volda er søkarlista under halvparten så lang, med 10 søkarar. Henriette Hafsaas Tsakos som i dag jobbar på Høgskulen i Volda er ein av dei, Nikolai Brandal ved Bjørkenes har også søkt.

David Revaldsen og Nils Rune Langeland er dei einaste som har søkt på begge stillingane

Håper ikkje eg er påført yrkesforbod

Langeland svarar Khrono på tekstmelding:

— Ja, eg har søkt og håper at ikkje UiS har påført meg yrkesforbod med denne brutale og urettvise handsaminga av meg, skriv han.

Professoren fekk stor merksemd i juli i fjor etter at det blei kjent både via Khrono og ei rekke andre aviser at han hadde sendt grove og upassande meldingar til ulike kvinner, mellom anna med førespurnad om å få kjøpe trusen deira og om dei likte rimming.

I oktober i fjor skreiv advokaten hans, Kjell M. Brygfjeld, eit innlegg i Khrono om at det ikkje er nokon Langeland-sak ved Universitetet i Stavanger. I november blei det kjent, via Khrono, at Universitetet i Stavanger førbudde ei avskjedssak mot han, der sommarens meldingar i sosiale medium berre var ein del av saka,

Khrono har også snakka med tilsette ved universitetet som fortalde om at kvinnelege kollegaer også skal ha blitt seksuelt trakasserte av Langeland.

Nokon greier på Facebook?

Professor Langeland opplyser også til Khrono at han har fått eit brev frå UiS januar i år:

— UiS måtte til slutt vedgå i formelt brev datert 23.januar at det ikkje finst nokon klage på meg for trakassering. Så der fall den skansen. Så då kan ein jo lure på kva som står att av avskjedssaka? Nokon greier på Facebook? skriv han.

Khrono har fått innsyn i det omtalte brevet, som er eit svar på eit brev frå Langeland sin advokat i samband med ein avisartikkel om varsler om seksuell trakassering ved UiS.

Leiinga ved Universitetet i Stavanger skriv i sitt svar at dei ikkje er kjende med at det er motteke skriftlege klager eller formelle varsel utover dei som Langeland sjølv er blitt konfrontert med i samband med avskjedssaka. I den saka har UiS vist til at professoren ved fleire høve skal ha opptredd på ein krenkande og trakasserande måte overfor kollegaer og andre.

Fakta

Her er søkarlistene

Desse har søkt på stilling som førstamanuensis i moderne historie ved Høgskulen i Volda:

  • Fatemeh Hhanbar Beheshti
  • Silke Reeploeg
  • David Redvaldsen
  • Åsmund Svendsen
  • Karl Christian Alvestad
  • Julia Erol
  • Nikolai Brandal
  • Chalak Kaveh
  • Nils Rune Langeland
  • Henriette Hafsaas Tsakos

Desse har søkt på stilling som førsteamanuensis i det lange 1800-tallets historie ved NTNU.

  • David Redvaldsen
  • Jasper Heinzen
  • Francesco Boldizzoni
  • Monica Miscali
  • Felicity Jensz
  • Nils Rune Langeland
  • Morten Nordhagen Ottosen
  • Fabian Klose
  • Lars Fredrik Øksendal
  • Per-Olof Grönberg
  • Marit Bergner
  • Yngve Skjæveland
  • Elisabeth Piller
  • Hans-Petter Grav
  • Thomas Marsden
  • Steven Taylor
  • Marten Boon
  • Markian Prokopovych
  • Anne Engelst Nørgaard
  • Peter Techet
  • Mats Fridlund
  • Sakul Kundra

EU-midler. Norske forskere deltar i forskningsprosjekter som siden 2013 har fått 39 milliarder kroner i EU-midler. Nå vil Forskningsrådet forklare hvordan dette gjør Norge til et bedre samfunn.