Min doktorgrad

Tilleggsoppgåve som stipendiat: Gjera seg sjølv umisseleg
Mindre pengar i akademia gjer det endå verre for unge forskarar å få ein fot innanfor, meiner Patrick Foss Johansen. Difor var han nøye på å ta på seg ekstra verv og oppgåver undervegs i stipendiatperioden.
— Kva er det du har forska på?
— Doktorgradsarbeidet mitt byggjer på ein studie frå 2018, der me følgde ei gruppe elevar gjennom ungdomsskulen og inn i vidaregåande skule. Tema er ungdom og korleis fritidsaktivitetane deira har endra seg frå ungdomsskule til vidaregåande skule. Har dei skifta aktivitetar? Har dei slutta med organiserte fritidsaktivitetar?
— Kvifor vart det doktorgrad om akkurat dette emnet?
— Eg var ein del av det første prosjektet, og har så lenge eg har jobba i akademia vore interessert i ungdom. Eg skreiv masteroppgåve om foreldre si rolle i å forma barna deira sine val når det kjem til val av idrett.
— Hadde du data til avhandlinga, eller måtte du samla inn nye?
— Begge deler. Eg brukte kvantitative data frå 2016-2018, men i tillegg gjennomførte eg djupneintervju med 41 av ungdommane som var med i den første undersøkinga. No var dei i slutten av det andre året på vidaregåande skule. Det betyr at me hadde data frå dei frå dei var 12—13 år og fram til dei var om lag 18.
— Kva finn du?
— Eg har sett på fritidsaktivitetar totalt sett. Men sidan det er idrett flest ungdom driv med, er det det eg har fokusert mest på. Frå før veit me at ungdom droppar gradvis ut av organisert idrett frå slutten av ungdomsskulen. Men det eg finn, er at ungdom er stabilt aktive, og sjølv om dei sluttar med organiserte aktivitetar, som fotball, sluttar dei ikkje med å vera i aktivitet. Men aktiviteten endrar seg, mange byrjar med styrketrening, særleg på treningssenter, andre går over til sykling eller jogging.
— Kvifor er det slik?
— Når ein byrjar på vidaregåande skule, vert skulearbeidet ofte meir krevjande. Samstundes heng alt saman med alt: Ein får nye vener og impulsar, og det vert òg større krav frå den organiserte idretten. Alt vert litt meir seriøst. Men me skal ikkje vera uroa for ungdommen, for det å vera ein del av organisert idrett er framleis populært. Det er derimot grunn til uro når det kjem til auka sosiale ulikskapar i deltakinga.
Heilt frå starten av ein stipendiatperiode må ein tenkja på kva som skal skje vidare.
Patrick Foss Johansen
— Andre gruppeaktivitetar, som speidar, korsong eller korps, er kanskje ikkje like lett å gjera om på. Kva skjer med desse ungdommane når dei når denne alderen?
— Nokre aktivitetar, som speidar og kyrkjelege aktivitetar, har høgare lojalitet enn ein del andre. Når det gjeld ting som til dømes å ha spelt piano gjennom kulturskulen, er dette noko ungdommane på eit tidspunkt sluttar med, men som dei seier at dei er glade for å ha vore med på. Og det er ikkje slik at ungdom som er med på organisert idrett er meir nøgde med livet enn dei som har vore med på andre aktivitetar, men det ein ser, er at dei som då dei var barn var involvert i fleire aktivitetar, held fram med å vera aktive inn i ungdommen.
— Kva synest du var mest krevjande med å ta doktorgrad?
Min doktorgrad
Meir enn 1500 doktoravhandlingar vert levert i Noreg kvart år. I ein serie presenterer Khrono nokre av kandidatane som nyleg har disputert. Og me tek imot tips om fleire på redaksjonen@khrono.no
— Eg synest eigentleg bere det var kjempestas, ei fantastisk tid. Men eg skal innrømma at det var greitt å koma i mål. Eg hadde eit veldig godt fungerande rettleiingsteam. Samstundes hadde eg ikkje fast jobb då eg byrja på doktorgraden, så det var som krevjande var arbeidet med å gjera seg sjølv umisseleg. Ein prøver byggja ein CV, så ein tek på seg både verv og oppdrag. Det er ingen som tvingar ein til dette, men det er likevel naudsynt. Heilt frå starten av ein stipendiatperiode må ein tenkja på kva som skal skje vidare.
— Angra du nokon gong undervegs?
— Nei, aldri. Eg har minna meg sjølv på at eg aldri kjem til å få så mykje forskingstid igjen!
— Og no då, etter disputas. Har du fått fast stilling?
— Nei, eg har jo ikkje det. Men det byrjar å sjå greitt ut. Eg har søkt fleire stillingar, både innanfor og utanfor akademia. Men det at det no er mindre pengar i akademia, har gjort at det òg er større press på dei relevante stillingane utanfor akademia. Så pengekuttet har ikkje akkurat gjort presset mindre for unge forskarar.