Utdanningspolitisk talsperson i Høgre, Marianne Synnes Emblemsvåg, meiner Deloitte har gløymt bedriftene i sine forslag til forenkling av det næringsretta verkemiddelapparatet. Foto: Ketil Blom Haugstulen

Synnes Emblemsvåg (H) vil slå saman Forskingsrådet og Innovasjon Norge

Innovasjon. Ein rapport som skulle rydde opp i verkemiddelapparatet bidreg ikkje til reell opprydding, meiner Forskingsrådet og Innovasjon Norge. No foreslår Høgre-politikar å fusjonere dei to.

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Torbjørn Røe Isaksen (H) si opprydding i verkemiddelapparatet går ikkje langt nok, meiner fleire. No foreslår Isaksen sin partikollega, Marianne Synnes Emblemsvåg, å fusjonere Innovasjon Norge og Forskingsrådet.

I byrjinga av november kom konsulentselskapet Deloitte med ein rapport verd 20 millionar kroner som hadde eitt mål for auge — å gå gjennom og rydde opp i det såkalla næringsretta verkemiddelapparatet her til lands.

Dette for å gjere det lettare for bedriftene å manøvrere i det næringsminister Torbjørn Røe Isaksen kallar ein jungel med heile 20 aktørar og over to hundre støtteordningar.

Ein sterk forskings- og innovasjonsverkemiddelaktør er det einaste rette.

Marianne Synnes Emblemsvåg

Desse aktørane delar ut om lag 10 milliardar norske skattekroner kvart år, til bedrifter som ynskjer å forske, innovere og eksportere.

Fleire set no spørsmålsteikn ved kor vellykka denne ryddesjauen så langt har vore.

Bedriftene er gløymt

Utdanningspolitisk talsperson for Høgre og tidlegare viserektor ved NTNU i Ålesund, Marianne Synnes Emblemsvåg, meiner Deloitte har gløymt bedriftene i sin gjennomgang.

— Næringslivet vil ha «Ei-dør-inn» til verkemidla. I stadenfor å bruke fleire dagsverk på å orientere seg blant ulike verkemiddel og verkemiddelaktørar, burde ein kunne gå éin stad og få hjelp til rett verkemiddel, seier Synnes Emblemsvåg til Khrono.

Ho meiner at forslaga til opprydding som kjem fram i rapporten ikkje vil gjere det enklare for bedriftene.

Difor lanserer ho ein ny idé — ein samla forskings- og innovasjonsaktør:

— Med éin forskings- og innovasjonsaktør vil ein lettare unngå overlapp mellom aktørane og det kan skape auka tydelegheit og konsistens i, og mellom, programma og ordningane, seier Synnes Emblemsvåg. Ho legg til:

— Ein sterk forskings- og innovasjonsverkemiddelaktør beståande av Forskingsrådet og Innovasjon Norge, underlagt dei to viktigaste departementa i så måte, Nærings- og fiskeridepartementet og Kunnskapsdepartementet, er det einaste rette.

— Uklart kva som er skilnaden på aktørane

Dommen på rapporten er også klar frå dei to største aktørane i apparatet, Forskingsrådet og Innovasjon Norge. Den lyder som følgjer: Rapporten går ikkje langt nok for å få til ei reell opprydding i støtteordningane.

Håkon Haugli er administrerende direktør i Innovasjon Norge. Foto: Esben Johansen

FAKTA

Hovudpunkt i Deloitte-rapporten

Rapporten foreslår å etablere fire distinkte grupperingar av verkemiddel innan:

  1. Eksportfinansiering — konsolidering av GIEK og Eksportkreditt
  2. Forretningsdriven innovasjon og vekst — byggast opp rundt Innovasjon Norge som ein heilt sentral aktør.
  3. Forskingsdriven innovasjon — byggast opp rundt Norges forskingsråd, som vil ha ansvar for dei nasjonale forskingsdrivne innovasjonsprogramma. Finansielt vil dette vere den største aktøren i verkemiddelapparatet.
  4. Eigenkapitalinvesteringar — vil omfatte Argentum, Nysnø klimainvesteringar og Investinor.

Nokre konkrete anbefalingar:

  • Styrke mål- og resultatstyring og store satsingar ved å innføre tydelege mandat for porteføljestyring i Innovasjon Norge og Forskingsrådet.
  • Kryssrepresentasjon av styremedlemmar og eigarstyring som bidreg til tydelegere og meir heilheitleg eigarstyring av virkemiddelapparatet.
  • Oppretting av ein felles digital inngang til virkemiddelapparatet.
  • Samling av samhandlingsverkemiddel og oppretting av ein eigen samhandlingsdivisjon i Innovasjon Norge, med SIVA som eigen divisjon i Innovasjon Norge.
  • Samling av virkemiddel retta mot designbasert innovasjon og overføring av DOGA til Innovasjon Norge.
  • Samanslåing av Forskingsrådet og Innovasjon Norge sine oppstartsordningar for marknadsavklaring og kommersiell verifisering. Innovasjon Norge tek over Forskningsrådet sitt FORNY STUD-ENT-tilskot.

Les heile rapporten her.

— Målet er å gjere det enklare for bedriftene å manøvrere i ordningane og å sikre at pengane gir effekt. Då må apparatet vere rigga slik at bedriftene finn rett ordning. Eg stiller spørsmål ved om forslaga i rapporten vil kunne bidra til det. På nokre område er det også uklart for oss kva som er skilnaden mellom aktørane, seier Håkon Haugli, administrerande direktør i Innovasjon Norge.

Haugli sin sjefskollega i Forskingsrådet, John-Arne Røttingen, er samd.

— Det er framleis eit potensiale for å tydliggjere skilnaden mellom aktørane og i kva slags aktivitetar eller stadier dei ulike aktørane kan gi bedriftene støtte. Det er viktig for å få mest mogleg verdiskaping ut av apparatet, seier Røttingen.

«Samanslåing av virkemiddelapparatet ikkje hensiktsmessig»

På spørsmål om ikkje det hadde vore hensiktsmessig å samle alle dei nasjonale forskings- og innovasjonsverkemidla i ein organisasjon, svarar Røttingen at dette vart foreslått av Forskingsrådet tidleg i prosessen, for å gjere det lettare for bedriftene.

Haugli meiner at ei samanslåing mellom Innovasjon Norge og Forskingsrådet er ein dårlig idé.

Finland hadde nyleg ei opprydding i sitt næringsretta verkemiddelapparat og samla det i organisasjonen Business Finland. Målet var å straumlinjeforme innovasjonsprosessane og sørge for at servicekjeda ikkje vart øydelagt når eit selskap gjekk frå forsking og utvikling (FoU) og vidare til eksport.

Rapporten frå Deloitte slår fast at dette ikkje er hensiktsmessig i ein norsk kontekst. I rapporten står det at «total sammenslåing av virkemiddelapparatet vil ikke være hensiktsmessig fordi oppgavene er så mange, og fordi det er behov for institusjoner som ser utfordringene fra ulike vinkler og fokuserer på ulike brukergrupper.»

Skille mellom forsking- og forretningsdriven innovasjon

I staden foreslår den ei arbeidsdeling der Innovasjon Norge skal ha ansvar for verkemidla som rettar seg mot forretningsdriven innovasjon, medan Forskingsrådet skal ta seg av forskingsdriven innovasjon.

Likevel stadfestar rapportforfattarane innleiingsvis at det ikkje er noko tydleg skilje mellom desse to formene for innovasjon.

— Dette er ikkje rettlinja prosessar. Det er vanskeleg å trekke ei linje her. Dersom Forskingsrådet skal ha ansvar for virkemidla som gir støtte i prosessen heilt fram til ein idé skal inn i marknaden, då vil vi drive med mykje av det same, seier Haugli.

Røttingen er samd med Haugli og ser for seg at bedrifter i ulike faser i innovasjonsprosessen både må søke støtte frå Forskingsrådet og Innovasjon Norge.

Røttingen tenker at Innovasjon Norge kan støtte aktivitetar som utvikling av forretningsplanar, konkurransekartlegging og marknadsanalysar, medan Forskingsrådet skal støtte aktivitetar som krev forsking og utvikling.

— Men det er viktig å formidle og beskrive enno tydlegare for bedriftene og institusjonane kva slags type aktivitetar det er Forskingsrådet og Innovasjon Norge kan støtte dei i, seier Røttingen.

I staden for å foreslå ein samla aktør, legg rapporten opp til at Innovasjon Norge skal ha eit såkalla førstelinjeansvar. Dei får med det i oppdrag å utvikle ein felles digital portal kor bedriftene kan vende seg når dei ønskjer å søke støtte.

Både Røttingen og Haugli har trua på at dette vil gjere det enklare for bedriftene.

— Vi ønskjer ein digital portal velkommen og vi ønskjer denne førstelinjeoppgåva. Men vi må i tillegg etablere personlege sparringpartnerar, slik at bedriftene berre må ringe eitt nummer for deretter å bli sendt vidare til den rette verkemiddelaktøren, seier Haugli.

Usemje kring kommunikasjonen med EU

Dei to aktørane er samde om at ein må jobbe for å auke Noreg si deltaking i EU sitt rammeprogram for forsking og utvikling, Horisont Europa, og dermed hente heim ein større prosentdel av pengane.

Dei er likevel usamde om korleis dei ulike aktørane skal kommunisere med EU og kva slags ansvar dei ulike aktørane skal ha.

John-Arne Røttingen er administrerande direktør i Forskingsrådet. Foto: Ketil Blom Haugstulen

Horisont Europa vil ha hovudfokus på tre hovedpilarar, ifølgje Deloitte-rapporten: 1) framragande vitskap, 2) globale utfordringar og europeisk industriell konkurransekraft, og 3) innovativt Europa.

Rapporten foreslår å gi ansvaret for programma og midla i pilar 1 til Forskingrådet, Innovasjon Norge skal ha ansvar for det som røyrer seg i pilar 3, medan dei to aktørane i samarbeid med Norsk romsenter skal ha ansvar for pilar 2.

Forskingsrådet meiner dei bør ha hovudansvar for å følgje opp den norske deltakinga i programmet, både med rettleiing og ved å mobilisere dei norske miljøa til å søke.

— Alle må bidra

På sine nettsider skriv Forskingsrådet at «Innovasjon Norge vil ha en viktig henvisningskompetanse, men bør ikke ha en egen uavhengig rolle for enkeltvirkemidler i Horisont Europa. Oppsplitting av ansvaret for mobilisering til Horisont Europa vil kunne hemme Norges evne til gjennomslag på EU-nivå.»

— Alle aktørar må bidra til å gjere moglegheitene i Horisont Europa kjende og formidle dette til alle aktørar kringom i Norge. Likevel vil det vere heilt naturleg at Forskingsrådet held på hovudansvaret med tanke på å støtte institusjonar og bedrifter med søknadsskriving, mobilisering og å påverke innrettinga på programmet, seier Røttingen.

Han understrekar at Forskingsrådet har den same breidda av søknadstypar og dei same vurderingskriteria som EU og har eit godt kontaktnett hos alle aktørane.

I tillegg viser han til Storbritannia som nyleg slo saman alle dei disiplinære forskingsråda og innovasjonsrådet blant anna med å vise til at det å kommunisere med ei stemme ville gi «a strengthened, unified voice for the UK’s research and innovation funding system, facilitating the dialogue with Government and partners on the global stage».

Haugli stussar over Forskingsrådet

Haugli og Innovasjon Norge ser annleis på det og meiner Horisont Europa skil seg mykje frå Horisont 2020. Han stussar litt over kva Forskingsrådet her legg opp til.

— Det nye rammeprogrammet har meir fokus på innovasjon og rask adopsjon av nye løysingar. Dersom Norge skal lukkast med ambisjonane om å auke returraten, så må vi mobilisere breiare og fleire verkemiddelaktørar, seier Haugli. Han legg til:

— Jobben med Horisont Europa skjer ikkje i Brussel, men i Noreg. Det handlar om at vi skal ta i bruk ordningane og programma. Det er avgjerande at vi mobiliserer bedrifter i heile landet og uansett korleis dette blir organisert, så er det viktig med nærleik til næringslivet og tilgjengeleg kompetanse for næringslivet.

Ventar innspel fram til 20. desemeber

Både Synnes Emblemsvåg, Haugli og Røttingen meiner det er viktig å få eit meir forskingseffektivt næringsliv for å få til den grøne omstillinga Noreg må gjennom framover. Difor ser alle no fram til å bidra i ein innspelsrunde som Næringsdepartementet har invitert til, med frist den 20. desember.

— La oss håpe at oppdragsgjevaren ikkje gløymer kunden og målet om forenkling og effektivisering når organiseringa skal landast, seier Synnes Emblemsvåg.

— Sett frå ein kundeståstad, så er vi opptekne av at det blir ei reell forenkling når det skal takast ei avgjerd, seier Haugli i Innvasjon Norge.

Det er først i statsbudsjettet for 2021, som skal leggast fram i oktober 2020, at regjeringa vil trekke sine endelege konklusjonar om ny organisering av verkemiddelapparatet.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS