Sveinung Rotevatn: Kunnskap er fundamentet for å ta vare på naturen
Kunnskap. Vitskapen må skaffe fram den kunnskapen som må til for at vi skal kunne vedta god politikk.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Skal vi kunne ta vare på naturen så må vi vite mest mogleg om korleis tilstanden er. Og det går ikkje bra. Ifølge FN sitt Naturpanel er ein million artar truga og økosystema fungerer ikkje slik dei skal. Regjeringa er heilt klar på at forsking og kunnskap må ligge til grunn i all naturforvaltning.
Derfor kunne eg ikkje vore meir einig når Vigdis Vandvik og Alicia Dannellan Barraclough i Khrono 4. februar tar til orde for at forskingsmiljøa må vera med på laget i arbeidet med ein ny naturavtale som skal vedtakast i Kina i oktober. Mi dør er open.
Konvensjonen for biologisk mangfald sette i 2010 opp 20 mål for å ta vare på naturen. Dei er kjende som Aichi-måla. Det var gode og viktige mål. Men tapet av natur held likevel fram. Ikkje fordi måla var dårlege, men fordi politikken for å nå dei ikkje vart gjennomførd i stor nok grad. Systema for å følgje opp var heller ikkje gode nok. Det har eg tenkt til å gjere noko med. Gjennomgripande endringar er naudsynt.
Vi er avhengige av natur for å kunne få det vi treng i framtida. Utan fungerande økosystem har vi heller ikkje noko økonomisk utvikling. Men naturen er truga frå mange hald: arealbruk, over-hausting, klimaendringar, forureining og framande arter. Auke i folketalet, auka produksjon og auka forbruk er viktige årsaker.
Alvoret er omtrent likt anten vi snakkar om klima eller natur. Viss vi skal komme heilskinna igjennom er det berre å brette opp begge ermane. Vi har lite tid å snu utviklinga på, truleg berre 10 år. Men det er mogleg.
Vitskapen må skaffe fram den kunnskapen som må til for at vi skal kunne vedta god politikk. Regjeringa har difor i 2020 styrka forskingsinnsatsen for klima og miljø med 35 millionar kroner, til dømes for å betre forstå samanhengen mellom klima og tap av natur.
I 2015 laga Norge vår eigen nasjonale handlingsplan for å nå Aichi-måla: Natur for livet — Norsk handlingsplan for naturmangfald. Det var denne planen som staka opp retninga for nasjonal gjennomføring av Aichi-måla frå 2010.
Som ei følgje av handlingsplanen sette regjeringa i gang konkrete tiltak for å auke kunnskapen i naturforvaltinga. Innsamlinga av kunnskap skulle i større grad sjå på heile økosystem. Kvart år bruker vi omlag 110 millionar kroner på å kartlegge natur og utarbeide eit økologisk grunnkart. I grunnkartet samlar vi all informasjon om naturen som forvaltinga kan bruke.
Regjeringa har og starta med å lage betre metodar for å vurdere og overvake tilstanden i norske økosystem. Systemet er bygd på kunnskap for å gi samfunnet eit felles naturvitskapleg grunnlag når politikken skal utformast. Erfaringane vi har hausta frå dette arbeidet vil vi bruke som argument for at også forhandlingane om naturavtalen må bygge på forsking og kunnskap.
Forskinga er allereie sentral i alt vi gjer av naturforvalting i Norge.
Sveinung Rotevatn
I forhandlingane vil eg ta til orde for eit betre oppfølgingssystem for natur som er vesentlig betre enn det vi har no. Landa må rapportere oftare på naturtilstanden. Og dei må rapportere på kva dei gjer for å betre tilstanden. Systemet kan likne det som gjeld i Paris-avtalen. Det betyr at vitskaplege data må vere sjølve fundamentet i rapporteringa. Om forskinga viser at innsatsen ikkje er stor nok må landa skjerpe ambisjonane.
Meir vern har ofte vore medisinen for å ta vare på mangfaldet. Og vern er viktig. Men vi kan ikkje verne alt vi har av areal. Vi skal framleis bygge bustader, industri, vegar og jernbane. Vi skal framleis dyrke mat. Men vi må bli mykje smartare i korleis vi bruker areala. Og det må løne seg meir å ikkje bygge ned naturen. Da må vi bli flinkare til å setje verdi på nytta av sunne, grøne naturområder.
Kanskje treng vi heller ikkje dyrke opp stadig fleire våtmarksområde for å produsere meir kjøt? Kan hende skal vi bygge tettare i byene i staden for å breie oss utover? Slike spørsmål må vi stille oss framover. Å ta omsyn til natur kan ikkje være noko for spesielt interesserte. Det er noko alle må gjere.
Tre og plantar lagrar store mengder karbon. Difor er det å ta vare på natur eit godt og viktig klimatiltak. Frå Norge si side legg vi stor vekt på såkalla naturbaserte klimaløysingar. Vi vil at alle land må samle seg om dette. Her har næringslivet har ein viktig rolle. Det er fordi produksjon og forbruk i verden er større enn det naturen toler. Noreg vil derfor ta til orde for å sjå på korleis vi kan utvikle eit næringsliv innafor tålegrensene til naturen.
Forskinga er allereie sentral i alt vi gjer av naturforvalting i Norge. Vi satsar på eit moderne system for naturovervaking, forvalting basert på økosystem og naturregnskap, slik som Vandvik og Barraclough peiker på. Norge kan derfor gå føre i å stake ut ei god retning for naturavtalen.
Men vi må òg tenkje på at ikkje alle land har dei ressursane som Noreg har. Det systemet vi lagar må passe for alle, frå små øy-statar til store industriland. Her må dei rike landa hjelpe dei fattige landa med å gjennomføre målsettingane.
Nyeste artikler
En akademisk julefortelling
Hun fikk samme jobb tre ganger. Nå er hun klar for nye oppgaver
Fortelling er beredskap
Norge publiserer tredje mest i forhold til folketallet
Stort tematisk mangfold i romjulsfilmene
Mest lest
Tidligere har hun fått drapstrusler for forskningen sin. Men nå har det skjedd noe
Dette er Lise Øvreås sitt lag til rektorvalet ved UiB
ChatGPT fikk A på eksamen. — Skulle nesten bare mangle
Cecilie Hellestveit vurderer å slutte å snakke med media: — Klikkhoreri
KI-generert lærebok skaper bølger. — Helt absurd