Debatt
Studentsamskipnadane - framleis av og for studentar
Det viktigaste vi kan gjere å sikre at så mange som mogleg får moglegheita til å bu i ein samskipnadsbolig - også i framtida, skriv styreleiarane i studentsamskipnadane i Bergen, Trondheim og Oslo.

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
At studentane skulle ha fleirtalet i styra til studentsamskipnadane, blei i si tid kritisert fordi det blei antatt at studentane ikkje hadde god nok evne til å tenke langsiktig og bærekraftig. Studentstyringa ville føre til at det blei investert i kortsiktige prosjekt, som ikkje var bærekraftige over tid. Når professor emeritus Håvard Teigen kritiserer studentane i styra ved studentsamskipnadane for å ikkje sette ned husleiga, er dette ein logikk som dermed fell på sin eigen urimelegheit. Her har studentane i styrene store insentiv til å hjelpe sine medstudentar i naud på kort sikt, i staden for å ta hensyn til utbyggingsprosjekt og økonomisk soliditet på lang sikt.
Studentsamskipnadane har som alle andre verksemder i landet blitt råka av dei konsekvensane korona-situasjonen har utløyst, og vi har blant anna måtte stenge treningssenter, kantiner samt permittert ei rekke dyktige tilsette. Vi har gjort dette fordi vi ein gang i framtida skal kunne ønske våre permitterte tilsette tilbake på jobb, og tilby dei samme gode tenestane til studentane som vi gjorde før den 12. mars. Dette er heilt avhengig av at vi gjer fornuftige økonomiske avgjerder i dag. Vi treng både kantiner, treningssenter og helsetilbod - også etter at denne situasjonen er over.
Vi ser behova i dag, vi ser behova i morgon og vi ser behova for dei mange kommande studentgenerasjonane i framtida.
Det blir hevda at studentsamskipnadane må sette ned husleiga for å prisregulere marknaden. Men studentsamskipnadane opererer allereie prisregulerande, med husleigeprisar under marknadsprisen. Sånn sett er det ikkje dei studentane som bor i ein studentsamskipnadsbolig som er verst råka av koronasituasjonen – snarare tvert imot. Derfor er det viktigaste vi kan gjere å sikre at så mange som mogleg får moglegheita til å bu i ein samskipnadsbolig - også i framtida. Dette betyr at vi må tenke langsiktig, og ikkje nødvendigvis bruke all vår finansielle soliditet på å redusere husleiga til eit svært avgrensa utval studentar for ein kort periode. Tiltaka våre skal treffe breiast mogleg, og dei pengane vi bruker skal brukast smart.
Til slutt må det nevnast at studentsamskipnadane ikkje har eigarar som tar ut utbytte. Hos oss er det studentene som får det betre dersom vi går med overskot gjennom auka kvalitet og kvantitet på tenestar. Når vi går i minus skjer det motsette. Så gjennom dette håper vi at alle forstår at sjølv om vi ikkje gjennomfører eit forslag til tiltak, betyr ikkje dette at vi neglisjerer studentane sine behov. Snarere tvert imot; vi ser behova i dag, vi ser behova i morgon og vi ser behova for dei mange kommande studentgenerasjonane i framtida. Og tiltaka vi gjennomfører, er gjort av og for studentar.
Nyeste artikler
May-Britt Moser misbrukt i avansert KI-svindel
Den solidariske stemmen vi trenger i UiOs universitetsstyre
Her demonstrerer høgskolen mot drepte barn på Gaza
Hvorfor krever opptaket at vi skal rangere skolebarn?
Danmark: Universitetene får juridisk plikt til å gripe inn mot sjikanering
Mest lest
Curt Rice slår alarm om Fulbright: — Programmet kan bryte sammen
Rita (25) vurderte å droppe ut. Det ville hun tapt mye penger på
Veilederen leste artikkelen for dårlig. Ble felt for vitenskapelig uredelighet
Skjerpet sikkerheten etter at mann stalket ansatte og opptrådte truende
Oppdragsgiverne forkastet rapport. Forskerne mener forskningsfriheten er brutt