Debatt

Kvifor set ikkje samskipnadane ned husleiga for studentane sine?

Korleis kan det ha seg at studentsamskipnadane ikkje har sett ned utleigeprisane under koronakrisa, spør Håvard Teigen.

SiO, som mellom anna eig og driv Pilestredet park studenthus, har verken sett ned husleiga eller gitt utsett betalingsfrist under koronakrisa.
SiO, som mellom anna eig og driv Pilestredet park studenthus, har verken sett ned husleiga eller gitt utsett betalingsfrist under koronakrisa.

Etter at studentane nå har fått sin milliard for å kompensere for kostnader og inntektsbortfall, viser det seg at dei sjølve er hushaiar. Det har kome mange krav om at utleiarar skal redusere husleiga, mange private som leier ut til studentar har gjort det. Men så viser det seg altså at studentane som styrer den største av alle utleigebedriftene, ikkje har senka prisane.

Kan dette vere sant? Og korleis har det skjedd? Lov om Studentsamskipnader gjev inngangen til svaret på desse to spørsmåla. Etter denne lova kan studentane ha fleirtal i styret for samskipnadene og sjølvsagt også styreleiaren. Det viser seg at i nesten alle studentsamskipnadene har studentane teke makta. Dei har både styreleiaren og fleirtalet i styret.

Så viser det seg at studentane ikkje har sett ned husleigeprisane. Dei har ikkje eingong tatt skikkelege grep for å utsette betaling, trass i at dei sette regjeringa og Stortinget i gang med ei hastesak for å for å løyse likviditetsproblemet. Dei fekk først ekstra lån, så også det ekstra lånet som ein stipenddel. Den suverent største, Studentsamskipnaden i Oslo og Akershus, gir maksimalt 4 vekers utsetting med husleigeinnbetaling, og gir ikkje studentane kortare oppseiingsfrist. Dei må betale sjølv om dei ikkje bur.

Det er altså sant at studentane som «huseigarar» ikkje har sett ned prisane eller gitt romslege betalingsutsettingar. Så det andre spørsmålet: korleis kunne det skje? Dette veit vi ikkje enda, men eg oppfordrar til at styrereferat raskt blir lagt ut på heimesidene.

Inntil dette skjer, kjem eg med eit innspel til moglege forklaringar, og formulerer to hypotesar tufta på kjente teoriar.

Den eine hypotesen er at dette er eit resultat av rent-seeking, altså tilgrafsingsaktivitet. Studentane vil at staten skal gje dei meir pengar utan sjølve å bidra. Men kan studentpampane som er styreleiarar, allereie ha utvikla seg til å bli så kyniske?

Dette er lite sannsynleg og eg fremjar derfor hypotese nummer to: Vi er her vitne til det klassiske prinsipal-/agentproblemet. Det vil seie at vi her har eit eksempel på at det ikkje er styret som styrer (prinsipalen), men direktøren (agenten).

Dette er ei stygg sak, ikkje berre for det mindretalet av studentar som bur i samskipnadenes bustader, men også for alle andre studentar og leigebuarar.

Håvard Teigen, Høgskolen i Innlandet

Om denne hypotesen er riktig vil vi få ein indikasjon på dersom vi får styrereferata. Det er ikkje første gongen vi har fått teikn på at det er halen som viftar med hunden i Samskipnadane. Det har før kome fram at fleirtalet av direktørane har millionløn, mange av dei høgre løn enn både statsråd og statsminister.

Samskipnadane er prisleiande i desse marknadene. Set samskipnadane ned prisane, vil dei private følgje etter – spesielt i dag, der alle blir oppfordra til dugnad og solidaritet. Enkelte samskipnadar argumenterer med at dei ikkje har «råd» til å sette ned husleigene på grunn av at kantinene er stengde. Det står ikkje til truande. Er det nokon som blir redda av regjeringas krisepakkar, så er det studentsamskipnadane.