Debatt ● kristoffer myklebust egset
Studenter er korkje arbeidstakarar eller ein del av befolkninga?
Regjeringa må gi studentene støtte og ikkje lån, meiner Kristoffer M. Egset som er leiar i Studentunionen i Oslo.

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Regjeringa er villig til å bruke milliardar på å hjelpe «befolkninga» med dei høge straumprisane. Det syntest vi er supert for studentar som sitter på dag 3 utan ein skikkelig dusj, med heime-eksamenane sine, og fryser med iskaffen under dyna. Eg håper at mange meiner dette er ei overdriving
Strømprisane er for høge og det påverkar bustadar i det lange og kalde landet vårt. Mange familiar lever på grensa til - eller under fattigdoms grensa - og praktisk talt jobbar døgnet rundt for at det skal gå rundt. Variasjonen i straumprisane er ein vanleg del av budsjetteringa månad til månad for mange i befolkninga, og no har prisen gådd langt over budsjettene til veldig mange.
Heldigvis så skal denne delen av befolkninga no få støtte frå regjeringa, og Støre har sagt at han er villig til å bruke milliardar på tiltaket. Befolkninga takker deg; det jo tross alt vanlig folks tur!
Men veit du kven andre som lever månad til månad? Som ikkje bare nesten, men er under fattigdomsgrensa? Studentane!
Studentane har sitte på zoom inne på sin lille studentbolig, med «too good to go» pakken frå helga og utgått mjølk til nedsatt pris, gjennom heile pandemien for å bidra i dugnaden som resten av befolkninga var med på. Vi har skrike høgt og lenge om at vi ynskjer å bli vurdert som reelle arbeidstakarar, vi ynskjer studiestøtte for å komme oss over fattigdomsgrensa, og i det heile tatt få lov å fokusere på eksamensangsten i staden for all denne ekstra økonomi-psykiskhelse-sosialnedstening-angsten.
Studentane sa Krise I 2020!
Den gamle regjeringa sa:
Krise lån! #1
Krise lån! #2
Vi skjelver i tenna og roper krise igjen.
No kjem «vanlige folks» regjering, med:
Strømlån! #1
Vi er klare for å ta i eit tak slik dykk med fleirtal (altså befolkninga) skal halde dykk friske og leve lenger, altså det er jo dykk som låner oss desse pengane slik at vi får ta utdanning i det heile.
Men no har eg fått kriselån is staden for dagpengar og følt meg som ein ikkje «reel arbeidstakar» av Solbergs regjering. Eg har sitte på sengekanten på zoom med klassekameratane mine ekstremt lenge for at dykk i den reele befolkninga skal ha det fint. Men vi kan ikkje enda ein gong bli behandla som «ikkje reel befolkning» og få lån i staden for støtte på lik linje som resten av befolkninga.
Jonas! Lån har vi nok av, gi oss støtte! #nåerdetnoklån
Les også:
Følg flere debatter i akademia på Khronos meningsside
Nyeste artikler
Harvard nekter å møte krav. Trump fryser milliardstøtte
Sverige vil bli fristed for amerikanske forskere
Professorar ved Harvard går til sak mot Trump
Nord opnar døra til Europa
Opptaksregler til høyere utdanning: Bingo eller fair play?
Mest lest
Ble avkrevd 190.000 kroner midt i semesteret. Måtte avbryte studiet
Trumps økonomirådgiver fikk toll-argumenter av sin «fantasiprofessor» Vara
Ikke kall det bachelor og master før vi vet hva vi snakker om
«Ment som en spøk», sa søkeren. Universitetet svarte med utestengelse i ett år
Trump tar nesten tjue milliardar frå to universitet