valt leiing

Studentane vil ikkje ha leitekomité for ny rektor

Universitetet i Bergen vil ha leitekomité for å finna rektorkandidatar. Studentane synest det er ein svært dårleg idé.

Sandra Krumsvik, leiar i Studentparlamentet ved UiB, meiner leitekomité for å finna ny rektor er ein svært dårleg idé.
Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

— Kva er prinsippa til rektor, spør Sandra Amalie Krumsvik.

Ho leiar studentparlamentet ved Universitetet i Bergen (UiB), og reagerer på at UiB no vil ha ein eigen leitekomité som skal finna aktuelle rektorkandidatar. UiB skal ha rektorval til våren, og Dag Rune Olsen kan ikkje veljast på nytt.

Universitetsstyret skal diskutera saka på sitt møte torsdag. Møtet ser du direkte her.

Vil ha breitt samansett utval

I vår føreslo styremedlem Petter Bjørstad, som har lang fartstid som professor ved UiB, at ein burde få på plass ein komité som skulle leita etter rektorkandidatar.

— Eg har sett mange val ved UiB, og eg har òg følgt med ved andre institusjonar. Eg meiner det er gjort lite arbeid før valet. Ein treng ein profesjonell søkjekomité som kan leita med lys og lykte etter kandidatar, sa Bjørstad til Khrono.

Han seier at det verken er mange nok som stiller, og kanskje ikkje alltid dei «riktige».

No er forslaget styret skal ta stilling til at ein skal ha ein slik komité. I sakspapira vert det sagt at modellen ved Universitetet i Oslo kan vera eit godt utgangspunkt. Dersom det vert sett ned eit utval, bør det vera breitt samansett. Kven som faktisk skal sitja der, skal verta diskutert i neste møte dersom styret no vedtek at dei vil ha ein slik komité.

Meiner det går for fort

Krumsvik reagerer på hurtig saksgang.

— Dette er ei rask endring av universitetsdemokratiet, seier ho.

— Kor er prinsippa, vil dette på sikt føra til at ein får tilsett rektor? Då Olsen vart valt i 2017 sa han at han var for valt rektor. Kva meiner han no, spør studentleiaren.

Ho meiner ein må ha tillit til at fagmiljøa kan peika ut kandidatar til rektorvalet, og meiner det er problematisk at styret får ei rolle.

— Eg er redd for at me får ei hybridløysing, seier Krumsvik, og legg til at ho meiner dette kan verta ein forhasta slutning gjort av eit styre på veg ut døra.

Meiner det er uheldig å gå utanom valstyret

Universitetet i Oslo har nyleg bestemt kven som skal sitja i leitekomiteen der. Svein Stølen har varsla at han stiller til val for andre gong.

Fleire andre institusjonar har hatt leitekomité, utan å nødvendigvis finna kandidatar. Ved Universitetet i Tromsø - Norges arktiske universitet (UiT) fann ein ingen som ville utfordra sitjande rektor Anne Husebekk. No har UiT vedteke, med knappast mogleg fleirtal, å gå over til tilsett leiing.

— Er det ikkje større fare for at det vert tilsett rektor dersom ein ser at få kandidatar stiller til val?

— Nei, eg ser ikkje det argumentet. Eg meiner det er uheldig at ein går utanom valstyret for å ha ein eigen komité, og håpar ikkje dette er vegen me skal gå, seier Krumsvik.

Ho peikar på at Universitetet i Oslo hadde ein lenger saksgang før dei vedtok kven som skulle sitja i leitekomiteen. UiO nytta ein slik komité også ved førre val.

— Den prosessen ga meir meining. Eg meiner rektor no må tenkja over kva universitet han vil etterlata, seier Krumsvik.

Ser til UiO

— Det er ikkje noko poeng å ha ein slik komité dersom ein ikkje er for valt leiing, svarar rektor Dag Rune Olsen.

Han understrekar at styret ikkje har noka rolle i eit rektorval, og seier at ingen frå styret skal sitja i ein eventuell komité.

— Ein slik komité kan sikra, slik det vart sagt i førre styremøte, eit reelt val, seier Olsen.

Bjørstad sa i førre styremøte at dersom ein skal ha valt leiing, vil det at ein berre har ein kandidat som stiller til val svekka legitimiteten.

Olsen er samd.

— Ordninga vert hol dersom ein ikkje har reelle val.

Han meiner ein må sjå til UiO for å sjå korleis dei har organisert arbeidet med ein leitekomité.

— Slik eg har skjønt det frå førre val, var komiteen både samtalepartnar for aktuelle kandidatar, og kom òg med forslag til kven som kunne sitja saman i team.

SFI, reisebyrå og korona

Universitetsstyret skal ha sitt første fysiske møte i styrerommet etter nedstenginga i mai. Der er det plass til styret, men ikkje så mange andre. Maimøtet vart arrangert i den store universitetsaulaen.

Her er sakslista:

S 73/20 Godkjenning av innkalling og saksliste
S 74/20 Godkjenning av protokoll fra møte 28.5.2020
S 75/20 Orientering om tildelinger av Senter for forskningsdrevet innovasjon (SFI)
S 76/20 Orientering om universitetets arbeid med gjenåpning og planer for høsten 2020 i tråd med smittevernbestemmelser for koronaviruspandemi (COVID -19)
S 77/20 Etatsstyring 2020. Tilbakemelding til Universitetet i Bergen
S 78/20 Justeringer i universitetets utviklingsavtale
S 79/20 Universitetets forvaltning av eierinteresser
S 80/20 Gjennomstrømming i bachelorprogrammene
S 81/20 Internrevisjonsrapport «Digital eksamen, rutiner for avvikshåndtering»
S 82/20 Tilbakeføring av På høyden
S 83/20 Avtale om leveranse av reisebyråtjenester
S 84/20 Prosess for gjennomføring av rektorvalget i 2021
S 85/20 Senterleder for SFI Smart Ocean - Ansettelse uten forutgående kunngjøring som 1404 professor - Unntatt offentlighet
S 86/20 Senterleder for Computational Biology Unit (CBU) - Ansettelse uten forutgående kunngjøring som 1404 professor - Unntatt offentlighet
Orienteringer
Eventuelt

Sjå universitetsstyremøtet direkte her.

Powered by Labrador CMS