Tittel-debatt

Stortingspolitikar får refs for tittelbruk i avisinnlegg

Tidlegare prorektor, no direktør ved NTNU, Johan Hustad går ut mot bruk av NTNU-tittel i kronikk om kjernekraft.

Eg ville ikkje brukt min professortittel og uttalt meg om sjukepleiarutdanninga i Ålesund eller Gjøvik for eksempel, seier professor og NTNU-direktør Johan E. Hustad.
Publisert Sist oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Debatten om bruk av akademiske titlar i debattar og avisinnlegg har blussa opp igjen ved landet største universitet. Denne gongen er det tidlegare prorektor Johan E. Hustad og tidlegare viserektor ved NTNU, Marianne Synnes Embelmsvåg, som er usamde, både om tittelbruk og om kjernekraft. Emblemsvåg har for tida permisjon frå stilling ved NTNU for å sitte på Stortinget, og ho har takka nei til attval.

Stiller seg ikkje bak

«Til slutt ønsker jeg å påpeke at våre energiforskere ikke stiller seg bak synspunktene til kronikkforfatterne, som underskriver med titler knyttet til NTNU uten å ha fornybar energi eller kjernekraft som fagfelt».

Dette skriv direktør for NTNU energi Johan E. Hustad, i eit debattinnlegg i Stavanger Aftenblad.

Der svarar han stortingsrepresentant for Høgre og tidlegare viserektor ved NTNU Ålesund, Marianne Synnes Emblemsvåg og mannen ho er gift med, førsteamanuensis ved NTNU, Jan Emblemsvåg.

Dei har saman skrive ein kronikk der dei stiller seg positive til kjernekraft, og meiner at det er den «eneste energikilden som monner».

Og slikt blir det debatt av i sosiale medier.

Det var Universitetsavisa som først skreiv om saka.

Førsteamanuensis ved NTNU, Jan Emblemsvåg og dr.scient, tidlegarer viserektor ved NTNU Ålesund og no stortingsrepresentant (H) Marianne Synnes Emblemsvåg

«Overraskende angrep»

Marianne Synnes Emblemsvåg reagerar på NTNU-direktørens svarinnlegg i avisa, og skriv på Facebook:

«Overraskende angrep fra tidligere kollega Johan Hustad, på vårt innspill til en debatt om langsiktig energikilder og forbruk. Kommentaren høres ut som om kronikken har fokus på NTNU og SINTEFs langsiktige satsinger, og ikke Norges. Hustad påpeker sågar at vi begge underskriver med titler knyttet til NTNU, uten å ha lov til det...Min Dr. Scient-tittel er fra UiO, og Stortingsrepresentant-tittel har vel aldri vært tilknyttet NTNU, og innspillet er politisk - ikke faglig selv om politikere også har lov til å bruke hodet. Angående Jan, så ser han på mer bærekraftige fremdriftssystemer på skip, og diskusjonen er særs relevant».

Avviser «angrep»

I eit facebooksvar til Emblemsvåg avviser Hustad at han går til «angrep» på sin tidlegare NTNU-kollega. Dei satt begge to i same rektorat under rektor Gunnar Bovim.

«Mitt poeng var at når man bruker tilknytning til et universitet så bør ytringen ligge innenfor fagfeltet sitt. Du brukte din tilhørighet til NTNU Ålesund i kronikken uten å ha fornybar energi eller kjernekraft som fagfelt. Dette er ikke noe angrep men et faktum. Du skriver innspillet ditt er politisk. Om du ønsker å uttale deg som stortingsrepresentant eller privatperson er det selvfølgelig helt ok».

Treng fleire i samfunnsdebatten

Marianne Synnes Emblemsvåg seier til Khrono at ho signerte artikkelen med dr.scient og stortingsrepresentant og at det er Stavanger Aftenblad som har lagt til at ho har permisjon frå NTNU for å sitte på Stortinget.

— Vi brukar å seie at vi treng fleire forskarar inn i samfunnsdebatten. Ein må ikkje ha doktorgrad for å kunne uttale seg politisk om ting, seier Synnes Emblemsvåg til Khrono.

— Du brukar dr.scient-tittelen din og har ikkje forska på kjernekraft?

— Det må vere lov å bruke tittelen sin. Det viser jo at ein har evne til å tileigne seg forskingslitteratur. Sjølv om det er Stavanger Aftenblad som på eiga hand har lagt til at eg har permisjon frå NTNU, så er jo det heilt rett. Eg skriv ikkje på vegner av NTNU, seier ho.

Også fagleg usemje

— Hustad argumenterer også fagleg for at de tar feil?

— Det er høg temperatur i energidebatten, men nettopp derfor er det så bra at Stavanger Aftenblad har lenke til kjeldene. Vi brukar mellom anna den tyske riksrevisjonen som kjelde, og då kan jo folk sjølve gjere seg opp ei meining om det er rett eller feil det vi skriv, seier Emblemsvåg.

— Kanskje skulle fleire aviser krevje kjelder til påstandar i debattinnlegg, så kunne vi fått ein meir redeleg debatt, som også blir vanskelegarer å avvise og latterleggjere, legg ho til.

Stortingsrepresentanten som sit i Utdannings- og forskinskomiteen, skriv også på Facebook at det tidlegare har vore referert til at ho er tidlegare viserektor når ho har fronta partipolitiske standpunkt for Høgre, utan at nokon har protestert på det.

«...er det noe annet? Kjør debatt», skriv ho.

«Ho misforstod meg»

— Eg trur at Marianne (Synnes Emblemsvåg red.mrk) misforstod meg litt. Det eg var «redd for» då eg leste kronikken deira, var at dette blei oppfatta som offisiell NTNU-politikk og at NTNU dermed var for kjernekraft, forklarer NTNU-direktør Johan E. Hustad til Khrono.

— Eg synest det blir feil å uttale seg med NTNU-tilhørigheit når temaet ligg utanfor sitt eige forskingsfelt. Sjølvsagt er det heilt ok å uttale seg om alt ein måtte ønske, men då som privatperson eller politikar slik som i Marianne sitt tilfelle, legg han til i ein e-post.

Han viser til at både NTNU, forskingsmiljø og heile Noreg er inne i viktige energidebattar om dagen.

— Men som politisk utspel er dette greit?

— Eg er heilt einig i at Høgre-representantar på Stortinget og andre sjølvsagt skal få lov til å komme med politiske utspel.

— Du skriv at ingen i NTNU-miljøet er samde i synspunkta i kronikken. Men ein kan vere forskar og tilhengar av kjernekraft ved NTNU?

— Eg skreiv at NTNUs energiforskarar ikkje stiller seg bak synspunkta til kronikkforfattarane. Eg kan sjølvsagt ikkje snakke for kvar einaste forskar, men eg snakka for fleirtalet. Det finst heilt sikkert mange meininger om dette ved NTNU, og det er heilt i orden, seier Hustad.

Hustad kjenner heller ikkje til at nokon forskar på kjernekraft ved NTNU.

— Men det er ok at ho brukte dr.scient-tittelen, meiner du?

— Ja, det må det vere. Folk må skrive innlegg om kva dei vil. Meg eg ville ikkje brukt min professortittel og uttalt meg om sjukepleiarutdanninga i Ålesund eller Gjøvik for eksempel, seier professor og direktør Johan E. Hustad.

Professor Hustads fagfelt er termisk energi. Marianne Synnes Emblemsvågs er molekylær cellebiologi

NTNU-rektoren har talt

Hustad viser også til at han er samd med rektor Anne Borg som tidlegare har vore ute og presisert dette. I samband med mellom anna den siste Eikrem-saka ved universitetet, der førsteamanuensis Øyvind Eikrem blei skulda for å stå bak ein anonym facebookprofil som spreier rasistiske ytringar.

Også den gongen blei det diskusjonar.

«NTNU har som uttalt mål at vi skal øke vår deltakelse i samfunnsdebatten. Det betinger at ansatte uttaler seg fritt og av og til også om emner i ytterkantene av sitt eget fagfelt. Samtidig så er det nok vanlig å vise til at man faktisk har kompetanse på det fagområdet man uttaler seg om. Dette er også nedfelt for eksempel i de forskningsetiske retningslinjene for samfunnsvitenskap og humaniora. Her står det at «forskeren bør bidra til det offentlige ordskifte med vitenskapsbasert argumentasjon», skreiv NTNU-rektor Anne Borg i eit innlegg i februar i år.

Powered by Labrador CMS