SIKT

Store lønnsskilnader etter fusjon: Trondheim på topp, Bergen på botn

Det er til dels store forskjellar i lønnene mellom dei tilsette i Sikt i Trondheim, Oslo og Bergen. Menn tener også meir enn kvinner.

Direktør Roar Olsen har fått oppgåva med å bygge ein arbeidsplass fordelt på tre byar med til dels store skilnader mellom lønene til dei tilsette.
Publisert Oppdatert

Månader etter at fusjonen var eit faktum frå 1. januar 2022, står lokale lønnsforhandlingar for tur i Sikt – Kunnskapssektorens tenesteleverandør.

I arbeidet med å sy saman den nye organisasjonen må leiinga handtere til dels betydelege skilnader i lønn mellom tilsette på avdelingskontora i dei tre byane Trondheim, Oslo og Bergen.

Ein rapport frå Sikt, som Khrono har fått tilgang til, viser at Bergen generelt har lågast lønn, Oslo er i midten, medan Trondheim er på topp. Det er også systematiske skilnader mellom lønnsposane til menn og kvinner.

Sikt vart etablert gjennom samanslåing av NSD – Norsk senter for forskingsdata, Uninett og Unit (Direktoratet for IKT og fellestenester i høgare utdanning og forsking). Alle er leverandørar av ulike former for data og infrastruktur til kunnskapssektoren.

Til saman har organisasjonen 370 tilsette fordelt på Trondheim, Bergen og Oslo.

118 000 i forskjell

  • Trondheim har høgast gjennomsnittleg årslønn på alle stillingsnivå, bortsett frå dei lågaste.
  • Gjennomsnittleg årslønn for alle nivå er på 767 000 i Trondheim, 719 000 i Oslo og 646 000 i Bergen. Skilnadene kan delvis forklarast med at det er mange leiarar i Trondheim, og at enkeltpersonar er gitt særleg høg lønn. Samstundes er også leiarlønnene høgast i Trondheim. Leiarlønnene er i snitt på 1 million i Oslo og Bergen, i Trondheim er dei ca. 90 000 høgare.
  • Menn har høgare gjennomsnittslønn enn kvinner på alle stillingsnivå, bortsett frå det lågaste. Dette gjeld både Bergen, Oslo og Trondheim

Når det gjeld dei geografiske skilnaden er gapet størst for dei som er plasserte i stillingskategoriane senioringeniør og seniorrådgivar.

Ein seniorrådgivar i Bergen ligg også godt under sine kollegaer i Oslo og Trondheim, i snitt. I Bergen tener seniorrådgivarane i gjennomsnitt 639 000 kroner, i Oslo 727 000 – og i Trondheim 777 000.

I denne stillingskategorien tener medarbeidarane i Trondheim med andre ord 138 000 kroner meir i året i snitt enn kollegaene i Bergen.

Den høgast lønna senioringeniøren i Bergen har, ifølgje opplysningar Khrono har fått, ei årsinntekt på 741 000 kroner. Gjennomsnittsløna for senioringeniørane i Trondheim er langt over dette – på 859 000, altså 118 000 kroner meir enn dei får i Bergen.

Den høgast lønna overingeniøren, som er ein stillingstittel under senioringeniør, har ei lønn på cirka 1 million kroner.

Mest til menn på topp

I Sikt tener kvinnene, fordelt på alle stillingskategoriar, 687 000 kroner i året i gjennomsnitt. Mennene får i snitt med seg 65 000 kroner meir heim.

Skilnaden mellom menn og kvinner er størst i Trondheim. Der tener mennene i snitt nesten 100 000 meir i året enn kvinnene. I Oslo er skilnaden marginal, medan det i Bergen skil 20 000 i gjennomsnittslønna mellom kvinner og menn (637 000 mot 657 000).

Dess høgare stillingar, dess større skilnader er det mellom kjønna – og særleg i Trondheim: Her tener kvinnene på toppen 1 268 000 kroner i gjennomsnitt. For menn er gjennomsnittslønna 1 430 000.

Bergen: Rakk ikkje å rydde

«Bergens-delen» av Sikt er i all hovudsak det som tidlegare var NSD.

Ifølgje styremedlem i fagforeininga NTL Sikt, Ole-Petter Øvrebø, var lønnspolitikken lenge ei «heit potet», og oppryddinga starta ikkje for alvor før i 2018.

— Dessverre kom ein vel ikkje heilt i mål med dette arbeidet før etableringa av Sikt. Sånn sett har Sikt-leiinga arva eit problem som burde ha vore handtert av NSDs tidlegare leiing. For NTLs lønnspolitikk er rettferdig lønnsfastsetjing og solidarisk fordeling av pengane heilt vesentlege punkt, og på sikt kan ikkje Sikt leve med dei forskjellane vi ser i dag, seier Øvrebø, som også er tidlegare leiar av NTL ved NSD.

Han legg til at det er opp til arbeidsgivar å legge ein plan for dette arbeidet.

— Det har vi tillit til at dei vil gjere i samarbeid med dei tillitsvalde, seier Øvrebø.

Direktør i Sikt Roar Olsen seier til Khrono at uforklarlege lønsskilnader kan oppstå når ein fusjonerer sjølvstendige verksemder.

— Vi skal jamne ut uforklarlege lønnsforskjellar i nyetablerte Sikt, men dei økonomiske rammevilkåra gjer at det er krevjande å få dette til innanfor eitt, enkelt budsjettår. Vi har god dialog med dei tillitsvalde om denne problemstillinga, og vi tar eit første steg i å løyse utfordringane i årets lønnsoppgjer, seier Olsen.

Powered by Labrador CMS