UKRAINA
Stipendordning for ukrainske studentar held fram
Ukrainske studentar som var i Noreg før krigen, kan også neste år studieår få stipend for livsopphald.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
– Det er framleis krig i Ukraina, og ukrainske studentar kan ikkje reise heim. Derfor forlengjer vi stipendordninga for dei ukrainske studentane som var i Noreg før 24. februar. Det betyr at dei også kan få stipend for neste studieår, seier statssekretær Oddmund Løkensgard Hoel i ei pressemelding.
Ordninga for studentar frå Russland og Belarus blir derimot ikkje vidareført. Det grunngir statssekretæren slik:
– For dei fleste russiske og belarussiske studentar er det mogleg å reise tilbake til heimlandet. I vår var situasjonen deira akutt, og derfor fekk dei tilbod om økonomisk hjelp fram til sommaren. Det har forhåpentlegvis gitt føreseielegheit og tid til å finne løysingar for vidare studium.
– Frå hausten av er det ikkje grunnlag for å behandle disse studentane annleis enn andre utanlandske studentar, seier Hoel.
50 ukrainske studentar
I vår var det om lag 50 ukrainske, 70 russiske og éin belarussisk student som søkte om stipendet. For haustmesteret er anslaget for ukrainske studentar omtrent det same talet som i vår.
Stipendordninga kom i stand fordi ukrainske, russiske og belarussiske studentar i Noreg mista tilgang til pengar for livsopphald nærmast over natta då krigen starta.
Ordninga gjaldt i første omgang vårsemesteret, og studentane har fått opptil 11.500 kroner per månad. Doktorgradsstudentar har fått 21.000 kroner i månaden.

Nylige artikler
Når det er krig i Europa, må forskningspolitikken endres
Unge forskere vil ha tydeligere skille mellom jobb og fritid
Eksamener avlyst på grunn av datainnbrudd
28 søkere ønsker å bli ny kommunikasjonssjef på Universitetet i Oslo
NTNU har fordømt 7. oktober-terroren, men styrer ikke hva ansatte mener
Mest leste artikler
Disse studiene ble ikke valgt av noen – derfor står studieplassene tomme
Opp mot 250.000 studenter kan være rammet av hackerangrep
Mener særlig uavhengige stillinger er misbruk av ansatte
Vil endre reglar for opprykk og rekruttering av forskarar
Geir Anton Johansen (1960 — 2026)