Pandemi

Stipendiatar aksjonerer for å få sin eigen krisemilliard

Noreg har ikkje råd til å miste ein generasjon unge forskarar, proklamerer stipendiatane. No mobiliserer dei for krisepakke til unge forskarar.

Ei ny undersøking gjort ved UiB viser at ni av ti stipendiatar og postdoktorar er blitt forsinka av pandemien.
Publisert Oppdatert

Stortinget bør prioritere ein stor krisepakke til norsk forsking i revidert statsbudsjett, særleg retta mot doktorgradsstipendiatar og postdoktorar, er kravet i oppropet som no blir spreidd på universitet og høgskular.

Kravet er to månaders utviding av arbeidstida til alle mellombels tilsette. I tillegg ønskjer aksjonistane at det skal kunne søkast om ekstra pengar for dei som treng det mest.

Dei har ikkje rekna på den totale kostnaden av pakken, men ein liknande pakke er tidlegare vurdert til ha eit omfang på mellom ein og ein halv milliard kroner.

— Vi er opptekne av konsekvensane for samfunnet, seier stipendiat Marte Knutsson.

— Ikkje for å sutre

— Vi set ikkje dette i gang for å sutre eller fordi har vore tvinga til å sitje heime på dårlege pinnestolar. Det er konsekvensane på samfunnsnivå vi er opptekne av. Det er alt investert mykje i oss som stipendiatar, og kostnaden med at folk blir forsinka eller kanskje ikkje får fullført i det heile, er svært stor. Det kan påverke kvaliteten på forskarar som yrkesgruppe i framtida, seier Marte Knutsson, sjølv stipendiat på Noregs idrettshøgskole (NIH) og ein av initiativtakarane til aksjonen.

Ei undersøking blant stipendiatar ved Universitetet i Bergen, som vart lagt fram for styret der denne veka, responderer ni av ti i gruppa av ph.d.-studentar eller postdoktorar at dei er blitt forsinka på grunn av pandemien. Ein av fire har hatt vanskelege arbeidsforhold heime.

Eit fleirtal av kandidatane rapporterer samstundes at dei i stor eller nokon grad har hatt tilgang til nødvendig infrastruktur og også tilstrekkeleg kontakt med rettleiar.

Fryktar tap for samfunnet

Underskriftkampanjen har så langt sanka kring 500 signaturar. Håpet er å tidoble dette innan framlegginga av revidert statsbudsjett 11. mai, som er potten dei siktar seg inn mot.

— Det vil bli eit tap for samfunnet, eit kollektivt tap, dersom pandemien fører til ein skadeskoten kunnskapsnasjon. Stipendiatar og postdoktorar er folk landet vil trenge for å takle framtidige kriser, seier Margrethe Voll Storaas, som er stipendiat på Noregs idrettshøgskole, og ei av dei som har vore med å starte aksjonen.

Du får ikkje ein god forskar ut av ein isolert stipendiat, meiner ho.

— Ville Sofie Høgestøl kunne hjelpt allmugen like mykje til å forstå storminga av Kongressen utan å ha reist til USA under doktorgraden sin? Situasjonen og konsekvensane av pandemien for stipendiatane bør uroe Asheim, styresmaktene og organisasjonane og bedriftene som er avhengige av kompetansen vår også etter pandemien, seier Storaas.

Powered by Labrador CMS