vitskapsfestival

Stavanger var ein konsensusby, seier Jan Inge Reilstad. No lagar han vitskapsfestival

Stavanger mangla eit kveldstilbod for dei som var interesserte i meir enn å berre drikka øl. Så då starta Jan Inge Reilstad like godt ein festival. Og i juni kjem den andre.

Jan Inge Reilstad var tilsett ved Lesesenteret ved Universitetet i Stavanger, og var eigentleg innstilt på å verta verande i aakdemia. Men både folk og finansiering gjorde det så spanande å starta ein debattarena at han sa opp jobben ved UiS.

I Stavanger skal det vera ein høg debatthimmel. Frå 2014 har dei faktisk hatt sin eigen katedral; KÅKÅ kverulantkatedralen. Frå 2017 fekk byen KÅKÅnomics, Nordens første økonomifestival, og i juni i år går Wonderful World, ein festival om filosofi og vitskap, av stabelen for første gong.

Mannen bak er Jan Inge Reilstad. Han var tilsett ved Lesesenteret ved Universitetet i Stavanger (UiS), men sa opp jobben der for å drifta debatt- og litteraturhuset, som altså heiter kverulantkatedralen.

— Eg trur ikkje ein kunne fått til dette innanfor rammene av eit universitet, seier Reilstad.

— UiS hadde noko dei kalla UiS debatt, som mange var lettare oppgitt over. Men no har me fått bruka UiS sin kunnskap og nettverk til noko breiare og opnare.

UiS-rektor med på laget

Stavanger var ein konsensusby, seier Reilstad. Politisk hadde byen hatt same parti ved rattet i 25 år, og det var ikkje noko særleg offentleg debatt. Men det var ein utelivsby; for øldrikkarar.

— Stavanger hadde ikkje tilbod til modne menneske på kveldstid, menneske som var interesserte i noko anna enn å berre drikka øl. Me ville ikkje laga eit dialogens hus eller eit reint litteraturhus, men me ville vera friare, seier Reilstad.

SV-politikar Hallgeir Langeland sat på Stortinget fram til 2013. Året etter var han med på å starta KÅKÅ, som er daglegforma, og han var den første styreleiaren. I dag sit mellom andre UiS-rektor Klaus Mohn i redaksjonsrådet til KÅKÅnomics, som vart starta i 2017. For sjølv om UiS sjølve ikkje har rom for denne typen debatt eller festival, har det ifølgje Reilstad vore lett å få forskarane med.

— Ein kan plassera forskingsfronten i ein ende, og folk flest i den andre. I midten finn ein media og politikarane. Det er få kanalar for å formidla forsking, seier Reilstad.

Nokre forskarar har alltid vore orienterte mot formidling, seier han, og responsen når han tek kontakt og vil ha forskarar til Stavanger er svært positiv.

— Det er sjeldan me får nei, og nokre vert sure dersom me ikkje ringjer.

På bakrommet med økonomar

KÅKÅnomics vert arrangert om hausten. Tema er økonomi, og festivalen vert i år arrangert for sjuande gongen. Det var ingen som hadde trua, fortel Reilstad, som laga ein festival etter ein tur til Kilkenny, Irland. Der kunne ein treffa dei irske økonomane på bakromma på pubane, noko slikt måtte ein vel kunne få til i Noreg òg?

Med femti arrangement allereie det første festivalåret var festivalsjefen svært spent. Men:

— Det har aldri vore så lange køar til noko me har laga, seier Reilstad.

— Fagfolka og politikarane var ikkje vane med ei slik scene i 2017. Dei var vane til å snakka for akademia, på konferansar, eller i Stortinget. Universiteta tok ikkje ansvar for den norske offentlegheita, så eg tenkte at dette måtte me ta ansvar for.

Kansellering og kjønn

Reilstad meiner at noko har skjedd i Stavanger dei siste ti åra. Det har vore meir debatt, og fleire arrangørar. KÅKÅ treng ikkje lenger å ta ansvar åleine. Men no går han likevel i gang med ein ny festival. Dei første dagane i juni vert Wonderful World arrangert for første gong, i lokala til det gamle Tou bryggeri.

Wonderful World skal ifølgje programmet vera ein stad der «de beste filosofene og vitenskaperene kommer for å snakke om de viktigste temaene og sakene som berører oss. De skal ta oss med til grensene for hva vi vet, og la oss kikke inn i det vi ennå ikke har nok kunnskap om».

Igjen har Reilstad sett til utlandet. Han ville finna ein ny visjon, og laga ein festival som verken skulle handla om musikk, mat eller litteratur. Tanken melde seg under covid: Nokon burde ta ansvar for filosofi og vitskap.

— Kan ein ha noko som er så breitt? Målet er at denne festivalen skal verta litt annleis frå år til år. Både i Danmark og Storbritannia har ein slike festivalar, seier Reilstad.

I Khrono har både kansellering, kjønn og klimaaktivisme vorte debattert. Alt dette er tema som skal løftast under festivalen.

— De tek tak i nokre saker med temmeleg steile frontar?

— Ja, nokre av dei viktigaste sakene gir steile frontar. Me skal mellom anna drøfta kansellering, med Fritt ord-leiar Knut Olav Åmås i panelet, seier Reilstad.

— Nokre tema må ha motstand. Andre må ein grava meir i saman.

Kva kan formidlast? Alt

Sjølv har Jan Inge Reilstad jobba med mellom anna Georg Johannessen sin lyrikk. Han viser til at det tidlegare vart sagt at av forfattarane så var det berre ein annan lyrikar, Jan Erik Vold, som kunne ta ei scene. Men slik er det ikkje lenger, seier Reilstad, no er ein kvar forfattar også ein artistisk formidlar.

Han er oppteken av at alt kan formidlast — ein må berre finna rett format. Og alle vert gode formidlarar om ein trenar.

— Akademia er opptekne av teljekantar og poeng, men det handlar om å formidla kunnskapen. Me har klart å få folk til å skjøna at dei kan gå på eit arrangement, som kanskje varer ein time, og der kjem dei til å møta nokon som snakkar på ein måte som gjer at dei skjønar kva som vert sagt, seier Reilstad.

— Men trengst det ein vitskapsfestival til?

— Det trengst sikkert ikkje berre ein.

Powered by Labrador CMS