HiOA må vise respekt for nynorskstudentane

Høgskolen i Oslo og Akershus ekskluderer ei stor studentgruppe, skriv Elise Tørring, nestleiar i Målungdommen.

Publisert Sist oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Sidan hausten 2016 har studentane på Høgskolen i Oslo og Akershus (HiOA) hatt kvar si studieside med oversyn over timeplan, studieløp og diverse anna.

I dag har me berre valet mellom språka «norsk» (det vil seie bokmål) og engelsk på nettsidene. Det ekskluderer ei stor studentgruppe: nynorskstudentane.

Studentgruppa på HiOA er mangfaldig, og mange av oss har nynorsk som hovudmål. Slik situasjonen er i dag, får ikkje nynorskstudentane bruke språket sitt på lik line som dei som nyttar bokmål eller engelsk.

Det er skuffande at ein statleg institusjon ikkje tilbyr plattformer på dei to offisielle norske skriftspråka. Når dei etter kvart får sidene på begge språka, bør dei kalle språka kva dei faktisk heiter: bokmål og nynorsk.

Det er ikkje greitt at ein institusjon som HiOA undergrev eitt av språka ved å kalle det eine norsk og ikkje det andre.

Høgskolen i Oslo og Akershus må vise respekt for nynorsk-studentane sine.

Elise Tørring

I 2016 nytta ingen av dei store høgskolane eller universiteta nok nynorsk, og braut med det mållova. Ved å omsetje studentsidene til nynorsk, kjem HiOA nærare å følgje norsk lov.

Høgskolen i Oslo og Akershus må ta ansvar for å omsetje student.hioa.no til nynorsk, og vise at dei respekterer alle studentane sine – også nynorskbrukarane. 

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS