Dårleg stell med språket: Ingen oppfyller mållova

PublisertMandag, 24. april 2017 - 6:05-OppdatertMandag, 24. april 2017 - 6:05
Det er ikkje frivillig å følge mållova eller ikkje, seier språkdirektør Åse Wetås, som slit med å få unversitet og høgskular til å ta mållova på alvor - og få rapportar om målbruk inn i tide.
Målform. Språkrådet slit med å få universitet og høgskular til å rapportere målbruken sin. Av dei som har rapportert for 2016 har ingen så langt klart å oppfylle mållova. Mens nokon brukar for lite bokmål, har dei fleste altfor lite nynorsk.

Høgskulen i Volda får kritikk for å bruke for lite bokmål. Høgskolen i Oslo og Akershus for ikkje å ta innspel frå Språkrådet alvorleg. NTNU har enno ikkje rapportert målbruken sin for 2016, og ingen universitet eller høgskular oppfyller mållova så langt.

Språkrådet gjennomfører tilsyn med statlege institusjonar si etterleving av mållova. Lova seier at i alt publikumsretta, skriftleg tilfang som sentrale statsorgan lagar, skal begge målformene vere representerte med minst 25 prosent. Dette gjeld òg på heimesider, i sosiale medium, og andre tekstar som institusjonane publiserer. Alle skjema skal vere tilgjengelege både på nynorsk og bokmål.

Les òg: Reglar og råd for nynorsk i staten

Fristen for å levere inn sjølvmelding på det som kallast «målveksling» (altså korleis institusjonane vekslar mellom nynorsk og bokmål. red.mrk) var 31. januar i år. Men Språkrådet har enno ikkje fått inn svar frå alle, og fleire av dei som har levert har sendt inn mangelfulle rapportar. 

Ingen oppfyller lova

Ingen av dei høgare utdanningsinstitusjonane som har levert rapport for 2016 oppfyller mållova, viser brev som Khrono har fått innsyn i hos Språkrådet.

Av dei 17 universitet og høgskular som har svart, men der Språkrådet ikkje er nøgde med svara og har bede om ein tiltaksplan er:

  • Universitetet i Stavanger.
  • Universitetet i Tromsø.
  • Nord universitet.
  • Høgskolen i Oslo og Akershus.
  • Norges handelshøgskole.
  • Høgskolen i Molde.
  • Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo.

Av desse er det berre Arkitekthøgskolen som hadde svart sist veke, så det er no klart for ein ny purrerunde. Etter at Khrono tok kontakt har også Høgskolen i Oslo og Akershus svart på purringa. 

Les svar fra HiOA her

Særskild ansvar

Khrono har fått innsyn i tilbakemeldingane som har gått frå Språkrådet til dei 17 høgare utdanningsinstitusjonane som har rapportert korleis dei gjennomførte målveksling i 2016, og for dei som er opptekne av det norske språket er det ikke lysteleg lesing.

Språkdirektør Åse Wetås (bilde) meiner at universitet og høgskular har eit særskild ansvar for å gå føre med eit godt eksempel:

— Universitet og høgskular har òg eit særleg ansvar for språk, og dette er hjemla i universitets- og høgskulelova. Og viss dei ikkje svarar på brev frå Språkrådet så bryt dei forvaltningslova òg, seier Wetås til Khrono.

Av dei universitet og høgskular som enno ikkje har svart og fått purring etter at fristen gjekk ut 31. januar, finn vi: 

  • Høgskolen i Bergen.
  • Høgskolen i Hedmark.
  • Høgskolen i Lillehammer.
  • Kunst- og designhøgskolen i Bergen.
  • Kunsthøgskolen i Oslo.
  • Norges musikkhøgskole.
  • Norges miljø- og biovitenskapelige universitet (NMBU).
  • NTNU.
  • Universitetet i Agder.

Språkdirektør Wetås seier at det er grenser for kor mange gongar dei kan purre.

Alle må skjerpe seg

— Vi må òg bli ferdige med å rapportere attende til våre overordna som er Kulturdepartementet, seier ho. 

— Men så langt ser vi at ingen av dei høgare utdanningsinstitusjonane som har svart oppfyller mållova? 

— Det stemmer. Her må rett og slett alle skjerpe seg, seier ho. 

— Dei fleste får påpakning for manglande bruk av nynorsk, men både Høgskulen i Volda og tidlegare Høgskulen i Sogn og Fjordane får merknad frå Språkrådet for ikkje å bruke nok bokmål? 

— Ja, lova er lik for alle, og gjeld på institusjonsnivå. Viss det er slik at ein institusjon har nynorsk som hovudmål så må dei ha minst 25 prosent skriftleg publisering på bokmål, seier Wetås. 

Like strenge med alle

— Vi kan òg lese at Språkrådet er ekstra strenge med landets største høgskole, Høgskolen i Oslo og Akershus, og meiner at dei ikkje tar innspel frå Språkrådet på alvor? 

— Vi er like strenge med alle. Men i utgangspunktet prøver vi å oppmuntre og gje rettleiing til meir bruk av nynorsk. Og vi forventar at det skal vere ein framgang frå det eine året til det andre. Det viktigaste er at leiarane ved institusjonane kjenner eit ansvar for dette, seier ho og viser mellom anna til direktøren ved Universitetet i Oslo, Gunn Elin Aa. Bjørneboe, som har sendt brev til alle einingane ved UiO og bede om at kvar fjerde sak på nettsidene og kvar fjerde melding som går ut i sosiale medium som Twitter og Facebook skal vere på nynorsk.

UiO er ein av dei få som får ros for framgang i bruk av nynorsk, sjølv om dei ikkje oppfyller lova på alle punkt.

Skryt til UiO

— Eg vil gjerne gi skryt til universitetsdirektøren ved UiO som no tar grep, seier Wetås. 

— Rektor ved Høgskolen i Oslo og Akershus, Curt Rice, er både språkprofessor og varamedlem til styret i Språkrådet. Har du ekstra store forventningar til at han skal ta grep for å auke nynorskbruken på HiOA?

— Eg har like store forventningar til leiarane ved Høgskolen i Oslo og Akershus som eg har til alle andre leiarar i akademia. 

— Vi ser òg at fleire av utdanningsinstitusjonane meiner at dei må publisere så mykje på engelsk at det går ut over nynorsken, for eksempel. Kan du forstå det?

— Nei, det er ikkje eit gyldig argument. Mykje bruk av engelsk gir ikkje fritak frå å følgje mållova, seier Wetås.

Når det gjeld Høgskolen i Oslo og Akershus viser rapporteringa at berre 3,2 prosent av sakene på hioa.no er på nynorsk, 5,9 prosent av meldingane i sosiale medium, mens berre 4 av 153 skjema ligg føre på begge målformer. 

I brevet til høgskulen viser òg Språkrådet til at det ikkje har skjedd noen betring av språkbruken sjølv om det har vore mykje og jamnleg kontakt mellom høgskulen og rådet, og at Språkrådet òg har vore på høgskulen og heldt kurs i nynorsk. Det blir òg peika på at berre ei av høgskolen sine annonsar var på nynorsk i 2016. 

«Vi har flere ganger minnet dere om at dere har et særskilt ansvar som studiested. En utdanningsinstitusjon skal gå foran som et godt eksempel, og det er ikke valgfritt om man vil følge målloven eller ikke. Vi kan ikke se at Høgskolen i Oslo og Akershus tar Språkrådets innspill på alvor. Vi ber om tilbakemelding fra dere innen 17. mars 2017», heiter det i brevet som er datert 15. februar. 

Les heile brevet frå Språkrådet til HiOA her.

25 prosent ei utfordring på HiOA

Kommunikasjonsdirektør ved Høgskolen i Oslo og Akershus, Sverre Molandsveen (bilde under), skriv i ein epost til Khrono at HiOA sjølvsagt tek tilbakemeldingane frå Språkrådet på alvor.

— Vi har laga materiell både for bruk på nett og i ulike publikasjonar, for å gjere det enklare å skrive på nynorsk. Alle fakulteta og sentra ved HiOA har fått forslag til tiltak for å auke nynorskandelen, og dei rapporterer inn fast til oss på kva dei skriv av nynorsk innhald på nettsidene. I sosiale medium er det til dømes innført faste «nynorskdagar», opplyser Molandsveen.

— Samstundes er 25 prosent nynorsk ei utfordring for mange i universitets- og høgskolesektoren. Det er vanskeleg å oppnå dette kravet for ein høgskule som ligg i Oslo og Akershus, og der 98,3 prosent av studentane brukar bokmål. Vi har derfor bede Språkrådet om råd om korleis vi kan få dette til, skriv han. 

I brevet som HiOA no har sendt Språkrådet står det mellom anna at dei meiner det er ei generell utfordring i universitets- og høgskulesektoren, «… og det er derfor nærliggende å tro at det trengs tid for å endre praksis i en kultur hvor autonomi og akademisk frihet – også på det språklige feltet – har vært rådende». 

NTNU som nynorsk-syndar

Landets største universitet, NTNU, har enno ikkje rapportert inn målbruken sin frå 2016. Universitetet fekk omfattande omtale og harselas i media i fjor vår etter at ei eksamensoppgåve ved NTNU sin campus på Gjøvik var skriven på hjelpelaus «tulle-nynorsk». Dei brukte mellom anna formuleringar som dette: «Kvisleis er investeringa si internrente…», «Bedrifta verdsetj au ei anna maskin til anskaffingskost…»

Les òg: Hjelpeløs nynorsk på NTNU

Kommunikasjonsdirektør Christian Fossen (bildet) ved NTNU seier til Khrono at universitetet har fått utsetting med å svare Språkrådet til april i år. 

— Vi har enno ikkje gjort ei oppteljing av målbruken på NTNU for 2016, men eg reknar ikkje med at det er noko det kjem til å bli heisa flagg for, seier han.

Fossen legg til at rektoratmøtet skal diskutere saka denne veka. 

NTNU er landets største universitet og eksamensoppgåva frå mai i fjor var vel ikkje noko særleg å heise flagg for den heller?

— Nei, og rektor Gunnar Bovim var heilt klar den gongen på at det var fullstendig uakseptabelt. Målbruk er noko heile organisasjonen vår må jobbe med, seier kommunikasjonsdirektør Fossen.

Høgskulen i Volda bryt mållova

I nynorskland i Volda i Møre og Romsdal sit rektor Johann Roppen og har eit motsett problem. Dei skriv for mykje nynorsk.

Ifølge rapporten frå Språkrådet oppfyller nettsida hivolda.no mållova med 67,5 prosent nynorsk, mens på nernett.no har dei berre 11,5 prosent.

Når det gjeld periodiske publikasjonar (84,7 prosent nynorsk), korte tekstar (89,2 prosent nynorsk) bryt dei lova og har for lite bokmål. Berre 16 av 32 skjema finst på begge målformene. 

Høgskulen i Volda får ros frå Språkrådet for å gjere framifrå arbeid for nynorsken og jamstillinga. Ifølge brevet frå rådet er det òg mange år sidan sist Høgskulen i Volda sende inn målrapport til Språkrådet, så dei har ikkje noko å samanlikne med. 

«Likevel må vi peike på at jamstillingsprinsippet i første paragrafen i mållova også gjeld for bokmålet. Høgskulen i Volda må hugse på å gjere plass for denne målforma òg.», heiter det i brevet. 

Rektor Roppen legg seg flat

Rektor Roppen legg seg flat, og beklagar at dei bryt mållova. Og i denne samanhengen vil han gjerne gi svara på bokmål. Han skriv i ein epost til Khrono:

— Mållova har vi meget stor respekt for, og det burde alle andre også ha. Det er nok likevel atskillig flere institusjoner som bryter lova den andre vegen, altså ved å ha for mye bokmål og ikke for mye nynorsk. Så kanskje burde man også i denne diskusjonen se på universitets- og høgskolesektoren samla sett og ikke bare på enkeltinstitusjoner, seier Roppen og held fram:

— Vi vil ta opp brevet fra Språkrådet internt og diskutere hva vi skal gjøre. Noen områder har vi reservert for bokmål nettopp for å sikre at vi skal få en høyere bokmålsprosent, så vi må vel se på om det er behov for flere slike tiltak, skriv han.

Ønsker Språkrådet til Ørsta/Volda

I ein tilleggskommentar etter å ha lese brevet frå Språkrådet ein gong til skriv rektoren:

— Ellers setter jeg stor pris på at Språkrådet gir Høgskulen i Volda ros for det gode og viktige arbeidet som høgskolen gjør for nynorsk i akademia. Jeg har faktisk opplevd skarp kritikk fra enkeltpersoner i Noregs Mållag som mener at vi burde brukt nynorsk i enda større grad.

Han skriv òg at fleire av dei tilsette har søkt seg til Volda nettopp fordi dei ønsker å arbeide i eit fagmiljø der det er naturleg å bruke nynorsk.

Roppen gjer oss òg merksam på at Høgskulen i Volda og fleire samarbeidspartnarar i ei nynorskklynge har invitert Språkrådet til Volda viss det blir aktuelt å flytte Språkrådet ut av Oslo.

Les òg: Språkrådet velkomne til Volda/Ørsta 

Dårleg stell i Molde og Tromsø

Høgskolen i Molde har ifølge Språkrådet aldri tidlegare levert målrapport, men har gjort det i år, og på fleire område kan dei vise til null prosent nynorsk. Så Språkrådet ber om ein tiltaksplan innan 28. april. 

UiT Norges arktiske universitet går i feil retning når det gjeld målbruk, og har mindre nynorsk enn førre gongen dei rapporterte. Også i Tromsø er det null prosent på fleire område. 

«Som nevnt i tidligere brev handler målveksling mer om brukernes rettigheter enn om deres plikter. Å gjøre begge målformer synlige er å møte brukerne deres med respekt.», skriv rådet og ber om ein tiltaksplan.

Usikkert ved UiB, dårleg i Nord

Når det gjeld Universitetet i Bergen oppfyller dei mållova på fleire punkt, men det er usikkert på andre punkt fordi dei ikkje rapporterer fullstendige tal. Og Språkrådet oppmodar universitetet i vest om å faktisk lese breva og tilbakemeldingane frå Språkrådet.

Nord universitet er òg langt ifrå innfriing av mållova. «Vi hadde håp om at Nord universitet skulle benytte sammenslåingen av Universitetet i Nordland, Høgskolen i Nord-Trøndelag og Høgskolen i Nesna som en gyllen mulighet for blanke ark og friskt mot i målbruksarbeidet. Vi kan ikke se at dere har tenkt det samme», skriv Språkrådet.

(Sjå lenke til breva frå Språkrådet til den einskilde institusjonen i faktaspalta).

Fakta

Tilbakemeldingar frå Språkrådet

17 høgskular og universitet har sendt inn rapport om bruk av nynorsk/bokmål i 2016 og fått tilbakemelding frå Språkrådet, og direktør Åse Wetås (bildet) om målbruken 24.april. 7.juni 2017 er det to til: NMBU og tidlegare Høgskolen i Bergen. NTNU har bede om fritak, og fått det. 

Her kan du lese alle breva frå Språkrådet til institusjonane: 

NTNU 

Språkrådet skriv mellom anna: 

Mange lærestadar ønskjer å nytte meir engelsk i tilfanget sitt, og Språkrådet følgjer nøye med på denne utviklinga. Vi kan ikkje la aukande internasjonalisering i UH-sektoren stå i vegen for norsk språkpolitikk, som eksplisitt set vern av norsk (begge målformer) i fokus. De må difor halde fram med å arbeide for godt norsk språk i det eksterne tilfanget dykkar. Vi meiner det er engelsken som kjem i tillegg til norsken, og ikkje motsett.

Tidlegare Høgskolen i Bergen 

Språkrådet skriv mellom anna: 

Vi veit frå tidlegare år at Høgskolen i Bergen gjer godt arbeid for jamstillinga mellom målformene våre. Det reknar vi med at de vil halde fram med også i ny drakt.

NMBU

Språkrådet skriv mellom anna: 

Vi får inntrykk av at dere enten ikke kjenner til hva regelverket krever av dere, eller ikke prioriterer å følge det opp.

Høgskolen i Molde

Språkrådet skriver mellom anna:

Flere faste tekster på nett på oversettes til nynorsk. Om dere mener dere ikke har de kvalifikasjonene som trengs for å få dette gjort, minner vi om at man kan kjøpe oversettertjenester.

Høgskulen i Volda

Språkrådet skriver mellom anna:

Det er fleire år sidan Høgskulen i Volda leverte målbruksrapport til oss, så vi har lite grunnlag for å samanlikne med tidlegare år.

Politihøgskolen

Språkrådet skriver mellom anna:

Vi håper dere vil arbeide dere tilbake til det nivået dere lå på i 2015.

Arkitektur- og designhøgskolen

Språkrådet skriver mellom anna:

Vi oppfordrer dere til å komme tidlig i gang med planleggingen for bedre målveksling. Det er ledelsen som har ansvaret for dette, men alle må bidra.

Norges idrettshøgskole

Språkrådet skriver mellom anna:

Norges idrettshøgskole har fremdeles en lang vei å gå før høgskolen oppfyller de kravene som målloven stiller til veksling mellom målformene våre.

Noregs Handelshøgskole

Språkrådet skriver mellom anna:

Fagtekstar og formidling av forsking er særs viktig tilfang i dette arbeidet, så det er trist at de her vel bokmål fordi de meiner at «saker på bokmål blir meir lest enn forskingssaker på nynorsk», som de skriv i følgjebrevet.

Høgskulen i Sogn og Fjordane

Språkrådet skriver mellom anna:

Likevel må vi kommentere at de også for 2016 rapporterer om for mykje nynorsk i tilfanget dykkar, slik de òg gjorde ved førre rapportering.

Høgskolen Stord/Haugesund

Språkrådet skriver mellom anna:

Frå årsskiftet 2017 er de blitt ein del av den nye Høgskulen på Vestlandet, og vi ber dykk ta dei gode rutinane dykkar med dykk inn i samarbeidet.

Høgskolen i Søraust-Noreg

Språkrådet skriver mellom anna:

Det er bra om de får gode rutinar på plass medan de enno er nye som samla organ og ikkje har grodd fast i dårlege spor.

Høgskolen i Østfold

Språkrådet skriver mellom anna:

Det monar likevel litt for lite med dei 32 sidene på nynorsk i Trendar i søkjarutviklinga når de nesten utelukkande nyttar bokmål på nett, i pressemeldingar og i annonsar.

Høgskolen i Oslo og Akershus

Språkrådet skriver mellom anna:

Til tross for gjentatte samtaler, oppfølging og kurs har ikke målbruksarbeidet ved Høgskolen i Oslo og Akershus gått framover siden sist vi var i kontakt med dere.

Universitetet i Stavanger

Språkrådet skriver mellom anna:

Vi ser at de har hatt fleire nyheitssaker på nynorsk i det siste, og det er bra, men alt i alt blir det likevel for lite.

UiT - Norges arktiske universitet

Språkrådet skriver mellom anna:

Vi sendte dere et oppfølgingsbrev etter fjorårets rapport, datert 12. desember 2016, hvor vi informerte dere om at dere lå dårlig an, og at vi ikke kan se at dere følger opp målbruksarbeidet ved universitetet.

Noregsuniversitetet

Språkrådet skriver mellom anna:

Under alle dei tre utheva fanene på framsida dykkar, ligg det no bokmålstekst. Vi ber dykk prioritere nettsidene dykkar i det vidare målvekslingsarbeidet.

Nord universitet

Språkrådet skriver mellom anna:

Dere rapporterer om en merkbar endring i bruken av nynorsk på nettsidene deres, med vi ser kun bokmål på framsiden av nettstedet, og ingen av de siste ti nyhetssakene var skrevet på nynorsk.

Universitet i Bergen

Språkrådet skriver mellom anna:

Vi håper dere denne gangen leser tilbakemeldingen vår og husker på den i neste runde, slik at vi kan få de tallene vi har behov for neste gang dere leverer rapport.

Universitet i Oslo

Språkrådet skriver mellom anna:

UiO oppfyller ikke kravene i målloven samlet sett, men viser framgang og gode resultater på flere områder.

Desse har enno ikkje svart Språkrådet om målveksling:

  • Høgskolen i Hedmark.
  • Høgskolen i Lillehammer.
  • Kunst- og designhøgskolen i Bergen.
  • Kunsthøgskolen i Oslo.
  • Norges musikkhøgskole.
  • Universitetet i Agder.

(Oppdatert 7.juni 2017).

Kjelde: Norsk språkråd

Mållova

Mållova (lov om målbruk i offentleg teneste) regulerer bruken av bokmål og nynorsk i staten.

Du skal få svar frå eit statsorgan i den målforma du sjølv har nytta i brevet til statsorganet.

Sentrale statsorgan, dvs. statsorgan som dekkjer landet som tenestekrins, er språkleg nøytrale. Dei skal veksle mellom nynorsk og bokmål. På nettsider, i stillingsannonsar og i rapportar og anna skriftleg tilfang skal ingen av målformene vere representerte med mindre enn 25 % hjå sentrale statsorgan.

Skjema, til dømes sjølvmelding og vigselattest, skal vere tilgjengelege i begge målformer. Det same gjeld det lova kallar «løyve og faste formular», som til dømes pass og førarkort. I somme tilfelle finst begge målformene i eitt og same dokument, som i passet, medan det i andre tilfelle blir tilbode både bokmåls- og nynorskversjon, som fødselsattest.

Kommunar har rett til å velje i kva målform dei vil ha skriv frå staten. Vedtaket blir gjort av kommunestyret og kallast målvedtak. Målvedtaket i kvar kommune dannar òg utgangspunktet for fleirtalsmålforma i eit område.

Tilfang med særleg tilknyting til eit geografisk avgrensa område, til dømes ein annonse som gjeld nokre få kommunar, skal vere i fleirtalsmålforma for området – det vil seie den målforma dei fleste av kommunane i området har valt.

Når lokale og regionale statsorgan informerer på nettsider, i stillingsannonsar, rapportar og anna skriftleg tilfang, skal dei bruke tenestemålet sitt. Tenestemålet blir fastsett på bakgrunn av fleirtalsmålforma i området.

Kjelde: Språkrådet

Ved å melde deg på vil du jevnlig få nyhetsbrev fra Khrono på epost.

Tips oss gjerne om aktuelle saker på tips@khrono.no.

Vennlig hilsen Tove Lie,
ansvarlig redaktør, Khrono

Nyhetsbrev

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Fra seksjonene

Siste

Debatt

Karriere

Campus

Samfunn

Mest lest

Debatt

Meninger · Debattstil. Hvordan unngå avsporinger, usakligheter og uvennskap i debatter? Lars Rune Halvorsen og John A. Løkke ved Høgskolen i Østfold gir deg debattreglene. 
Klasserom undervisning fysikk
Meninger · Femårig. Her er fire gode grunner for at endringen til femårig lærerutdanning er nødvendig og positiv for skolen, skriver dekan Knut Patrick Hanevik ved Høgskolen i Oslo og Akershus.  
Meninger · Kreativitet. Hvordan stimulerer vi studenter til å undre seg, reflektere selvstendig og tørre å begi seg ut i ukjent terreng - i håp om å finne nye og bedre løsninger, spør professor Rikke Gürgens Gjærum og dekan Egil Trømborg. 

Karriere

Campus

Samfunn