universitetet i agder
Slit med å finna forskarar til batterisatsing i Agder
— Batteriingeniørar er det vanskelegaste yrket å tilsetja i på verdsbasis, seier Johannes Martin Landesfeind .

Det har vist seg at å få tak i forskarar innan batterifagfeltet er vanskeleg. No har Universitetet i Agder fire stillingar ute, og leiar for satsinga, Johannes Martin Landesfeid seier til Grimstad Adressetidende at sjølv om universitetet har fått 40 søkjarar, har ein så langt ikkje tilsett nokon.
I fjor vinter vart det kjent at Forskingsrådet, Innovasjon Noreg og SIVA gjekk inn med endå meir pengar i den norske batterisatsinga. Universitetet i Agder (UiA) var blant dei som fekk pengar. Førsteamanuensis Johannes Martin Landesfeind vart same år tilsett som leiar for batterisatsinga ved UiA.
— Det finst rapportar som viser at batteriingeniørar er det vanskelegaste yrket å tilsetja i på verdsbasis. Det er mange krav frå industrien si side. I tillegg er det fleire som jobbar i industrien, så det er ikkje mange igjen til akademia, seier Landesfeind til avisa.
Ny spesialisering
Khrono har tidlegare skrive om batterisatsinga på Sørlandet. I juni i år var den offisielle opninga av det nye batterisenteret i Grimstad, der UiA på sikt skal ha 18 forskarar.
Også i Mo i Rana skal det koma ein stor batterifabrikk. Begge desse fabrikkane treng fagfolk.
Både ved NTNU, Universitetet i Stavanger og ved UiA er det mogleg å ta ingeniørutdanning med spesialisering i batteriteknologi. Utdanninga ved UiA er ny frå i haust, og kor mange som faktisk vel denne er det for tidleg å seia noko om.
— Me tilbyr spesialisering i batteriteknologi både på bachelor- og masternivå. Men kor mange som vel denne retninga innan fornybar energi veit me ikkje før etter 1. september. Det er fristen for å velja spesialisering hos oss, skriv instituttleiar ved Institutt for ingeniørvitskap ved UiA, Paul Ragnar Svennevig, i ein epost til Khrono.
Samarbeid med næringslivet
Svennevig seier at UiA så langt har tilsett fleire forskarar knytt til batterisatsinga. Leiar Landesfeind, to forskarar, og to førsteamanuensar i 20 prosent stilling, som òg jobbar i batteriindustrien. Det er òg tilsett tre stipendiatar, der ein av dei tek nærings-ph.d. i samarbeid med Morrow, som driv batterifabrikken i Grimstad.
I tillegg er det altså lyst ut fire stillingar; to professor/førsteamanuensis-stillingar og to forskarstillingar. Landesfeind seier til Grimstad Adressetidende at ei av stillingane vart lyst ut allereie i fjor haust, og at planen var at den som vart tilsett skulle ha undervisning til hausten.
— Svennevig, kva gjer de dersom de ikkje får tak i folk?
— Me vurderer moglegheita for å utvikla kvalifisert personell frå eigne og samarbeidspartnarane sine rekker, mellom anna gjennom nærings-ph.d. Me ønskjer òg å tilsetja fleire i 20 prosent stilling, noko som kan bidra med å tetta band til industrien.
Svennevig seier at eit av tiltaka som no er gjort er å lysa ut professorstillingane i samarbeid med nemnde Morrow, slik at dei som vert tilsett kan ha ei bistilling der.
— På den måten vil dei vera involvert både i akademia og industrien.
Svennevig seier det same som Landesfeind: Batterikompetanse er ettertrakta på verdsbasis.
Tidlegare har Khrono skrive at universiteta synest regjeringa si batterisatsing er for lite konkret, og dei har mellom anna etterlyst fleire studieplassar.
— Finn de rett kompetanse i Noreg?
— Ja, ein av forskarane og ein av dei som er tilsett i tjue prosent bistilling som førsteamanuensis er norske. Men me ønskjer eit internasjonalt miljø og rekrutterer frå heile verda, seier Svennevig.
Nyeste artikler
Trump truer med å frata Harvard retten til å ta imot utenlandske studenter
Ser vi egentlig på de riktige problemene i lærerutdanningen?
Slet med å lese og skrive til hun gikk i 8. klasse. Så oppdaget hun westernromaner
Mener hun fikk sparken fra Columbia fordi hun hjalp demonstrerende studenter
Bluesky danker ut X: Deler mer ny forskning. — Blitt en søppelkasse
Mest lest
Ble avkrevd 190.000 kroner midt i semesteret. Måtte avbryte studiet
Trumps økonomirådgiver fikk toll-argumenter av sin «fantasiprofessor» Vara
Ikke kall det bachelor og master før vi vet hva vi snakker om
Her fullfører flest studenter på normert tid
Halvparten vet ikke hva studentene trenger når de ber om tilrettelegging