batteristrategi
Universiteta: Lite konkret batterisatsing
Regjeringa vil gjere Noreg til ein verdsleiande batterinasjon. Men universiteta tykkjer strategien er litt slapp og etterlyser meir ressursar og fleire studieplassar.
Næringsminister Jan Christian Vestre lanserte onsdag landets første batteristrategi. Målet er ikkje noko mindre enn at Noreg skal bli verdsleiande og tiltrekke seg milliardinvestreringar og gigafabrikkar.
Reaksjonane blant universiteta som har allereie har engasjert seg på fagfeltet, er positive, men avventande.
- Positivt, men det går litt tregt og det kunne vore meir konkret, seier dekan ved fakultet for naturvitskap ved NTNU, Øyvind Gregersen.
Treng fleire tusen
Regjeringa trur battericelleproduksjon kan gi 7000 arbeidsplassar i Noreg. Gregersen anslår at 2-3000 av desse vil vere folk med høgare utdanning.
- Vi saknar fleire konkrete tiltak for å få til den oppskaleringa som trengst. Det er fleire ting som kan setjast i gang utan fleire utgreiingar, for eksempel fleire studieplassar, seier Gregersen.
Instituttleiar Øystein Arild ved det teknisk- naturvitskapelege fakultetet på Universitetet i Stavanger minner om at dei treng meir ressursar om dei skal kunne følgje opp batteristrategien.
- Det står mykje fornuftig i strategien, men det er litt vanskeleg å sjå kva regjeringa faktisk lover. Vi må få meir ressursar, og det bør vere øyremerkte midlar, seier han.
Vil følgje tilrådingar
Batteristrategien som blei lagt fram onsdag, inneheld ti grep for å gjere Noreg til ein leiande batterinasjon, og eitt av dei handlar om kompetanseheving.
Næringsminister Jan Christian Vestre viste i sin presentasjon til at regjeringa nyleg la fram ei rekkje tiltak for eit grønt industriløft. Mellom anna skal fagskulane og desentraliserte utdanningstilbod i distrikta styrkast, og det skal etablerast kortare utdanningsløp tett på behova til industrien.
- Vi varslar i dag også at vi vil følgje opp tilrådingane frå Battkomp-rapportane, eit flott initiativ frå partane i arbeidslivet som har ei rekkje forslag til korleis vi kan dekke gapa og kva vi kan gjere framover for å sikre at vi har folk til denne veldig spennande framtidssektoren, sa han.
Battkomp er eit prosjekt i regi av partane i arbeidslivet for å kartlegge og analysere kompetansebehov ved ei storskala satsing på batteriindustri. Kartlegginga av kompetansebehov og utdanningstilbod er gjennomført, men tiltak og tilrådingar er ikkje klare enno.
- Uklare tiltak
Sjølv om det er partane i arbeidslivet som driv Battkomp-prosjektet, har kunnskapssektoren bidratt med innspel og føler dei er blitt høyrde så langt.
- Sjølv om nokre tiltak for å fremme ei berekraftig utdanning for batteriindustrien forblir uklare så lenge Battkomp-prosjektet køyrer, er vi sikre på at styresmaktene tar grep for også å støtte etableringa av den akademiske sektoren som eit sentralt grunnlag for eit langvarig skifte til ein batteriøkonomi, seier direktør Jorunn Mona Skofteland Gislefoss ved fakultet for teknologi og realfag på Universitetet i Agder.
- Dei 10 grepa som regjeringa har valt, verkar både kloke og riktige for å nå målet om at Noreg skal bli ein leiande batterinasjon, seier ho.