sommar i khrono
Skulle gjerne ha endra finansieringssystemet
Innimellom artikkelskriving og treplanting, skulle Laura Saetveit Miles gjerne gjort store endringar i finansieringa av høgre utdanning.

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
— Kva er det viktigaste du har gjort dette studieåret?
— Monografien min The Virgin Mary’s Book at the Annunciation vann to prestisjefylte førsteprisar, ein frå American Society for Church History og ein annan frå Society for Medieval Feminist Scholarship - så sjølv om boka kom i 2020, har dei siste månadene vore veldig spanande. Ein annan viktig ting er at eg vart vald som Gruppe A-representant til fakultetsstyret for det Humanistiske fakultetet ved Universitetet i Bergen, og dermed får bidra til styremøta. Vi behandlar alvorlege og tunge saker, og eg føler at dette vervet er ein av dei viktigaste måtane eg kan bidra til UiB på.
— Kva er dei største utfordringane på arbeidsplassen din neste studieår?
— Den største utfordringa skal vel bli å behandla kutt i fakultetsbudsjettet. Korleis greier vi å levera den same kvaliteten i undervisninga med lågare bemanning og mindre pengar? Også for min del, blir det mykje jobb som forskingskoordinator for Institutt for framandspråk, og nokre utfordringar. Eg fekk den rolla i april i år, og trivst godt i med arbeidet. Og så gler eg meg til å ta imot nokre nye, flinke stipendiatar, og til å leia fleire inspirerande seminar til hausten.
— Kor mykje er du på heimekontor no etter pandemien?
— Nesten aldri – eg elskar kontoret mitt, og eg treng å bruka alle bøkene eg har her! Og så er eg glad i å møta kollegaene mine og prata over ein kaffikopp. Men kattane mine saknar meg heime, sjølvsagt.
— Kva er dei største utfordringane i akademia framover, slik du ser det?
— At den norske regjeringa vel å ikkje støtta høgare utdanning og forsking på ein skikkeleg måte, og tek vekk så mykje pengar at det skadar heile sektoren. Heilt unødvendig.
— Kva var det første du ville ha gjort om du var forskings- og høgare utdanningsminister for ein dag?
— Det vil heilt sikkert ta meir enn ein dag, men eg ville endra heile finansieringssystemet slik at meir pengar går til grunnløyvingar, og reversert det forferdelege pensjonskuttet. Det kan henda at eg må bli statsminister i staden...
— Kva skal du gjera sommar?
— No skriv eg på ein veldig forseinka artikkel (eigentleg var fristen i januar) og tre konferansepresentasjonar. Det er vanskeleg når vêret er så fint og eg berre vil jobba i hagen og symja i sjøen! Dessverre er alle dei store konferansane på mitt fagfelt midt i juli og i England, så eg må skriv så raskt eg kan dei neste vekene. Men etterpå skal vi til USA og besøkja familie og vener som vi ikkje har sett på tre år. Det blir Boston, Ipswich MA, Brooklyn, Washington D.C., og til slutt Chincoteague Virginia med ei deilig strand.
— Kva bør Khrono verte betre til?
— Kanskje rapportera fleire gode nyheiter og suksesshistorier frå akademia, for å distrahera oss frå dei uendelege, deprimerande krisene.
Nylige artikler
Plagiat-felt stipendiat tvunget til å slutte. Vant ikke fram med klage
QR-kode i kantine-kampanje ledet til helseopplysninger
Et stjerneeksempel på hvorfor forskere ikke orker å delta i samfunnsdebatten
Flest mener Ap er best på utdanning og forskning: — Motiverende
Omorganisering ga overskudd tross sviktende omsetning og svak krone
Mest leste artikler
Beata krevde overtidsbetalt — tapte i retten
79 sluttavtaler er signert. Benedicte (48) tok en for laget
NTNU-professor gir Høyre-topp delvis rett om «tullestudier»
Mener Norge bør overta Harvard
Mener studenters krav og rettigheter går på bekostning av forskning