Twitter

Skryt, skit og samisk ironi

Curt er konge, men Anine har flest. Kva skjer når verdas rikaste mann kjøper akademias største skravlekanal?

Med sine 18 400 følgjarar er Curt Rice suverent størst på Twitter blant norske universitets- og høgskulerektorar.
Publisert Oppdatert

Pleasure to address this distinguished crowd.

Re-tweeten frå rektor Curt Rice, med eit bilde av han sjølv på ein transparent talarstol på konferansen til European Women Rectors Association, tyder på at han er i Valencia. Eitt døgn, fem tweets og tre re-tweets er gått sidan Khronos første av fleire forsøk på å få rektoren til å seie noko på telefon om livet på Twitter.

Folk kan komme til å ta deg på ordet

Anine Kierulf

Påskotet er mannen som vil til Mars, Elon Musk, og hans omdiskuterte oppkjøp. Rice er med sine 18 400 følgjarar den suverene Twitter-kongen blant norske universitets- og høgskuleleiarar. Til samanlikning har Svein Stølen, rektor ved sjølvsaste Universitetet i Oslo, 12 400 færre.

«Travle dager, vettu», skriv Rice, muntert, på sms.

Rektorar, professorar, lektorar og amanuensar, dei er på Facebook, Snapchat, Instagram, ja, kven veit, kanskje er dei til og med på TikTok. Men framfor alt ser akademikarar med noko på hjartet ut til å samle seg på Twitter. Rektorane er alle der, rett nok i høgst varierande grad, og med eitt unntak: Nord universitets Hanne Solheim Hansen.

I ein elektronisk post til Khrono seier Hansen at ho tidt og ofte har vurdert å henge seg på, men landa på at ho heller «prioriterer å være mentalt tilstede der jeg er, heller enn å bruke tid på twitter og å følge med der».

Straumen av skryt, skit, og i sanning faglege og politisk meiningsbrytingar av meir sakleg karakter, har runne jamt og stritt sidan tenesta vart lansert i 2006. Frå å ha blitt sett på som ein saus av babbel, har Twitter dei siste åra etablert seg som elitens plattform. Kva konsekvensar får det for universitetsfolka, når verdas rikaste mann, Elon Musk, kjøper Twitter?

I første omgang svært få, ser det ut til. Heller ikkje for Láilá Susanne Vars.

På lista over rektorane med dei største følgjarskarane, under Curt Rice, figurerer the ususal suspects. Nemnde Svein Stølen, med UiT-rektor Dag Rune Olsen hakk i hæl, før Klaus Mohn, rektor ved Universitetet i Stavanger.

Deretter — rektor ved Samisk høgskole, landets minste.

No shit

— Jøss, er eg det?

Láilá Vars finn det overraskande at dei 2400 følgjarane fører henne opp på fjerdeplass, rett bak Mohn. Ein god del av det ho tvitrar er på nordsamisk, ikkje akkurat eit digert språk. Men så tvitrar ho også på engelsk, og på norsk.

— Hovudvekta her ved høgskulen er på samisk. Eg tenker det har ein verdi i seg sjølv å bruke samisk på Twitter. På den måten når eg ut til potensielle fagpersonar på svensk, finsk og russisk side som kan nordsamisk, seier Vars.

— Det er vanskeleg å ta atterhald på Twitter, og akademikarar liker atterhald, seier rektor ved Samisk Høgskole, Láilá Vars.

Rektoren og menneskerettsjuristen har brukt Twitter sidan 2009. Ho har bakgrunn både som forskar og politikar i Sametinget, og har i seks år hatt verv i rådgivande organ om urfolk til FNs menneskerettsråd.

— Som rektor får eg mange fleire direkte spørsmål enn før. Det er veldig stor interesse for forsking på urfolk, og ikkje mist klima. Vi er jo lokalisert i eit arktisk område som merkar klimaendringane. Eg rekk ikkje å svare på alt.

Noko av det fine med Twitter, meiner Vars, er at dei små i ein forstand stiller likt med dei store.

— Det er som oftast dei store i universitetsverda som får merksemda i media. Men eg ser at vi kan skape ein effekt på Twitter, sjølv om vi er små og ikkje har ei stor kommunikasjonsavdeling. Twitter er kanskje den enklaste måten å nå ut til internasjonale samarbeidspartnarar, og moglege samarbeidspartnarar, på. For meg er Twitter også den raskaste og beste måten å nå ut med forskingsresultat og informasjon om konferansar.

Temperaturen er gått betrakteleg ned sidan den gongen ho var politikar i Sametinget. Dei store skitstormane har ho attom seg.

Direkte samisk

Mange i norsk akademia er forsiktige med Twitter

Láilá Vars

— Eg burde kanskje vere flinkare til å engasjere meg i diskusjonar. Mange i norsk akademia er forsiktige med Twitter. Ein vil ikkje provosere, og fryktar kanskje å verke for lite akademisk dersom ein blir for tydeleg. Det er vanskeleg å ta atterhald på Twitter, og akademikarar liker atterhald. Eg har sett kollegaer få hard medfart for ting dei meiner, meiningar som kanskje er upopulære, seier Vars.

Ho peikar på Curt Rice som eksempel på ein som er meir direkte, og er meir direkte i stilen enn nordmenn, i alle fall sør for Polarsirkelen (og kanskje Bergen).

— Han får ganske mykje kritikk. Men han bringer noko litt annleis inn i rektor- og universitetsverda: den nordnorsk-amerikanske måten å tvitre på. Eg meiner vi bør ha rom for fritalande rektorar.

Vars har vore informant for studentar som samanlikna tvitring på ulike språk. Ho meiner ho er representativ for mønsteret dei fann: Dei norske tweetane blir sjeldan like engasjerte som dei samiske.

— Dei samiske er veldig direkte og personlege, dei engelske tenderer mot å bli meir politiske, noko som heng saman rolla mi i FN-systemet. Dei norske er veldig sånn «her har vi eit nytt studietilbod, søk!»

Og så er det det med humor, humor er ingen spøk på Twitter. Humor er «kjempevanskeleg» og ironi er «farleg», er omkvedet blant tvitrarane Khrono snakkar med.

— I samisk finst eigne ord for korleis du seier noko samstundes som du meiner det heilt motsette. Men då må du beherske tonefallet. Det høyrer du ikkje på Twitter. Samisk språk er veldig rikt på nyansar som avgjer når du er sarkastisk, ironisk, tergande eller vil provosere. Eg er nok ganske nøye om eg vil spøke med ting, og det gjeld på alle tre språka.

Juristar og Twitter ser ut til å passe særleg godt i hop. Vars er jurist. Sofie all-over- the-place Høgestøl er jurist. Anine Kierulf, kjent som leiar for ekspertgruppa for akademisk ytringsfridom, er jurist. Med sine meir enn 23 000 følgjarar parkerer ho rektor Rice, og er størst på Twitter i den akademiske leiren.

Men først må vi innom Hans F. Marthinussen, jusprofessor og «Twitter-konge» i kranglebyen Bergen. Han er stort sett «på», og rasjonerer ikkje med direkte tale. Men ein gong måtte til og med Marthinussen trekke i hus og ta ein pause frå twitterkonten sin.

Dopamin?

— Det er ein del av det å vere der, å få tilbakemeldingar. Men det kan vere tøffe diskusjonar. Då eg var kritisk til Bergen kommunes strenge karantenereglar … då fekk eg ein million. Etter det tok eg ein pause, seier han.

— Som i alle fora er det alltid noko som ikkje greier å oppføre seg. Eg synest folk flest er høflege. Men eg har ein terskel, eg kan ikkje akseptere all verdas dritslenging. Eg blokkerer folk, det synest eg er ein grei måte å fjerne folk som forsøplar debatten.

Professoren er for lengst i gang igjen, med 10-12 kvitringar i døgnet.

Jusprofessor ved UiB Hans Fredrik Marthinussen meiner ironi på Twitter er livsfarleg, og brukar det mykje.

— Kor mykje tid brukar du eigentleg – kan Twitter bli ein distraksjon?

— Eg er minst på Twitter når eg har mykje å gjere, seier Marthinussen, men «minst» betyr ikkje nødvendigvis «lite».

Han seier han ikkje har nokon bevisst strategi for hekte på følgjarar, men prøver å skrive om det som er interessant.

— Bruker du ironi?

— Jajaja! Men det er livsfarleg, sjølvsagt.

— Kva med dopaminfaktoren?

— Primært handlar det om at eg liker å diskutere, eg liker meiningsbryting, og eg har ei intellektuell legning. Eg får mange kompetente tilbakemeldingar frå utruleg kompetente menneske.

— Får Elon Musk konsekvensar for tvitringa di?

— Eg har ikkje endra tvitringa mi så langt. Som alle andre er eg bekymra for kva som kan komme av endringar i ei eller anna politisk retning som Musk sjølv synest er fornuftig. Men det veit vi veldig lite om så langt. Mark Zuckerberg styrer jo Facebook. Eg mister førebels ikkje nattesøvnen.

— Tenker du at akademikarar som ikkje er på Twitter går glipp av noko?

— Det er mange måtar å halde seg oppdatert i den offentlege debatten på. Og Twitter er eit veldig nyttig, og raskt, verktøy. Når eg kjem på kontoret om morgonen, startar eg med NRK, BT og Twitter, då får eg ei oversikt over kva som rører seg. Det er ikkje så forskjellig frå då faren min starta dagen med Aftenposten.

Kierulfs tull

Fuglane kvitrar i bakgrunnen, då vi får kontakt med Anine Kierulf på telefon.

— Twitter er ein fristad der ein kan tulle litt, det likar eg godt, seier Kierulf i eit sakleg tonefall.

— Kva er fallgruvene?

— Som i alle sosiale media og all skriftleg kommunikasjon – ironi. Folk kan komme til å ta deg på ordet. Å bruke Twitter kan vere god trening i å formulere seg kort utan å bli misforstått, seier Kierulf.

Ho passar på å sparke tullet sitt oppover, aldri nedover.

— Men eg får absolutt motstand som er ubehageleg, og som eg meiner er urimeleg eller illegitim. For meg har det fungert som ei slags trening i å tole. Eg meiner ikkje å bagatellisere, men å møte ubehageleg motstand kan ein ha godt av å trene på.

Då ho for ei tid sidan gav positiv omtale på Twitter til ein reportasje i Klassekampen om trans- og kjønnstematikk, blei ho overraska over reaksjonane.

— At eitt veldig mektig menneske tar over infrastrukturen for ordskiftet er ei utfordring, seier Anine Kierulf, med tanke på Elon Musks kjøp av Twitter.

— Avisa hadde eit oppslag over sju sider som eg syntest var interessant. Eg tenkte eg lærte ein del om ting eg ikkje hadde tenkt på, og at reportasjen skapte eit rom for forståing for fleire sider i eit kjensleladd og betent rom. Men det var det mange som ikkje var einige i. Mange meinte tvert imot det var slemt og hatefullt. Men denne motstanden gjorde meg meir tenksam enn skremt, seier Kierulf.

— Kva no, med Elon Musk ved roret?

— At eitt veldig mektig menneske tar over infrastrukturen for ordskiftet, er ei utfordring. Eg kan ikkje sjå klart enno kva han kan komme til å gjere. Det kan sjå ut til at han har eit noko impulsivt og kjensleprega forhold til ytringsfridomsspørsmål. Men han har klart mykje anna rart, kanskje greier han dette også, seier Kierulf.

Kanskje er det tullet som fell i smak. Kierulf seier at ho «ikkje veit heilt korleis det har skjedd» at ho har fått så mange følgjarar.

— Min eigen motivasjon varierer, frå ønske om rein fagformidling til andre ting eg har på hjartet. I marknadsføringsperspektiv er eg truleg heilt elendig. Eg har ingen klar strategi, ingen mål.

Sidan Kierulf ikkje er særleg mykje til hjelp når det gjeld korleis ein kan bli like stor på Twitter som henne, ringer vi ein som kanskje kan hjelpe.

Kort prosess

Audun Farbrot, fagbokforfattar og fagsjef for forskingskommunikasjon ved Høyskolen Kristiania, var skeptisk då han prøvde seg på Twitter i 2009. Kunne ein skrive noko meiningsfullt på 140 teikn, liksom? Fem år seinare skreiv han om «7 grunner til at jeg liker Twitter» på bloggen sin.

Fakta

Twitter

  • Twitter er verdas største sosiale nettverk. Brukarane kan poste innlegg i heilt korte format på inntil 280 teikn, omtalt som tweets.
  • Tenesta blei lansert i 2006. I 2021 var Twitter verdas fjerde mest besøkte nettside, med 192 millionar daglege brukarar.
  • 25. april vart det klart at entreprenøren og milliardæren Elon Musk får kjøpe Twitter for 44 milliardar dollar, tilsvarande rundt 400 milliardar norske kroner. (kjelde: snl.no)

— Eg oppdaga at dette var ein fantastisk treningsarena, og samstundes noko som kunne vekke interesse for å lese lengre tekstar.

Treninga ligg i å øve seg på å kunne formulere noko kort, samstundes presist og fengande, meiner Farbrot.

— Dersom du ikkje lykkast i det korte ekstremformatet, vil du antakeleg ikkje lykkast i andre format, heller. Dersom du ikkje allereie i opninga av eit foredrag eller i ein kronikk får dette til, mistar du truleg dei fleste med ein gong. Twitter er god trening for å kommunisere og dele kunnskap.

Farbrot har flittig sanka følgjarar og nærmar seg 14 000. Det er omtrent seks gonger så mange som for eksempel NTNUs rektor Anne Borg har.

Twitter er ifølgje Farbrot ein glimrande kanal for å nå ut til fagfeller og få tilgang til ting du kanskje ikkje viste at du kunne få bruk for å vite. Men han er naturlegvis ikkje blind for fallgruvene, noko han også tok opp i boka han skreiv om sosiale media ei tid tilbake.

— Det er lurt å tenke at dette er ein kanal som er offentleg. Vi ser mange døme på at twittermeldingar blir plukka opp av tradisjonelle media. Twitter er truleg det raskaste nyhendemediumet vi har. Utfordringa er å kvalitetssikre informasjonen. Ein bør tenke gjennom på førehand om det ein legg ut toler å vere oppslag i Khrono eller andre aviser.

— Men kva om du allereie har hamna i stormen?

— Mi anbefaling er å ha for eksempel ein blogg der du kan legge referansar og bakgrunn som kan gi diskusjonspartnarane meir grunnlag. Dei profesjonelle kranglefantane er det lite å gjere med, men du når alle dei andre som følgjer diskusjonen.

Rice, direkte

Ei av dei berømte lukene, som travle menneske opererer med, opnar seg. Rektor Rice ringer tilbake, på veg tilbake frå konferansen i Valencia. Khrono vil ha forklaringa på korleis han har fått så mange følgjarar.

— Eg har vore på Twitter ei god stund før eg blei rektor. Eg var aktiv bloggar og pusha bloggen på Twitter. Eg skreiv på engelsk, og det gir kanskje eit større nedslagsfelt enn når eg skriv på norsk.

Rektoren meiner ein bør tenke på kva generasjon ein vil snakke til i valet av plattform.

— Ikkje mange studentar er på Twitter, og i alle fall ikkje på Facebook. Dei er på Instagram, Snap … Eg trur heller ikkje eg når studentane på Twitter. LinkedIn brukar eg litt. Men det er mykje mildare. Du kjem ikkje på Dax18 med å legge noko ut på LinkedIn.

Curt Rice er altså amerikanar som er blitt nordmann med ein dæsj nordnorsk identitet.

Curt Rice er ein digital rektor. Han meiner arbeidet med den tidlegare bloggen hans la grunnlaget for rekrutteringa av dei 18 500 følgjarane han har på Twitter.

— Vars er kanskje inne på noko, seier Rice, med tanke på karakteristikken frå rektoren ved Samisk høgskole, om den nordnorsk-amerikanske tvitringa. – Eg brukar Twitter til meir enn berre for å liksom fortelje kor stolt og fornøgd eg er, eg fortel ikkje berre om det som er bra. Dette blir spekulasjon, men eg engasjerer meg sikkert på ein måte som speglar min eigen bakgrunn og livserfaring, seier Rice.

Dette er omtrent så nordnorsk-direkte han blir i denne telefonsamtalen. Det med fallgruvene, dei harde taka, å stå i stormen: alt dette som Twitter også handlar om og som det i Rice’ tilfelle er umogleg å ikkje kople til ein viss debatt om internasjonalisering i fjor haust - til det trekker rektoren pusten djupt der nede i det sørvestlege Spania.

— Forresten, glimter Rice til, før vi legg på.

Plutseleg er dét som må vere den nordnorsk-amerikanske tonen der.

— Kvifor er ikkje Ola Borten Moe på sosiale medium? Det har eg lurt på!

Powered by Labrador CMS