Skype, Teams, Zoom. Det trykkande synet av ditt eige tryne kan gå utover både konsentrasjon og kommunikasjon. For å unngå at vi blir zoombiar bør vi ta grep, meiner forskarane.

Skjermen som samlingspunkt er utmattande, viser forskinga. Sjølvbildet står på spel

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

«Zoom fatigue», blir det kalla, etter den kanskje aller mest populære plattforma for digitale møte: Vi blir slitne og utmatta av å stire på kvarandre gjennom ein skjerm.

Og kanskje aller mest slitne blir vi av å stire på oss sjølve.

— Når vi ser på oss sjølve, aukar medvitet om oss sjølve veldig. Vi blir veldig merksame på korleis vi ser ut og verkar på dei andre. Fokuset blir flytta frå det vi skal snakke om til korleis vi tar oss ut, seier forskar ved Statens arbeidsmiljøinstitutt (STAMI), Jan Olav Christensen til Khrono.

Før det blir slutt på at det er for tidleg å senke skuldrane, korleis skal vi unngå å bli «zoombiar» heile gjengen?

Og korleis går det eigentleg med teaterstudentane?

Spegel, spegel ...

Det gjekk ikkje lang tid frå pandemien førte folk til heimekontor før dei første åtvaringane kom frå forskarane om dei uheldige effektane av det digitale arbeidslivet. Jo, heldigvis kan vi halde kontakten i ei krevjande tid, men det kan tappe oss for krefter. Mange har peikt på at vi blir eindimensjonale, at kommunikasjonen manglar subtiliteten, blokkerer kroppsspråket.

I ein av dei første vitskapelege artiklane som går meir systematisk inn i dei psykologiske effektane trekker Stanford-professoren Jeremy Bailenson bokstaveleg tala sjølvbildet som årsaken til kognitiv overbelastning.

På dei fleste plattformene finst den vesle ruta som kontinuerleg sender deg direkte, som viser ditt eige kamerabilde.

— Men dette er ikkje naturleg, seier Bailenson til Stanford News.

— Dersom nokon konstant følgde deg rundt med ein spegel i den verkelege verda, slik at du kunne sjå deg sjølv når du snakka med folk, tok avgjersler, gav tilbakemeldingar, fekk tilbakemeldingar — ja, det ville vere galskap. Ingen ville finne på å gjere det, seier han .

Bailensons peikar på at å stadig sjå på oss sjølve påfører oss stress. Vi betraktar oss sjølve med eit kritisk blikk, og det slit oss ut.

På det vitskapelege planet finst det rikeleg med studiar som underbygger observasjonane til Stanford-professoren.

Narcissus og kosmetisk kirurgi

— Det er ein faktor som kan gjere det veldig slitsamt. For nokon kan det gå ut over sjølvbildet, seier Christensen, STAMI-forskaren.

Vitskapen tangerer også urgamle innsikter om farane ved å bli slukt av sitt eige bilde, slik som den greske og romerske mytefiguren Narcissus. No for tida fortel statistikk ei historie som aktualiserer legenden på ein annan måte: Trass i, eller på grunn av, at mange hundre millionar menneske ikkje møtes fysisk som normalt, går etterspurnaden etter kosmetisk kirurgi og tannlegebehandling i taket.

— Det er veldig slitsamt å stire på seg sjølv. For nokon kan det gå ut over sjølvbildet, seier arbeidlivsforskar Jan Olav Christensen.

— Når dei digitale plattformene slik dei er i dag i tillegg gir ei fattigare form for kommunikasjon enn fysiske møte, er det klart det blir meir krevjande. Eg kan peike på eiga erfaring i arbeidskvardagen, både eg og andre har lettare for å snakke seg bort når ein blir så opptatt av korleis ein sjølv står fram. Eitt av problema med videokonferansar – som har eksistert i fleire tiår – er at vi har tenkt på det som at det erstattar møte ansikt til ansikt. Når denne forma no i ekspressfart er blitt normalen, oppdagar vi at det ikkje skjer utan vidare. Grunnen er rett og slett at vi mister mange viktige sider av den sosiale situasjonen som normalt gir oss tryggleik i møte med andre menneske. Vi kan til dømes ikkje oppnå blikkontakt.

Men kva er eigentleg forskjellen, dei fleste speglar seg kvar dag, ordnar på håret, gremmer seg over ei kvise og lurer på kva andre vil tenke?

— Det er at den digitale spegelen blir ståande gjennom heile møtet. Det dreier seg nok litt om forfengelegheit, men ikkje berre det. Med det konstante fokuset på seg sjølv må hovudet jobbe ekstra. Det kan føre til at ein presterer dårlegare, eller at ein trur ein presterer dårlegare, og at meistringskjensla dermed blir redusert.

Den kognitive lasten

Stipendiat i psykologi ved NTNU, Torhild Anita Sørengaard, er glad for at dei digitale hjelpemidla gjer det mogleg for mange å møtes samstundes, i ei tid då ein ikkje kan møtast fysisk.

— Men vi mister ein del av den naturlege strukturen i samtalen i møter som foregår digitalt og ikkje fysisk. Det kan vere vanskeleg å kalkulere innspel og respons, og ein kan oppleve å både avbryte andre og bli avbroten utan at det var meininga. Dette kan bidra til frustrasjon viss det blir vedvarande, og føre til at nokon opplever at dei ikkje slepp inn i samtalen.

Ho peikar som Christensen på at det å samhandle med mange menneske over lengre tid via skjerm kan krevje ekstra innsats av dei kognitive funksjonane våre, som for eksempel persepsjon, tankeprosessar, hukommelse og konsentrasjon.

— I eit ordinært møte fokuserer ein som regel blikket på den som pratar, medan dei andre er i periferien. I digitale møte har ein alle ansikta rett framom seg. Då krev det meir å klare å rette merksemda mot det som er viktig å få med seg, og samstundes filtrere ut det mindre viktige og det som forstyrrar informasjonen ein prøver å ta inn, seier Sørengaard.

Kontrollen

Ein av diskusjonane som har fått opp temperaturen på universitet og høgskular er den om svarte skjermar: studentar som skrur av kamera under forelesingar, og frustrerte forelesarar i andre enden som snakkar til svarte skjermar – og sitt eige bilde.

Jan Christensen har medkjensle med studentane, men legg ikkje skjul på at han har mest sympati med stabelen av stress som forelesaren må halde ut i denne situasjonen,

— Den som skal snakke til ei forsamling må kjenne på ein viss kontroll over situasjonen. Det er vanskeleg nok med skjerm i utgangspunktet. Med hundre svarte skjermar blir det endå vanskelegare. Det kan heilt klart påverke kvaliteten på det du gjer, seier han.

I nokre samanhengar er svarte skjermar kort og godt ikkje eit alternativ. For eksempel når du underviser i improvisasjonsteater.

Ein dag, etter månader utan å møte studentar fysisk, stilte Sveinung Næss dei eit spørsmål. Næss underviser i drama og teater ved NTNU, og studentane var inne i kurset i improvisasjonsteater, på skjerm.

Improvisert teater - digitalt

— Eg synest dette har vore mentalt krevjande, korleis har det vore for dykk?

Som for å ha ein indikator spurte Næss kor mange som hadde tydd til hovudpinetablettar og smertestillande siste dagane, dei som ville kunne strekke ei hand i veret. Saman med si eiga hand talde han 10 studenthender blant dei 24 studentane som var med på kurset.

— Då var det fleire som sa at dei hadde tenkt dei var dei einaste som kjente på dette, seier Næss.

Dei skal ikkje snakke om økonomisk teori eller kjemiske reaksjonar. Teater handlar meir enn noko om det ikkje-verbale, kroppsspråket, som mange påpeikar og opplever er så vanskeleg å nå fram med på skjerm.

Lengten etter ekte ekte kontakt: Teaterundervisning er ekstra utfordrande å gjennomføre digitalt.

Næss tør ikkje seie korleis bildet av ein sjølv på skjermen påverkar sjølvbildet for akkurat dramastudentane. Det han derimot er sikker på er at mangelen på det teaterfolk kallar feedback-sløyfa er eit endå større tap for akkurat dei.

— Studentane seier dei opplever seg som meir «utstilt» enn dei gjer i eit rom. Dei saknar smila og latteren i rommet, applausen og energien – kort sagt responsen. Improvisasjonsteater kan verke litt skremmande på enkelte, det skal skje spontant. Då blir denne responsen ekstra viktig. Ein lærarstudent sa til meg at ho tar meir ansvar når ho føler andre er passive, og så overkompenserer ho og gir meir av seg sjølv enn ho etterpå kjenner ho burde ha gjort. Eg hugsar sjølv at eg i starten med digitale møte tok meg i å snakke veldig høgt. Eg måtte jobbe med stemmeteknikk.

Saman med ein kollega og professor emerita Anna-Lena Østern skal han systematisere og skrive om erfaringane, om betydninga av rommet og samspelet i det. Trass alle avgrensingane har det siste året vist at det går på eit vis å gjennomføre undervisning digitalt, til og med når det dreier seg om improvisert teater. Og alternativet, ja, det har vore ingenting.

— Men utfordrande kan det vere, ja, fysisk utfordrande. Det er veldig vanskeleg å tilføre kvarandre energi på nett, seier universitetslektoren i drama og teater.

Før vi alle ein dag kan springe opp på scenene og inn i auditoria som sprelske lam om våren, korleis unngå å bli skjermsegen, utmatta, bli ein «zoombie»?

Råd: «Hide-self»

Psykologiprofessoren frå Stanford University, Bailenson, anbefaler å unngå fullskjerm-modus for å gjere storleiken på fjeset mindre. Det er også lurt å bruke eit eksternt tastatur, slik at du ikkje blir tvinga til å sitje så tett på skjermen, meiner han.

Dersom møtet er langt, gi deg ei sjølv ei pause der du berre har lyd på, oppmodar han. Og då er det ikkje nok å skru av kamera, du må også reise deg og gå unna skjermen nokre minutt.

Han misliker at verktøya gjer skjermbilde av ein sjølv til standard innstilling. Så lenge det er slik, tilrår han å vere parat til å skru av kamera for å gi seg sjølv pausar, eventuelt bruke «hide-self»-funksjonar.

Sørengaard prøver å ta gode pauser mellom digitale møte. I tillegg er ho opptatt av å skape ein betre balanse mellom digitale møter, telefonsamtalar og e-postar.

— Det er ikkje alt som treng eit digitalt møte, sjølv om det kan opplevast slik i koronatida. Det er lov å foreslå andre former for interaksjon. Chatfunksjonen, for eksempel, i Teams eller Skype, kan gjerne nyttast til kortare beskjedar, og bidrar i mange samanhengar til raskare, enklare og mindre anstrengande kommunikasjon enn møter.

Kattefilterkompetanse

STAMI-forskar Christensen meiner «sjølvbildet» blir påverka på mange måtar i desse dagar, utover skjermbildet vi blir konfronterte med.

— Det skjer ei rask utvikling, der vi heile tida må tilpasse oss. Folk med høg kompetanse som er vande med høgt meistringsnivå kan plutseleg få vanskar med å gjere jobben sin, seier han.

Den etter kvart berømte videoen av den amerikanske advokaten som ikkje klarte å skru av kattefilteret då han skulle snakke med ein dommar, illustrerer dette på ein morosam måte, meiner han. Men det kan vere alvorleg nok.

— Vi kan snakke om kortsiktig «fatigue» eller utmatting, og langsiktig. Vi veit enno ikkje korleis den mentale helsa vår blir påverka, korleis summen av sosial isolasjon, arbeidssituasjon og teknologi vil påverke oss, seier arbeidspsykologen.

Og den tyngste børa, det kan altså bli det kontinuerlege synet av ditt eige tryne.

Powered by Labrador CMS