
Skal tilsetja ny mediedekan i Volda
Styremøte. Styret ved Høgskulen i Volda har tilsetjing av dekan ved Avdeling for mediefag på dagsorden torsdag. Dei skal òg få ei orientering om status ved avdelinga.
På ei saksliste som er prega av fleire årsrapportar, finn ein ei sak som allereie har fått mykje merksemd: Dekanstillinga ved Avdeling for mediefag. Som Khrono har skrive, vart dekan Audhild Gregoriusdotter Rotevatn mellombels omplassert i fjor haust. Bakgrunnen var ei arbeidsmiljøsak ved avdelinga. Rotevatn sitt åremål går ut i august, og i oktober i fjor vedtok høgskulestyret at stillinga skulle lysast ut.
Rotevatn søkte
Då søkjarlista vart kjent i januar, stod Rotevatn sitt namn på den.
— Eg har levert det styret har bestilt i mi første periode; økonomisk, fagleg og administrativt. No må arbeidet halda fram og avdelinga må jobba i fellesskap for å løysa utfordringane framover, skreiv Rotevatn i ein kommentar til Khrono den gongen.
Det er seks andre søkjarar til stillinga (sjå faktaboks).
Tilsetjinga av dekan vil gå føre seg bak lukka dører.
Uroa over negativ omtale
Bak lukka dører vil styret òg få ei orientering om status ved Avdeling for mediefag. Som Khrono har skrive, har sjukefråveret ved avdelinga auka mykje det siste året.
Rektor Johann Roppen har tidlegare kommentert tala. Då skreiv han i ein e-post til Khrono at høgskulen tek tala på alvor og jobbar kontinuerleg med dette.
— Avdelinga har i løpet av dette studieåret arbeidd systematisk med konkrete tiltak for å betra arbeidsmiljøet og få ned sjukefråveret på avdelinga, skreiv Roppen.
No er forholda ved avdelinga nemnt i to andre saker som styret skal handsama. I årsrapporten for læringsmiljøutvalet heiter det at Avdeling for mediefag har fleire lærarar som ikkje held til i Volda.
«Dette gjer studentane usikre på kvar dei skal gå med ulike spørsmål, når lærar er vekk i lange periodar. Dei saknar informasjon om dette, og har opplevd å ikkje få kontakt», heiter det.
I årsmeldinga for høgskulen kjem det fram uro: Medieutdanninga har vore eit flaggskip, men på grunn av omstillingar i mediebransjen er rekrutteringa til desse studia pressa. I fjor var det Universitetet i Bergen som hadde dei høgaste opptakskrava for å koma inn på journalistutdanning. I årsrapporten heiter det at «det har i 2019 vore ein del negativ medieomtale om arbeidsmiljøet ved avdeling for mediefag. Vi trur ikkje dette vil få følgje for studentrekrutteringa, men det kan påverke rekruttering av tilsette. Høgskulen må ha fullt fokus på arbeidet med å betre arbeidsmiljøet og få ro rundt avdelinga i tida framover».
Sjå direkte
Møtestart er klokka 10.45 torsdag. Her finn du sakslista, og du kan sjå møtet direkte her.
Nyeste artikler
Venstre frykter nytt hvileskjær. MDG gir Borten Moe stryk.
Stryker et av verdens største fra listen over godkjente tidsskrifter
Sustainability er ute av listen over godkjente tidsskrifter
Frykter at Abelpris-utdeling blir rammet av streik
En utsettelse er ingen katastrofe
Mest lest
Ble anbefalt å bli renholder da han kom som flyktning til Norge. Nå har han tatt doktorgrad
Forskningsrådet trodde kutt var «lån». — Mildt sagt oppsiktsvekkende
Nobelprisvinnerne roper varsku om forskningskutt. — Vi er sjokkerte
Nå går det på tilliten løs
Statssekretær om Forskningsrådet: — Dette handlar berre om ein einaste ting