Sju vil verta dekan i Volda. Omplassert dekan søkjer på nytt.
Arbeidsliv. Audhild Gregoriusdotter Rotevatn søkjer seg til ein ny periode som dekan ved Avdeling for mediefag ved Høgskulen i Volda.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Audhild Gregoriusdotter Rotevatn søkjer dekanstillinga ved Avdeling for mediefag på nytt. Ho er tilsett i stillinga i dag, men er for tida omplassert etter ei arbeidsmiljøkonflikt. Åremålet hennar går ut i sommar.
— Eg søkjer fordi eg har starta på ei viktig omstilling for avdelinga og medifaga. Eg har levert det styret har bestilt i mi første periode; økonomisk, fagleg og administrativt. No må arbeidet halde fram og avdelinga må jobbe i fellesskap for å løyse utfordringane framover, skriv Rotevatn i ein kommentar til Khrono, og ho legg til:
— Avdeling for mediefag har føresetnader for å vere Noregs viktigaste utdannar i yrkeseretta medeifag framover, om ein gjer kloke val i tida som kjem.
Den andre søkjaren med bakgrunn frå akademia er Tor Bang. Han er førsteamanuensis ved Institutt for kommunikasjon og kultur ved BI.
Dette er søkjarane:
Aina Voll (33), miljøterapeut
Martin Maier (35), Senior prosjektøkonom/prosjektstøtte
Henrik Wilhelm Jørgensen (57), Sjefskonsulent
Nils-Jarle Sætre (49), arbeidssøker
Tor Bang (64), førsteamanuensis
Pål Aarsæther (50), lektor m/tilleggsutdannelse
Audhild Gregoriusdotter Rotevatn (44), dekan
Ein kvinneleg søkjar har trekt seg, går det fram av søkjarlista.
Søknadsfristen vart utvida etter at høgskulen inngjekk avtale med eit rekrutteringsfirma for å finna søkjarar til stillinga. Rektor Johann Roppen skriv i ein sms til Khrono at høgskulen no ikkje arbeider vidare med andre kandidatar.
Les også: Volda-dekanen vart beden om å gå av
(Saka er oppdatert kl 10.57 med kommentar frå Audhild Gregoriusdotter Rotevatn kl. 10.58. Saka er òg oppdatert kl 12.08, der informasjonen om at Rotevatn er den einaste søkjaren med mediebakgrunn er fjerna. Dette var ikkje rett).
Nylige artikler
Lærerstudenter uten karakterkrav stryker mest
En femtedel av OsloMet skal til Lillestrøm sentrum
Ødelegger Trump et av verdens viktigste forskningssamarbeid?
Senator vil ha utlevert fagfellevurderinger og e-poster fra tidsskrifter
Felles klagenemnd roper varsko: Uskyldige studenter kan bli fuskefelt
Mest leste artikler
Texas-universitet ville sensurere Platon på pensum
Studenten hadde kun én eksamen igjen da han ble tatt for fusk
Nobelprisvinner ut mot amerikansk akademia: — De har seg selv å takke
«Forskningsdetektiv» får 26 millioner etter å ha avslørt fusk
Universitet må selge splitter ny milliard-campus for å dekke underskudd