sjå direkte
Sjukefråver og dekanutlysing i Volda
Styret ved Høgskulen i Volda får mellom anna ei orientering om sjukefråver når styret har møte 27. oktober. Sjå møtet direkte her.
![For to år sidan opna det nye mediebygget ved Høgskulen i Volda. No skal stillinga som dekan ved Avdeling for mediefag lysast ut.](https://image.khrono.no/728203.webp?imageId=728203&width=960&height=548&format=jpg)
Høgskulen i Volda tilsette fleire nye dekanar i vår. Men Avdeling for mediefag er i utakt med dei andre, slik at åremålet for sitjande dekan går ut i juli neste år.
Når høgskulestyret har møte 27. oktober er utlysing av denne stillinga ei av sakene som står på sakskartet. Møtet startar klokka ni, og du kan sjå det direkte her.
Ikkje krav om doktorgrad
Kate Kartveit kom frå stilling ved Danmarks Medie- og Journalisthøjskole til dekanstilling i Volda hausten 2020. Ho har doktorgrad.
Det er det ikkje krav om, for den som vert tilsett frå neste haust, er forslaget i utlysingsteksten. Her heiter det at dei som søkjer må ha utdanning på masternivå eller høgare. Søknadsfristen for stillinga vert like over nyttår.
Framleis høgt sjukefråver
Av andre saker på sakskartet vert det mellom anna orientering om studentopptaket denne hausten og ei munnleg orientering frå høgskuledirektøren om sjukefråveret.
Som Khrono har skrive tidlegare, har sjukefråveret tidvis vore høgt ved enkelte avdelingar. I saka no heiter det at på overordna nivå er utviklinga i sjukefråver positiv, men det er framleis skilnader mellom avdelingane.
Dette skal dei drøfta
Her er heile sakskartet:
66/23 — Godkjenning av innkalling og sakliste
67/23 — Godkjenning av protokoll frå styremøte 7.9.2023
68/23 — Orientering frå rektor
69/23 — Rapport om opptaket 2023
70/23 — Rekneskapsrapportering 2. tertial 2023
71/23 — Orientering om forslag til statsbudsjett 2024
72/23 — Risikovurdering — førebuing planar 2024
73/23 — Satsingsforslag utanfor ramme 2025
74/23 — Utsett sensurfrist — nasjonale eksamenar
75/23 — Orientering frå direktør
76/23 — Innstillingsutval for tilsetting av dekanar ved HVO — endringar i samansetting
77/23 — Tilsetjing av dekan ved Avdeling for mediefag/AMF for perioden 1.8.24 — 1.8.28
78/23 — Tildeling av graden Philosophiae doctor (ph.d.) — Eli-Karin Sjåstad Åsebø
79/23 — Revidert årshjul for høgskulestyret
80/23 — Ymse
Nyeste artikler
Spionsiktet ville ha møte med departement for pengestøtte
Strümke: «KI vil gjere dei dårlege dårlegare og dei gode betre»
Høysesong for opptak. Disse studentene bruker sommeren på søkerne
NMBU-rektor støtter dekanen som har forventning om 25 prosent inntjening av lønn
Norge har flest lærere per student i høyere utdanning
Mest lest
Her er Nordens beste universitet
Kjerkolifiseringen av norske universiteter må stanses
Nynorskbastion får tyn. «Åtte språkfeil på tre setningar»
Mange blir mer sårbare med ny finansiering. Hvordan skal utslagene fordeles?
Dro inn 150 millioner i 2023 på studenter som henne