holbergprisen
Sjå kven som var på Holbergbanketten
Statsråd Oddmund Hoel tok imot prisvinnarar og anna fintfolk til bankett i Håkonshallen i Bergen.
Bjørn Danbolt, generalsekretær i Akademiet for yngre forskere, gratulerer Nils Klim-prisvinnar og akademimedlem Siddharth Sareen.
Foto: Eivind Senneset
Ute var det det nokre vil kalla bergensvêr, og mange av gjestene hadde kledd seg godt. Utanfor Håkonshallen vart dei, tradisjonen tru, tekne imot av buekorps, før dei kunne gå i hus.
Inne i Håkonshallen var statsråd Oddmund Hoel vertskap for banketten og tok imot både holbergprisvinnar Achille Mbembe, Siddharth Sareen, som var årets mottakar av Nils Klim-prisen, Erika Lind-Larsen, som fekk Holbergprisen i skolen, og andre inviterte gjester.
Nokre timar tidlegare hadde statsråden delt ut både årets holbergpris og årets Nils Klim-pris.
— Når framtida vår vert forma, treng me perspektiv der det vert stilt spørsmål ved dei forteljingane som alltid har vorte formidla, sa statsråden i talen sin.
— I sentrum for dette står årets prisvinnar.
Sjå kven som kom på banketten ved å skrolle nedover på sida.
Oddmund Hoel, i hallingbunad, tok imot prisvinnar, professor Achille Mbembe.
Eivind Senneset
Jussprofessor Jan Fridtjof Bernt kom saman med kona Anne-Marie Bernt. Ho var ei av mange som hadde pynta seg med bunad.
Eivind Senneset
Professor Kjersti Fløttum, tidlegare styreleiar for holbergprisen, kom i trønderbunad, og saman med ektemann Fredrik Behrens. Bak professor og universitetsstyremedlem Inga Berre.
Eivind Senneset
Statsforvaltar Liv Signe Navarsete kom i sognebunad. Her saman med ektemann Lars Petter Nesse.
Eivind Senneset
Oline Sæther er avtroppande leiar i Norsk studentorganisasjon. Her saman med Gullik-André Fjordbo.
Eivind Senneset
Pinar Heggernes er professor i informatikk og prorektor ved Universitetet i Bergen. Ho kom saman med ektemann Frank Heggernes.
Eivind Senneset
Jill og Scott Rettberg er begge professorar i digital kultur og knytt til eit av Universitetet i Bergen sine senter for framifrå forsking. Jill Rettberg fekk òg nyleg ei høgthengande ERC-tildeling.
Eivind Senneset
Siddharth Sareen vert gratulert av førsteamanuensis i litteraturvitskap, Kjersti Aarstein. Bak gratulerer Gisle Selnes, professor i litteraturvitskap, holbergprisvinnar Achille Mbembe.
Eivind Senneset
Prismottakarane Siddharth Sareen og Achille Mbembe.
Eivind Senneset
Tore Tungodden, universitetsdirektør ved Universitetet i Bergen, var i rekka av gratulantar.
Eivind Senneset
Erika Lind-Larsen frå Vestby videregående skole fekk årets Holbergprisen i skulen.
Eivind Senneset
Siddharth Sareen er professsor ved Universitetet i Stavanger og har òg ei bistilling ved Universitetet i Bergen. Her vert han gratulert av UiB-professor Siri Gloppen.
Eivind Senneset
Kristin Helle-Valle er tidlegare leiar for Litteraturhuset i Bergen.
Eivind Senneset
Statsråden i samtale med Victor Botnevik, studentrepresentant i universitetsstyret.
Eivind Senneset
Dekan ved Det samfunnsvitskapelege fakultetet, Jan Erik Askildsen, var blant dei inviterte.
Eivind Senneset
Martin Paulsen er instituttleiar ved Institutt for framandspråk. Han kom i nordtrønderbunad. Bak Gunnar Yttri, rektor ved Høgskulen på Vestlandet, i spelemannsbunad frå Sogn.
Eivind Senneset
UiB-rektor Margareth Hagen kom i nordmørsbunaden sin.
Eivind Senneset
Kari Jegerstedt kom i hardangerbunad. Ho er senterleiar ved Senter for kvinne- og kjønnsforsking.
Eivind Senneset
Herlof Nilssen sit i UiB sitt universitetsstyre.
Eivind Senneset
Frode Thorsen, dekan ved Fakultet for kunst, musikk og design i munter passiar med Achille Mbembe.
Eivind Senneset
Gottfried Greve er viserektor ved UiB.
Eivind Senneset
På veg til bords: Prisvinnarane, statsråden, og Jørgen Sejersted, professor og styreleiar for Holbergprisen.
Eivind Senneset
Det var både talar og musikk under middagen i Håkonshallen.
Eivind Senneset
Nyeste artikler
Forskaren vaks opp i Israel. No veit han ikkje om han vil reisa tilbake
Nordisk Østforum legger ned. Forskere vil ikke lenger skrive skandinavisk
Khronos store julequiz
Fagskoledebattens blindsoner — mer enn ren kvalifisering for arbeidslivet
Frykter for kurstilbudet. Blir det svekket, kan det bli flere tomme studieplasser
Mest lest
Dette er Lise Øvreås sitt lag til rektorvalet ved UiB
ChatGPT fikk A på eksamen. — Skulle nesten bare mangle
Tidligere har hun fått drapstrusler for forskningen sin. Men nå har det skjedd noe
Cecilie Hellestveit vurderer å slutte å snakke med media: — Klikkhoreri
Professor ber studentene forplikte seg: Du vil bli sett på som en forræder om du dropper ut