— Det finst framleis nokre lommer for den frie tanken på universiteta, seier Achille Mbembe.
To bøker er tilfeldigvis stilt ut under ein TV-skjerm på møterommet på Hotel Norge i Bergen. «Calm» og «Great Thinkers». Begge titlane kler professoren.
Han har ei knallraud dressjakke på, og har fått utdelt ei matchande mappe frå Holbergprisens sekretariat, med timeplan. «Holberguken» er tettpakka. Forutan den seremonielle prisutdelinga, går det slag i slag med meisterklasser, middagar, samtalar, forelesing, bankett og intervju.
— I denne mappa står kva eg skal gjere kvart einaste minutt denne veka!
FAKTA
Achille Mbembe og Holbergprisen
Achille Mbembe (f. 1957) er den første frå det afrikanske kontinentet som mottar Holbergprisen.
Mbembe er professor i historie og politikk ved Wits institute for Social and Economic Research, ved University of the Witwatersrand, Johannesburg.
Han er også leiar for Innovation Foundation for Democracy. Mbembe er utdanna Kamerun og Frankrike, og har også arbeidd ved fleire universitet i USA.
Holbergprisen er ein internasjonal forskingspris
som årleg blir gitt til framifrå forskarar innan humaniora, samfunnsvitskap,
juss og teologi, eller innanfor tverrfagleg forsking.
Holbergprisen er på seks millionar kroner og blir finansiert over statsbudsjettet og forvalta av UiB på vegne av Kunnskapsdepartementet.
Holbergprisen
vart først gong delt ut i 2004, den gong til Julia Kristeva.
Heime i Sør-Afrika, få dagar før Mbembe reiste til Bergen, har politikken og demokratiet gjort eit historisk sprang.
Regjeringspartiet ANC har tapt det reine fleirtalet i parlamentet. Det er første gong, etter at partiet og den tidlegare frigjeringsorganisasjonen kom til makta i det første demokratiske valet etter apartheids fall i 1994.
— Vi går inn i ei usikker sone. Men eg trur mange meiner dei gjorde det rette med å vere med å ta fleirtalet frå ANC. Det samla bidraget gjennom dei siste 30 åra ved makta er ganske miserabelt. No vil enten ei nasjonal samlingsregjering eller ein koalisjon tvinge seg fram, seier Mbembe.
Mykje av tida hans no for tida går med til arbeidet i ein organisasjonsom arbeider for å utvikle demokrati og demokratiske modellar med røter og inspirasjon frå det afrikanske kontinentet.
Prosjektet oppstod i kjølvatnet av ein rapport Mbembe skreiv på oppdrag for den franske presidenten Emmanuel Macron før det fransk-afrikanske toppmøtet i 2021. Men arbeidet med prosjekt på sida av og utanfor akademia betyr ikkje at Mbembe har mista trua på universitetet.
Han trur berre på ei anna form for universitet enn vi har i dag.
Verda sett frå Afrika
Ein av vår tids viktigaste intellektuelle, er den litt pompøse merkelappen Holbergprisen årleg set på vinnarane. Det er likevel ingen tvil om at Mbembe er ein av dei, og at han av mange blir rekna med blant dei store tenkarane i vår tid, og særskilt ein som opererer på tvers av fagdisiplinar.
Mbembe er dessutan den første vinnaren frå det afrikanske kontinentet, og har gjort det til program å «tenke verda frå Afrika», og då med like stor vekt på verda som Afrika.
Han er fødd i Kamerun, utdanna i Frankrike og har sidan 2001 hatt University of Witwatersrand i Johannesburg i Sør-Afrika som base. Bøkene hans er omsette til 17 språk, og han er medlem av vitskapsakademi både i Storbritannia og USA, der han mellom anna har undervist ved Harvard, Duke og Yale-universitetet.
Mbembe er for internasjonal, akademisk superstjerne å rekne. Han har valt å bli i Sør-Afrika og tenke verda frå Afrika.Paul S. Amundsen
For 20 år sidan ville kanskje mange setje merkelappen «postkolonialisme» på arbeidet hans, og latt det vere med det. I dag er det eit langt meir grenseoverskridande og visjonært prosjekt han står i.
Dei som trur Mbembe i dette prosjektet gjer seg til forkjempar for ekskluderande identitetspolitikk, eller å kaste vestlege filosofar på skraphaugen, tar feil. «På mange måtar er identitetskampane i vår tid det nye opiumet for folket, både blant elitane og massane», har han uttalt i eit tidlegare intervju, med referanse til Karl Marx' berømte utsegn om at «religion er opium for folket».
Med bakgrunn i historie, filosofi, antropologi, statsvitskap, litteratur og kunst arbeider Mbembe tvert imot for djupt fagleg samband, eit fornya «planetarisk» fellesskap i ei splitta verd, mellom menneske, og alle former for liv.
Ein planet, alt liv
— Målet med kunnskapen, eitt av dei mange måla, er å bidra til framveksten av eit planetarisk medvit og fellesskap. Dei djupe økologiske endringane som påverkar verda i dag, og den eskalerande, teknologiske utviklinga, gjer at vi må orientere kunnskap og tenking mot desse utfordringane, seier Mbembe.
Det planetariske prosjektet svevar høgt over nasjonalstatane og ser kloden utanfrå, ei verd utan grenser. Mbembe meiner dette jordnære og samstundes svimlande perspektivet er nøkkelen til å skape framtida, ja, nødvendig for at det skal bli ei framtid.
— For oss som borgarar av jorda, vi som bur i denne vesle fliken av ein galakse, er eit planetarisk prosjekt ein føresetnad for at vi skal vare. Det kan vi ikkje ta for gitt i dag. Og då tenker eg ikkje berre på oss menneske, men alt liv. For at vi skal kunne reparere og ta vare på planeten, dele på han, gi omsorg, må vi samle oss, seier Mbembe.
Ikkje berre er tida for eit snevert, eurosentrisk blikk på planeten passé i Mbembes skjema. Han meiner også at det å setje mennesket i sentrum for alt liv, er ein avleggs måte å tenke på.
Samstundes, på jorda, finst splittande og ikkje alltid så fruktbare kranglar på universiteta, der omgrep som «identitetspolitikk», «kanselleringskultur» og «avkolonisering» blir kasta fram og tilbake.
Som kjent er Holberg-statuane, minna etter mannen som har gitt namn til prisen Mbembe no får, blitt forlangt fjerna i avkoloniseringas namn.
— Kanselleringskultur er ein realitet
Både postkolonialisme, eit teoretisk og vidfemnande omgrep, og det meir konkrete og politiske «avkolonisering», er tett knytt til Mbembes akademiske arbeid.
Kva er det eigentleg vi snakkar om når vi snakkar om avkolonisering no for tida?
— Det er eit polemisk omgrep. Når vi snakkar om avkolonisering, reflekterer det truleg ikkje omfanget av utfordringar vi står overfor, seier Mbembe.
Mbembe vil slettes ikkje polarisere, blokkere, separere, stenge av.
Han vil opne opp.
Achille Mbembe brukar mykje av tida si utanfor universitetet der han arbeider med å utvikle demokratimodellar med røter i det afrikanske. Utgangspunktet var ein rapport han skreiv på oppdrag for den franske presidenten, Emmanuel Macron i 2021.Paul S. Amundsen
— Eg ønskjer eit universitet utan stengsler, utan «vegger», som tar opp alle dei ulike språka, tradisjonane og former for kunnskap som vi menneske har skapt, og som til no ikkje har vore synlege, og som vi kan dele, seier han.
— I den norske ytringsfridomskommisjonens rapport heiter det mellom anna at kanselleringskultur er eitt av problema som held akademikarar tilbake frå å delta i den offentlege debatten. Kva tenker du om det?
— Kanselleringskultur er ein realitet. Men ikkje i Sør-Afrika, dei kreftene som dyttar i den retninga er ikkje dominerande på sørafrikanske universitet. I dag er der framleis rom for debatt og usemje. Men det er ein risiko for at det kjem. Vi må vere på vakt.
— Det er altså plass til fritenkarane på universiteta?
— Det finst framleis lommer for den frie tanken, i relativt demokratiske samfunn. Men desse lommene er blitt trongare, og det blir færre og færre av dei. Dette legg press på den akademiske fridomen, ytringsfridomen. Det er sant at du ikkje alltid kan seie kva du vil. I USA er visse tema unemnelege. Der er ting eg kan seie i Sør-Afrika, som eg ikkje kan seie i for eksempel Tyskland og USA.
— I diskusjonar om avkolonisering på universiteta, også her i Noreg, blir debatten raskt polarisert. Dei som er kritiske til avkolonisering, peikar ofte på avkolonisering som ein trussel mot vitskapen, at pensum blir politisert, at det undergrev dei grunnleggande akademiske prinsipp og tradisjonar. Kva tenker du om denne kritikken?
— Kravet om avkolonisering kan kritiserast frå ulike vinklar. Ein av dei er å peike på at vitskapen skal vere autonom. Men ofte ligg det ideologiske interesser bak som ikkje er relatert til vitskap. Vitskap bør ikkje berre vere ei oppmoding om objektivitet. Vitskapen må vere genuint upartisk. Derfor finn eg den konservative kritikken lite overtydande. Reell avkolonisering bør ikkje handle om erstatte det vestlege, men å opne for ein dialog mellom dei ulike tradisjonane som til saman er vår felles arv. Å avgrense utdanning og forsking til det vestlege er meiningslaust. Vi må opne for heile den globale, menneskelege skaparkrafta. Dette er heilt avgjerande i den tette veven av ei verd vi lever i. Dette er den verkelege utfordringa i vår tid.
Utdanning som apartheid
Ifølgje Mbembe er lærestader, universitet, forsking og høgare utdanning noko av det mest avgjerande for å gripe og takle utfordringa. Samstundes meiner han universitetet sjølv, som institusjon, for lengst er inne i djuptgripande endringar.
Desse endringane går også i motsett retning av den Mbembe ønsker seg.
— Reell avkolonisering bør ikkje handle om erstatte det vestlege, men å opne for ein dialog mellom dei ulike tradisjonane som til saman er vår felles arv, seier Achille Mbembe.Paul S. Amundsen
«Universitetet slik vi kjende det er dødt» skreiv han for ei tid tilbake.
Og vidare: «Uvitande om dette faktumet, kan mange land halde fram med å leve midt i ruinane i lang tid framover».
— Kva meiner du med dette?
— Det betyr at universitetet ikkje er eit offentleg gode, som er tilgjengeleg for alle. Mange universitet er stadig meir avhengige av privat finansiering. Ein del fagdisiplinar er avvikla, særleg innanfor humaniora — alt på grunn av ei snever oppfatning av kva kunnskap som er relevant og kva som ikkje er det.
— Du snakkar også om eit «globalt apartheid» som er under utvikling i høgare utdanning?
— Når staten trekker seg tilbake og overlét dette til marknadskreftene, betyr det at høgare utdanning må kjøpast og seljast — til dei som har kjøpekraft. I for eksempel Sør-Afrika har berre eit mindretal råd til å betale, og mange fell frå. Det slår ut på «suksessraten». Og resultatet er at mange studentar frå middelklassen vel å reise til utlandet for å studere. Vi har sett nokon av dei mest kompetente og velståande studentane forsvinne til Canada, USA, Australia og New Zealand.
— I Sør-Afrika endar vi kanskje med fire eller fem toppuniversitet som vil vere i stand til å konkurrere på ein global arena: Witwatersrand, Universitetet i Cape Town, Stellenbosch og Universitetet i Pretoria. Og så vil vi få ein kohort av andreklasses universitet, «bush universities». Men i kva grad dette skjer, er påvarka av om styresmaktene vil investere i utdanningssektoren eller ikkje.
— Reiser også akademikarane, undervisarane og forskarane sin veg?
— Ja, vi har mista mange, særleg dei siste ti åra. Det har blant anna samanheng med manglande finansiering og infrastruktur, dårleg styring og mykje korrupsjon. Som ANC no endeleg blir straffa for.
— Men du har valt å bli, trass i problema, og trass i at du med den posisjonen du har som akademikar kunne ha jobba mange andre stader i verda?
— Ja. Fordi eg ønsker å bidra til utviklinga av ei sterk intellektuell sfære — i Afrika.
Så godt han kan
Han har farta til mange land og byar på planeten dei siste 30—40 åra. Bøkene hans, delvis forfatta på fransk og delvis engelsk, er omsett til 17 språk. No er han blitt kjentmann også på denne prikken på planeten, Bergen.
Det er berre eit par år sidan han var her sist, og blei utnemnd til æresdoktor. I 2018 var han i byen for å vere med i Holbergdebatten.
Denne gongen har Mbembe familien med seg når han tar imot den prestisjefulle Holbergprisen i aulaen til Universitetet i Bergen. Kona, den sørafrikanske litteraturprofessoren Sarah Nuttal, og dei to ungane deira, som har fått fri frå skulen heime i Johannesburg, kjem eins ærend for å vere med på storhendinga.
— Men neste veke må ungane på skule igjen, understrekar Mbembe, liksomstrengt.
Han er stolt og takknemleg over grunnen til at han er her, men verkar ekte beskjeden, når det blir prat om pris og prestisje.
— Eg har aldri tenkt på den måten, at det eg driv med handlar om ære. Eg har berre tenkt, okey, det er dette eg verkeleg har lyst til å halde på med. Om eg greier å gjere det så godt eg kan, ja, så er det nok for meg.
Født i Kamerun, studert i Frankrike, jobba i USA, slått seg ned i Sør-Afrika, på besøk i Noreg, fotografert på Festplassen i Bergen. Achille Mbembe er opptatt av finne fellesskap på tvers av stengsler og grenser på planeten vi bur på.Paul S. Amundsen
Mbembe tar ein tenkepause, vender blikket bak dei runde brillene mot trea og det blafrande lauvverket i parken utanfor dei store vindauga på hotellet.
— Eg meiner verkeleg dette, at dette er den einaste legitime funksjonen universitetet har, om vi ser på kva verd vi lever i: Det finst berre éin grunn til at universitetet skal eksistere i dag — for å ta vare på og kultivere omsorg for livet, alt liv. I would like to imagine that kind of university.
Rikke Gürgens Gjærum tar midlertidig over ansvaret som prorektor for utdanning ved UiT Norges arktiske universitet, i påvente av en permanent erstatter for Kathrine Tveiterås.
— Jeg er bedt av rektor om å ta over utdanningsfeltet fra 1. april midlertidig. Stillingen lyses ut med søknadsfrist 22. april, så det er for kort tid for å få noen helt nye inn i universitetsledelsen, sier Gürgens Gjærum til Harstad Tidende, som omtalte saken først.
Fra før er Gürgens Gjærum viserektor. Hun skal nå også være rektors stedfortreder når han er borte.
Gürgens Gjærum har ikke bestemt seg om hun skal søke på prorektorstillingen eller ikke, men sier hun er i tenkeboksen.
Rikke Gürgens Gjærum har midlertidig trådt inn i rollen som prorektor ved UiT.Tommy Hansen
For andre gang søker professor Marius Emberland embete som dommer i Høyesterett, melder Rett24.
Til vanlig jobber Emberland ved Institutt for rettsvitenskap og styring ved Handelshøyskolen BI. Han har tidligere vært advokat hos Regjeringsadvokaten. Han søkte sist å bli høyesterettsdommer i oktober 2024.
Det er fem søkere til stillingen.
Blant disse er Torunn Elise Kvisberg, som er lagdommer i Eidsivating, men tidligere har vært professor ved Høgskolen i Innlandet. Også på listen er Gjermund Mathisen, Anja Jonassen, og Therese Steen.
Marius Emberland, professor ved BI, søker jobb som høyesterettsdommer.Jakob Hov/Handelshøyskolen BI
Storbritannia har lansert et nytt sikkerhetsoperasjonssenter, som har som formål å hjelpe britiske høyere utdanningsinstitusjoner med å bekjempe cyberangrep.
I 2024 rapporterte institusjonene om flere hundre hendelser, inkludert elleve store angrep, som fikk en rekke negative følger for datasystemene til de aktuelle institusjonene.
Det nye sikkerhetsoperasjonssenteret består av flere team med eksperter innenfor IT og data, som skal oppdage og beskytte institusjonene mot trusler, samt å gripe inn hvis det skjer angrep.
— Det vi gjør nå handler mye om å forhindre store hendelser, så vi stopper dem før de blir et problem, uttaler David Batho, sikkerhetsdirektør i selskapet Jisc, som har hovedansvaret for det nye senteret.
Torsdag forrige uke var det duket for åpning av Oslo Nye Høyskoles (ONH) campus på Adamstuen i Oslo.
Forsknings- og høyere utdanningsminister Sigrun Aasland (Ap) ledet den offisielle åpningen.
— Her ligger det godt til rette for studentaktivitet, læring og trivsel, og jeg gleder meg til å følge med på utviklingen, uttaler statsråden i en pressemelding fr ONH.
Nesten 4000 studenter studerer ved ONH, og åpningen av den nye campusen på Adamstuen trekkes fram som en viktig milepæl i satsingen på moderne og fleksibel utfanning i et området som utvikles av Oslo kommune og Linstow.
— Dagens studenter har ulike behov. Mange ønsker mer frihet i hverdagen, og vi vil imøtekomme dette ved å tilby en blanding av nettstudier og fysisk undervisning. På den måten skaper vi et alternativ til det mer tradisjonelle studieløpet, sier administrerende direktør i ONH, Morten Danielsen.
Blikstad-Balas er til daglig professor ved Institutt for lærerutdanning og skoleforskning ved Det utdanningsvitenskapelige fakultet ved Universitetet i Oslo (UiO).
Blikstad-Balas tar over som styreleder etter forfatter Aage Borchgrevink, som nå har rundt 20 år bak seg i organisasjonen.
Under helgens styremøte ble ellers Anders Vaa gjenvalgt som styreleder for Det faglitterære fond.
Fysikkprofessor Morten Hjorth-Jensen ved UiO er valgt til fellow (æresmedlem) i American Association for the Advancement of Science (AAAS), melder Titan.
Han er den tredje nordmannen som får en slik ærestittel noensinne. Organisasjonen står bak tidsskriftet Science.
– Jeg ble virkelig overrasket og ikke så rent lite stolt da jeg fikk beskjeden. Det er ekstremt tilfredsstillende å bli anerkjent av det bredere vitenskapelige samfunnet, sier Hjorth-Jensen til Titan.
Hjort-Jensen er fra før medlem i AAAS, og han sier det er blant annet fordi de er en tydelig stemme for vitenskap og vitenskapelig dialog.
I begrunnelsen for ærestittelen trekker AAAS fram professorens bidrag til sitt forskningsfelt, kvantemekanikk for mangepartikkel-systemer. I tillegg hans enestående innsats for utdanning av unge forskere. Hjort-Jensen har fra før mottatt flere undervisningspriser.
– Jeg ekstremt takknemlig overfor alle studentene jeg har hatt det privilegiet å følge gjennom årene. Det er en vedvarende inspirasjonskilde.
Morten Hjort-Jensen ble stolt da han fikk vite om sitt nye æresmedlemskap i AAAS.Hilde Lynnebakken
Sametingsrådet øker stipend for samiskspråklige barnehagelærer- og lærerstudenter, står det i en pressemelding fra Sametinget.
Satsene økes fra 25.000 kroner til 45.000 kroner per semester for studenter som tar denne utdanningen. Tar man en samiskspråklig lærer- eller barnehagelærerutdanning på fulltid, vil man motta 90 000 kroner i året.
– Stipendøkningen er ment til å motivere flere til å ta en samiskspråklig pedagogisk utdanning, fordi vi trenger flere samiskspråklig fagfolk i skole og barnehage, sier sametingsråd Maren Benedicte Nystad Storslett (NSR) i pressemeldingen.
Deltidsstudenter får 18.000 kroner for 15-29 studiepoeng, og 9000 kroner får 10-14 studiepoeng.
– Sametingets stipendordninger er en del av vår rekrutteringsinnsats. Målet er at flere tar studier som gir samisk språkkompetanse på høyere utdanningsnivå, sier Nystad Storslett.
— Vi ønsker å bidra til et mer bærekraftig samfunn ved å være dagsaktuelle og ha undervisning og forskning på et høyt internasjonalt nivå. Denne rankingen tar jeg som en indikasjon på at vi beveger oss i riktig retning, sier dekan Anders Runesson til fakultets egne sider.
Nyeste artikler
Krever at studenter i praksis skal få mer økonomisk hjelp
Revolusjonen venter ikke på KI-utvalgets anbefalinger
NHO-topp: Staten bør vera i front med å setja pengar i uavhengig forskingsfond
Når samfunnet skal omstilles må høyere utdanning være med
Columbias rektor går av. Den nye rektoren har vært tydelig kritisk til demonstrantene
Mest lest
Diesen vil bli australsk statsborger. — Eskalering av sverting og hets
116 studenter felt for KI-fusk i fjor. Særlig én ting avslørte dem
Norsk mangfoldsopprør sprer seg til hele Norden
To uker før masteren skulle leveres, fikk hun tilbud om å ta doktorgrad
Frykter at de ikke har råd til å bruke milliardbygg