Helge SandøySpråkhistorieLLE Foto: Hilde Kristin Strand

«Sjino» og «sjole» blir snart språk-normalen

Insisterer du på at det heiter «KJino», «KJøleskap» og «KJole»? Vel, du er truleg ein utdøyande rase.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

I 1978 intervjua språkforskarar frå Universitetet i Bergen, bergenske skuleelevar som var 14 år. I to prosent av dei aktuelle orda hadde elevane bytta ut kj-lyden i ord som «kjøleskap» og «kjole» med sj-lyd. I 2010 vart neste generasjon undersøkt. Over 90 prosent av dei sa då til dømes «sjino». Dette var barn fødde i 1995, skriv På Høyden.

Sj-lyden smitta

– Lyden smitta frå Bergen til Stavanger og gjekk deretter i sprang vidare til byar sørover og austover.

Det seier Helge Sandøy, som er professor i nordisk språkvitskap og tilsett ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium ved Universitetet i Bergen.

– Eg trur at frå 2020 vil alle barn som vert fødd i Bergen ha bytta ut kj-lyden med «sj». Men det vil truleg ta 200 år før lyden har spreidd seg til heile landet. Og det er svært raskt til språkendring å vera.

Eg trur at frå 2020 vil alle barn som vert fødd i Bergen ha bytta ut kj-lyden med «sj». Men det vil truleg ta 200 år før lyden har spreidd seg til heile landet. Og det er svært raskt til språkendring å
vera.

Helge Sandøy

Nokon fekk det ikkje til

Sandøy veit kva han snakkar om. Han er ein av to hovudredaktørar av det store verket Norsk språkhistorie. Det første bandet er no i handelen, det neste kjem etter planen før jul.

– Kva er det som skjer når ein lyd vert bytta ut med ein annan?

– Det er vanskeleg å skilja mellom «kj» og «sj». Det ser me på at få språk har begge lydane. Difor har det nok alltid vore nokre barn som har streva med desse lydane. Så starten på denne endringa er rett og slett at nokre ikkje har lært å uttala denne lyden sjølv når dei har vorte vaksne. Etter ei stund kjem den sosiale dimensjonen inn ved at samanfallet vert eit gruppesærmerke som fleire tøyer seg etter. Ei ungdomsgruppe er då ein effektiv formidlar, forklarar Sandøy.

Skrive «sjino»? 

Men kjem ein i framtida òg til å skriva «sjino»? Neppe i vår tid, trur språkprofessoren.

– Eg trur det er lenge til dette kan verta ein del av eit normert skriftspråk. Men det kan sjølvsagt vera nokon som gjer feil, seier han.

– Tenk på orda «sann» og «sand». I Noreg uttalar dei fleste desse orda likt. Men det ser ikkje ut til å vera eit problem i skriftspråket likevel.

Hell i uhell

Totalt 38 forskarar har skrive artiklar til verket Norsk språkhistorie, som er den første samanhengande, vitskapelege norske språkhistoria. Eit av banda er kronologisk, dei andre tek føre seg ulike tema. Men innanfor kvart tema har forskarane jobba kronologisk, heilt frå den urnordiske tida med runeskrift frå om lag år 200 e.Kr.

Etter den første planen skulle ein eigentleg vore i mål no, siste band skulle vore ferdig i fjor. Det kjem no neste sommar.

– Det tek tid å få 38 personar til å gå i lag og ikkje minst å få alle til å gå over målstreken samstundes, smiler Sandøy.

Mykje arbeid

I tillegg har redigerings- og forlagsarbeid teke lenger tid enn ein i utgangspunktet trudde.

– Alle artiklane er lesne av minst ein fagfellelesar. Då har me stort sett brukt kollegaer i utlandet. I tillegg har redaktørane lese alt grundig, og me har ønska at flest mogleg av medforfattarane i same bandet har lese det dei andre har skrive, seier Sandøy om verket som han reknar med kjem til å verta mykje brukt i undervisning på ulike nivå.

– Men samstundes har me lagt vekt på å skriva på ein måte som eit allment, språkinteressert publikum kan finna interessant.

Var få språkhistorikarar

Undervegs har det òg kome ut eit par andre bøker frå det store språkhistoriesamarbeidet, som ein slags bieffekt. Sandøy håpar òg at sjølve forskingstradisjonen kan ha vorte påverka. Det fanst nemleg få reine språkhistorikarar i Noreg då arbeidet med språkhistoria byrja.

– Eg trur fleire språkforskarar no tenkjer historie, òg når dei jobbar med andre problemstillingar, seier Sandøy.

Forskarane som har vore med i prosjektet, sju av dei frå UiB, har brukt si eiga forskingstid. Forskingsrådet ville nemleg ikkje rekna språkhistorieskriving som eit  forskingsstøtta prosjekt.

– No kan me seia at det kanskje var hell i uhellet. Dersom mange skulle grava seg ned i fleire år, er det slett ikkje sikkert at alle kom opp att. Og samordningsarbeidet ville vorte uendeleg mykje større, seier Sandøy.

Språkleg overflod

Då det første bandet var klart, skreiv Agnete Nesse, professor ved Høgskulen i Bergen og den andre hovudredaktøren, ein kronikk i Bergens Tidende (BT) om at grammatisk kjønn i norsk språk kan forsvinna.

– Grammatisk sett finst det ein del luksus i språket vårt som eigentleg ikkje er naudsynt, dersom ein ser på språket som noko som ein berre skal bruka til å kommunisera med. Den bergenske dialekten - prega av språkblanding - har berre to kjønn, og det kan tenkast at dette kan skje andre stader òg, seier Sandøy.

– Kva med kasus? Ein har jo genitivsformer som «til fjells» og «til havs».

– Definitivt luksus. Mangt i språket representerer redundans, altså språkleg overflod. Ei viss overflod vil ein alltid ha, elles kan kommunikasjonen verta for vanskeleg. Men det finst døme på språk som greier seg godt utan kjønn på orda.

– Kven då?

– Engelsk. Og det går jo bra, humrar Sandøy.

Han legg til:

– På Vestjylland finst eit system der ein lar det som kan teljast, vera felles kjønnsord og det som ikkje kan teljast, inkjekjønnsord. Den som lever om to-tre hundre år, får sjå korleis det er gått i norsken.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS