doktorgrad
Seks av sju som disputerte her er kvinner: — Vi er stolte
Av dei sju som disputerte ved Høgskulen i Volda i 2023, var seks kvinner. Rektor Odd Helge Mjellem Tonheim er godt nøgd.
— Det er
kvaliteten til prosjekta og kvalifikasjonane til kandidatane som tel ved
tilsetting, så vi har ikkje bevisst satsa på å auka telet på kvinnelege
stipendiatar.
Det seier rektor ved Høgskulen i Volda (HVO), Odd Helge Mjellem Tonheim.
I 2023 disputerte sju doktorgradsstipendiatar ved HVO. Felles for seks av dei er at dei er kvinner. At sju disputerte i eitt og same kalenderåret har elles berre skjedd to gonger tidlegare ved HVO, i 2013 og 2016.
Eli-Karin Sjåstad Åsebø var ei av kvinnene som fullførte ph.d.-løpet sitt ved HVO i 2023. Ho trur det kan vera tilfeldig at så mange kvinner fullførte akkurat i fjor.
— Først og fremst tenkjer eg det er veldig godt å sjå at dei som byrjar på ei doktorgrad fullfører uavhengig av kjønn, seier Sjåstad Åsebø, og peikar på tal frå Statistisk sentralbyrå som viser at fordelinga på landsbasis når det gjeld kjønn og fullføring av doktorgrad dei siste åra har lege på rundt 50 prosent.
— Eg er likevel svært takknemleg for den jobben kvinnene som har bana vegen for oss har gjort, og at begge kjønn no har like moglegheiter til å ta ei doktorgrad her til lands, kjem det frå Sjåstad Åsebø.
Flest kvinner
Per i dag har Høgskulen i Volda ei overvekt av kvinnelege stipendiatar.
— Andelen er no på like i underkant av 70 prosent. At heile seks kvinner har disputert i 2023, er vi stolte over. Det er svært gledeleg at så mange unge kvinner kjem i mål med prosjekta sine. Dei bidreg med samfunnsnyttig forsking og vil vera viktige rollemodellar for andre, seier rektor Odd Helge Mjellem Tonheim.
Han legg til at HVO har hatt ei overvekt av menn i professor- og dosentstillingar, men at det stadig blir jobba for ein betre kjønnsbalanse.
— Vi håpar jo at fleire av dei som no har disputert, vil forska vidare og bli professorar, seier rektoren.
Jan Ove Ulstein var den einaste mannen som disputerte ved HVO i fjor. Dei seks kvinnene er Elisabeth Busengdal, Anne Natvig, Eivor Finset Spilling, Ingeborg Katrin Lid Berget, Ingeborg Berg Skogen og allereie nemnde Eli-Karin Sjåstad Åsebø.
Spilling, Berget og Skogen var alle å finne i Khrono si Min doktorgrad-spalte i 2023.
Stress i kroppsøving
Sjåstad Åsebø disputerte 6. oktober med avhandlinga Exploring Contextual Stressors and Coping Strategies in Physical Education. A Case Study Approach.
— Eg har utforska korleis ungdomsskuleelevar erfarer kroppsøvingsfaget, med særskild vekt på om elevane opplever stress i kroppsøving, kva som eventuelt stressar dei og kva strategiar dei nyttar for å handtere stress, fortel ho.
Funna hennar viser at fleirtalet trivst i kroppsøving, og at dei fleste aldri eller sjeldan opplever stress i faget. Nokre elevar opplever kroppsøving som mindre stressande enn andre fag, og nokre opplever det som stressreduserande, medan andre handterer stressande situasjonar lettare etter kroppsøvingstimane.
— Likevel har enkelte elevar ofte eller av og til negative opplevingar eller kjensler i kroppsøving. Elevane sine oppfatningar er avhengige av situasjonen, innhaldet i timane, forholdet og oppførselen til medelevar og læraren, tidlegare erfaringar og personlege vurderingar av ulike stressfaktorar, fortel Sjåstad Åsebø.