språk

Seier nei til at Språkrådet flyttar

Politikarane i Vestland vil flytta Språkrådet til Bergen. Dårleg idé, seier fagmiljøet i byen.

Språkråd-direktør (til høgre) på debatt i Bergen, med representantar for utdanningsinstitusjonar i byen. Men språkmiljøa ved både UiB, Høgskulen på Vestlandet og NHH er negative.

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Det ikkje meir enn tre år sidan sist: Då stod Språkrådet på lista over statlege verksemder regjeringa og samarbeidspartia ville flytta ut av hovudstaden. Denne gongen er det hovudutval for Kultur, idrett og integrering i Vestland fylke, med Arbeiderpartiet i spissen. Kari Sørensen Bernardini (Ap) kom med forslaget, skriv NRK.

– Det er ingen grunn til at me ikkje skal breia desse statlege arbeidsplassane godt utover. Eg trur at kompetansen dei vil finna i Bergen kjem til å ta vare på Språkrådet sine behov, seier Bernardini til NRK.

– Du skal ikkje undervurdera krafta i eit godt vestlandsopprør, så det kan godt vera at me får til dette.

Vil ha sterkt Språkråd

Dekan, og professor i nordisk litteratur, Jørgen Sejersted, tek gjerne imot Forskingsrådet. Språkrådet vil han ha i Oslo.

I forslaget frå Bernardini, som vart vedteke i utvalet, vert det mellom anna peika på at det er fleire sterke fagmiljø i Bergen. Men forslaget frå politikarane får ikkje applaus. Ikkje frå språkmiljøet ved Høgskulen på Vestlandet (HVL), ikkje frå same miljø ved Universitetet i Bergen (UiB), og heller ikkje frå språksamlingmiljøet, som høyrer heime ved Universitetsbiblioteket ved UiB.

— Tidlegare har det vore sterke miljø ved UiB som har jobba for flytting av Språkrådet. Men no ser me nytta av at Språkrådet er i hovudstaden. Dei støttar oppbygginga av eit språkmiljø i Bergen. Samarbeidet er konstruktivt, og me er svært nøgde.

Det seier Jørgen Sejersted. Han er dekan ved Det humanistiske fakultetet ved UiB.

Sejersted peikar òg på at det kan vera fornuftig at Språkrådet kan vera i Oslo; der den nasjonale politikken vert utforma, og nær styresmakter.

— Når det er sagt, er eg på ingen måte imot at statlege verksemder i vår sektor flyttar ut av Oslo - og eventuelt til Bergen. Forskingsrådet kan gjerne flytta hit! Men me er interessert i eit sterkt Språkråd, og det er sterkt og tydeleg der det er i dag.

Ein treng Språkrådet i Oslo, der makta sit, meiner professor Edit Bugge.

Redd for svekking

Eller kanskje kan Utdanningsdirektoratet flytta vestover? Det meiner fagmiljøet ved HVL. Edit Bugge er professor ved Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking, og leiar forskargruppa Språk og samfunn.

— Språkrådet har ikkje så mykje formell makt eller moglegheiter til å setta makt bak tiltaka sine. Me meiner Språkrådet vil verta svekka dersom det vert flytta vekk frå nettverk og maktapparat i hovudstaden, seier Bugge.

Dersom noko skal flyttast, meiner ho i staden at Utdanningsdirektoratet kan flytta vestover.

— Språkrådet er ganske lite. Utdanningsdirektoratet har fleire arbeidsplassar, og sit òg på meir reell språkmakt, fordi dei forvaltar språkpolitikken i opplæringsfeltet. Å flytta det vil vera viktigare i eit desentraliseringsperspektiv. Direktoratet er òg robust nok til å tåla ei flytting, seier Bugge.

Treng velfungerande organ

For at verksemder kan verta svekka ved flytting, er ikkje noko nytt. Då flytting var diskutert sist, peika dåverande leiar for Nynorsk kultursentrum og tidlegare styreleiar i Språkrådet, Ottar Grepstad, på at UiB då hadde overteke språksamlingane frå Universitetet i Oslo, og at det siste ein trong, var eit Språkråd som ikkje var operativt.

— Det vil svekka arbeidet deira med desse samlingane og det forskingsgrunnlaget dei treng, sa Grepstad til Bergens Tidende.

Han sa òg at språkpolitiske er ingen tent med at Språkrådet vert flytta.

Det er nettopp omsynet til Språksamlingane som gjer at Margunn Rauset seier tydeleg «nei» til flytting.

— Me er inne i ei kraftig oppbygging av våre miljø, og at Språkrådet skal flytta vil vera svært uheldig. Me samarbeider godt med Språkrådet, og treng eit sterkt og velfungerande organ, seier Rauset.

Ho peikar på at flyttestøy vil kunne svekka Språkrådet, og at ei flytting òg vil kunne føra til at rådet misser tilsette.

— Vil det vera mange nok med rett kompetanse i Bergen dersom ein både skal fylla stillingar i Språkrådet og i akademia?

— Språkrådet har omlag 40 tilsette, og mange av dei har doktorgrad. Eg trur ikkje det utan vidare er mange nok i Bergen, seier Rauset.

Bugge seier at det òg er stemmer ved HVL som er uroa over at det ikkje vil vera mange nok med rett kompetanse i Bergen, men at det altså ikkje er hovudpoenget.

Også ved Norges Handelshøyskole (NHH) meiner ein at Språkrådet bør verta verande i hovudstaden.

— Eg meiner at det beste er at Språkrådet vert verande i Oslo med den nærleiken det gir til departement, direktorat og andre aktørar og etatar som rådet intereagerer med, skriv Gisle Andersen i ein epost til Khrono.

Han er professor ved Institutt for fagspråk og interkulturell kommunikasjon og i tillegg leiar for Språkrådet sitt fagråd for normering og språkobservasjon.

— Men dersom det vert bestemt at Språkrådet skal flyttast, er Bergen den einaste fornuftige lokaliseringa, på grunn av den store satsinga på arbeid med språkressursar, leksikografi og terminologi som vert gjort her, seier Andersen.

Wetås: Politisk sak

Åse Wetås leiar språkrådet.

— Ho har høg tillit i fagmiljøet, seier Edit Bugge.

Wetås kommenterer sjølv saka på Twitter. Der seier ho at lokalisering av statlege verksemder er eit politisk spørsmål, og at det difor er andre enn henne som avgjer kvar Språkrådet skal halda hus. Men ho seier òg at det er vanskeleg å kjenna seg att i dei fleste oppgåver som vert nemnd i den politiske fråsegna frå Arbeiderpartiet.

Powered by Labrador CMS