Debatt Roy Krøvel

Samisk nasjonaldag midt i ein pandemi

Pandemien syner oss korleis statar og grenser splittar nasjonar som samar og andre urfolk. Eg har under pandemien arbeidd som professor II på Samisk høgskole og har sett korleis samisk samfunnsliv vert splitta og delt etter statsgrenser av tiltak mot smitte og reiseråd, skriv Roy Krøvel.

Roy Krøvel har arbeidd som professor II på Samisk høgskole og har sett korleis samisk samfunnsliv vert splitta og delt etter statsgrenser av tiltak mot smitte og reiseråd. Biletet er av Samisk høgskole
Publisert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

Både studentar og tilsette på Samisk høgskole bur og lever i minst tre nordiske statar - den samiske nasjonen har aldri følgt dei historisk skiftande grensene mellom statane i nord. Dermed gjer reiseråd det uråd for mange samisk tilsette å kome seg til og frå arbeidsplassen sin. Pandemien gjer det ekstra tydeleg korleis nasjonar som lever på tvers av statsgrenser vert splitta av politisk-administrative tiltak.

Sapmi strekkjer seg over fleire landegrenser.

Føremålet med reiseråd er å hindre at smitte vert tatt med frå stadar med mykje smitte til stadar med lite smitte, slik me til dømes har sett ved nedstenging av Nordre Follo. Reint administrativt vert slike vedtak tatt av styresmakter på kommunalt, regionalt eller statleg nivå, sjølv om viruset har ein tendens til ikkje å følgje kommunegrenser eller statsgrenser. Frå eit smittevern-synspunkt er det ikkje formålstenleg at eg, frå Oslo med sitt smittepress, i periodar kunne reise nordover til høgskulen, medan samiske kollegaer busett nokre mil over grensa til Finland måtte halde seg heime. Det er eit døme på at dei praktiske konsekvensane av tiltak er like mykje ei følgje av politisk og administrativ organisering som av dei tilhøve politikken søker å gjere noko med (hindre at smitte vert spreidd).

På mitt forskingsfelt (journalistikk) finst ei mengd studiar som viser korleis framvekst av kommunikasjonsmidlar og aviser og andre media medverka til aukande nasjonalisme og krav om sjølvstendige statar for 100 – 150 år sidan. Benedict Anderson meinte at det skapte «førestilte fellesskap» som kravde sjølvstyre. Nokre vil seie at Noreg endeleg vart samla til eitt rike då sjølv dei minst grender lengst frå hovudstaden kunne samle seg framfor Dagsrevyen og vermeldinga på NRK. På TV2 bruker vêrmeldarane framleis omgrepet «landet vårt» når dei skal presentere meldinga for dei komande dagane. Det førestilte fellesskapet «vi», som eig landet som er «vårt», krev ikkje nærare forklaring, men då kravet om sjølvstende for Noreg frå Sverige vart reiste med auka styrke før 1905, vår det få som inkluderte minoritetsnasjonane i førestillinga om kven «vi» er.

Eg forstår at dette er vanskelege argument å framføre sidan sjølv språket vårt arbeider mot det. På norsk er forteljinga om «nasjonalstaten» så sterk at orda «nasjon» og «stat» nærast er som synonym å rekne i kvardagsnorsk. «Internasjonalt samarbeid» tyder som oftast samarbeid på tvers av statsgrensene eller mellom statar. Men dersom «nasjon» nærast er det same som «stat», korleis kan samane då feire nasjonaldag?

Det er enkelt og uforpliktande å slutte seg til gratulasjonane når den samiske nasjonaldagen skal markerast. Men kanskje burde me heller diskutere korleis me kan bygge ned hinder for at den samiske nasjonen kan utvikle seg.

Roy Krøvel, OsloMet

Mange har dei siste åra undersøkt dei gryande fenomena urfolksjournalistikk og urfolksmedia. Alt tyder på at eigne media som dekker saker som påverkar liva til folk på folks eige språk, skaper ei rad med positive ringverknader. Folker Hanusch har til dømes dokumentert og skildra viktige kjenneteikn ved urfolksmedia: «the empowerment role, language revitalisation, counter-narrative, reporting through a culturally appropriate framework, and the watchdog function of Indigenous Journalism».

Når det kjem til stykke, er det kanskje ikkje så ulikt rolla media spelte då den moderne journalistikken vaks fram i Noreg. Men det er ein viktig skilnad. Samiske media utviklar seg innafor medieorganisasjonar, journalistorganisasjonar, lover og regelverk, finansieringsordningar osb. som er organisert innanfor fleire ulike statlege rammer. Medan norsk media hadde kraft i seg til å organisere ei førestilling om å vere eit «nasjonalt» fellesskap, eksisterer samisk mediepraksis i dag i rammer som skaper førestillingar om å høyre til forskjellige fellesskap som er organisert etter stat og grenser. Dei «nasjonale» rikskringkastarane sine samiske redaksjonar i Noreg, Sverige og Finland (NRK, SVT og YLE) spelar t.d. ei avgjerande rolle i det samiske mediebiletet. Det same gjer «nasjonale» ordningar for stønad til media og ytringsfridom. Grensene set grenser for full utfalding av samiske media og offentlegdom. Det tener neppe eit samisk fellesskap.

Pandemien har synt kor viktig det er med fellesskap og solidaritet når smitte skal bremsast og byrder fordelast. Det er litt merkeleg at dei nordiske landa, som elles ikkje har vanskar med å samarbeide, ikkje har kome lenger når det gjeld å skape samiske institusjonar og styrke samisk offentlegdom på tvers av grensene. Det er enkelt og uforpliktande å slutte seg til gratulasjonane når den samiske nasjonaldagen skal markerast. Men kanskje burde me heller diskutere korleis me kan bygge ned hinder for at den samiske nasjonen kan utvikle seg.

Powered by Labrador CMS