Direktør i Forskingsrådet, John-Arne Røttingen, er overraska over at så mange som 26 prosent i humaniora ikke har eitt einaste publikasjonspoeng. Foto: Ketil Blom Haugstulen

1 av 4 i humaniora har ingen publiseringspoeng

26 prosent av forskarane i norsk humaniora har ikkje eitt einaste publiseringspoeng. Sjølv om talet på publikasjonar har auka dei siste åra, meiner dei som har evaluert humanioraforskinga at det må bli publisert meir, særleg ved høgskulane.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

(Sjå framlegging av evalueringa nederst i saken).

No er humanioraforskinga evaluert og for første gong på over 30 år er heile feltet sett under eitt. 

2300 forskarar, 97 forskargrupper, 36 institusjonar er i løpet av dei siste to åra blitt evaluerte av 54 internasjonale fagekspertar i åtte ulike fagpanel.

Ifølge nasjonal statistikk er det 3.100 vitskaplege tilsette i humaniora i universitets- og høgskolesektoren i Norge. Desse utfører til sammen 1.300 forskings- og utviklingsårsverk. Norge investerer årlig om lag 1,8 milliardar kroner i humanistisk forskning.

Overraska

Ein må hugse at rammevilkåra er ulike i breidda av institusjonar som er evaluert, så ein kan jo ikkje vente det same frå alle.

John-Arne Røttingen

Forskarar i humaniora har samla sett god produktivitet med eit gjennomsnittleg tal på publikasjonar per vitskapleg tilsett som er høgare enn for andre fagområde i Noreg. Talet på publikasjonar har auka med 7,8 prosent frå 2011 til 2015.

Veksten har vore størst i estetiske studiar, mediestudiar og i nordisk og komparativ litteratur, viser rapportane frå Forskingsrådet.

Samstundes var 26 prosent av forskarane som er med i evalueringa, heilt utan publiseringspoeng. Dette kjem truleg av at det er fleire institusjonar i evalueringa med kort fartstid innanfor forsking, og at mange av faga er undervisningstunge med ein stor del av lektorar blant dei tilsette

Direktør i Forskingsrådet, John-Arne Røttingen, er overraska over nokre av resultata.

— Blei du overraska over at heile 26 prosent ikkje hadde publisert noko som helst?

— Ja, det blei eg. Det er eit uheldig tal, men ein må hugse at rammevilkåra er ulike i breidda av institusjonar som er evaluerte, så ein kan jo ikkje vente det same frå alle, seier han, men legg til:

— Ein har forskarar på ulike nivå og med ulik forskingstid, men eg tenkjer samstundes at alle som har sett av tid til forsking må ein vente at publiserer. Det er jo slik forskaren kan kome ut med forskinga si, og kome i dialog med fagfeller og med samfunnet.

Sjå også: Alle rapportane til evalueringa

Viktig reiskap

Heilt overordna meiner Røttingen at evalueringa gir eit godt bilete av humaniora-feltet.

— Fagevalueringar som denne er viktige som eksterne blikk på eit heilt fagområde, og er ein reiskap for den vidare utviklinga som institusjonar og fagmiljø har ansvar for. Dei gir aldri det fulle bildet, men er nyttig som del av heilskapen, seier han, og legg til:

— Spesielt no, sett i lys av stortingsmeldinga om humaniora. Vi får no eit betre kunnskapsgrunnlag for å sette i verk det som ligg i meldinga.

Han forklarar at med alle slike fagevalueringar sett ein i etterkant ned ei oppfølgingsmekanisme, ei gruppe representantar frå sektoren, som vil vurdere anbefalingane og kome med forslag til korleis følge dei opp.

— Og då med forslag til både fagmiljøa, Forskingsrådet og styresmaktene.

Positivt på kjønnsbalanse

Røttingen vil ikkje seie om dei konkrete råda som eksternevalueringa kjem med er riktige for Noreg.

— Eg er opptatt av at miljøa ute bør gjere ei analyse, og det går rett inn i den arbeidsdelinga vi opererer med. Humaniorafeltet er i tillegg eitt av fagområda der Forskingsrådet finansierer ein relativt liten del av totalinnsatsen. Den store delen kjem gjennom institusjonane.

Røttingen legg til eit lyspunkt som evalueringa avdekka, at delen kvinnelege professorar aukar.

— Vi ser ei positiv utvikling i kjønnsbalanse. Delen kvinnelege professorar i humaniora har auka. På ti år har vi gått frå ein fjerdedel til ein tredel, sier han, og legg til:

— Men vi bør framleis ikkje vere nøgde før vi har minst 40 prosent.

Samla sett god produktivitet.

Berre ein tredel av dei ikkje-publiserande forskarane er doktorgradsstudentar. Universiteta i Oslo og Bergen står til saman for 43 prosent av den totale forskingsproduksjonen målt i publiseringspoeng.

Dei som har evaluert kjem med tre klare anbefalingar: 

  • Det er for mange forskarar i Noreg med svært få eller ingen publiseringspoeng. Når begrensa ressursar skal fordelast er det viktig å sørge for at svake prestasjonar ikkje blir belønna.
  • Viss høgskulane skal produsere forsking av høg kvalitet er det behov for å rekruttere fleire tilsette med doktorgrad og tilby tilstrekkelig tid til forsking. Utan tilstrekkelig forskingstid vil høgskulane sine tilsette aldri nå høg forskingskvalitet.
  • Norske forskarar i humaniora bør ta sikte på å publisere meir i internasjonalt leiande tidsskrift og på internasjonalt leiande forlag.

Sjå det nasjonale i ein større samanheng

Komitéleiar Shearer West, professor ved University of Sheffield, meiner at språk er ein del av forklaringa.

— Humanistisk forsking er ofte knytt til norske tema og kontekstar, noko som er fornuftig og forståeleg når det gjeld forsking på norsk språk, litteratur og historie, seier ho til Forskingsrådet.

— Vi meiner likevel at det er potensiale for i større grad å stille spørsmål om korleis tema og problemstillingar som blir utforska i den norske konteksten kan relaterast til internasjonale fenomen som er samanliknbare.

— Den viktigaste anbefalinga frå panelet, er at regjeringa og kvar enkelt institusjon utviklar tydelegare strategiar og sterkare prioriteringar for humanistisk forsking som tek omsyn til styrker og svakheiter i forskingssystemet og dei tilgjengelege ressursane, avsluttar Shearer.

Evalueringa spenner frå estetiske fag via språk, litteratur og medier til historie, filosofi og religion. Den omfattar alle universita bortsett frå NMBU, 18 vitskapelege høgskular og statlege og private høgskulea, fem universitetsmuseer og fire forskningsinstitutt.

Sjå heile framlegginga av evalueringa her:

  • 09.30  Frukt og kaffe
  • 10.00  Velkommen v/Forskingsrådet
  • 10.10  Presentasjon ved leder for hovedkomitéen, professor Shearer West, University of Sheffield
  • 10.50  Respons fra evaluerte institusjoner:
    • Anne Kristine Børresen, HF, NTNU
    • Arne Bugge Amundsen, HF, UiO
    • Susan Nacey, Høgskolen i Innlandet
  • 11.40  Panelsamtale: Arne Bugge Amundsen (UiO), Sonni Olsen (UiT), Jørgen Sejersted (UiB), Håkon Glørstad (Kulturhistorisk museum, UiO), Vidar Haanes (MF)
  • 12.10  Innlegg ved Statssekretær Bjørn Haugstad (Kunnskapsdepartementet)
  • 12.20  Avslutning og veien videre (avdelingsdirektør Christen Krogh)
  • 12.30  Ferdig
Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS