senter for framifrå utdanning

Reaksjonar etter jubileumsmøte om utdanning: «Kva skjedde her statsråd Borten Moe?»

Jubileumsarrangementet enda i kollaps for professor Jostein Bakke etter å ha høyrt på statsråd Ola Borten Moe.

Jostein Bakke er professor og leiar for eit Senter for framifrå utdanning (SFU) ved Universitetet i Bergen.
Publisert Oppdatert

Fleire utdanningstoppar var onsdag samla for å kaste lys over dei ti siste åra med prestisjeordninga Senter for framifrå utdanning (SFU).

På same måte som Senter for framifrå forsking (SFF), er det nokre utdanningsmiljø som får denne prestisjestatusen dersom dei kan vise til framifrå kvalitet og innovativ praksis.

Ifølgje Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) er ordninga «ein spydspiss og pioner for kvalitetsutvikling».

Spørsmålet er om det blir ti nye år med SFU? Nokre tolka nemleg forskings- og utdanningsminister Ola Borten Moe (Sp) dit hen at det no er kroken på døra for prestisjeordninga.

— Kollapsa

«Kva skjedde her statsråd Ola Borten Moe? Du skulle kaste lys over 10års jubileet for SFU ordningen, men klarte på ditt uinspirerte vis å signalisere at det ikkje blir ti nye år!» skriv professor Jostein Bakke på Twitter.

Bakke er leiar for senteret for framifrå utdanning, iEarth, ved Universitetet i Bergen.

Han reagerer sterkt på det Borten Moe sa under seminaret onsdag, spesielt fordi kontrastane vart store når dette var eit jubileumsarrangement.

— Eg kollapsa litt då han sa at vi ikkje skulle spørje om 750 nye millionar til nye SFU. Ein blir ekstra skuffa når han seier at dette er noko vi ikkje treng i framtida, fordi alle liksom skal opp på eit nivå der kvaliteten på utdanninga er god nok, seier Bakke til Khrono og legg til:

— Han kunne aldri ha sagt noko liknande om SFF-ordninga. For kven bestemmer når forskinga er god nok? Vi jobbar jo også i eit forskingsfelt og vi skal utvikle oss. Vi er ei drivkraft i utdanningskvalitet og forsking på utdanning. Det er ingen som kan seie at vi no er ferdige med denne forskinga.

— Burde ligge til grunn heilt frå starten av

Forskings- og høgare utdanningsministeren opna seminaret onsdag og kasta innleiingsvis glans på ordninga, som han meiner har bidrege til at enda fleire har fått oppleve «fantastisk undervisning» og ikkje minst auka statusen på undervisning.

Men det var orda som fall då Jon Gunnar Mølstre Simonsen frå HK-dir stilte statsråden spørsmål om kva han tenkte om vegen vidare for SFU-ordninga, som har fått blant andre professor Bakke til å reagere.

Sjølv om Borten Moe understreka at regjeringa i Hurdalsplattforma har skrive at dei skal utvide ordninga med Senter for framifrå utdanning (SFU), sa statsråden følgjande:

— Men eg håper jo eigentleg at vi kan kome over i ein modus som handlar om kvalitetsutvikling som tek meir utgangspunkt i at statusen og forståinga av kva vi vil oppnå ligg meir intuitivt i sektoren, og at vi kan bruke det meir som ein arena for erfaringsutveksling. I staden for at det blir ein budsjettdiskusjon kor ein treng ekstra pengar til å løfte noko som burde ligge til grunn heilt frå starten av, sa Borten Moe.

Forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe (Sp) kom med ulike signal då han snakka på jubileumsarrangementet for Senter for framifrå utdanning (SFU).

Meiner ordninga ikkje er naudsynt i ei ideell verd

Han skaut så inn at dette var hans ideelle utgangspunkt, men at han også hadde eit veldig pragmatisk utgangspunkt til dette. Før han vende seg til rektor ved NTNU, Anne Borg, og heldt fram:

— Det hadde vore hyggeleg om du kunne seie at «vi tilbyr framifrå undervisning for alle våre studentar, og at det eg treng mest av alt er eit forum kor eg kan dele denne kunnskapen», framfor å kome og seie at du treng 750 millionar kroner til nokre utvalte.

Borten Moe gjorde det tydeleg at det i ei ideell verd ikkje hadde vore behov for SFU-ordninga, fordi det då «hadde vore fantastiske læringsmiljø og utdanningstilbod overalt».

— Dette er ei slags ordning for å få i gang eit arbeid som vi meiner har vore tvingande naudsynt. Eg meiner vi har lukkast og så må vi forsikre oss om at dette er ei ordning som treff heile sektoren og blir inkorporert i tenkinga, kvalitetsarbeidet og prestisjen som skal ligge i det å drive med framifrå undervisning i heile sektoren, sa statsråden.

Håper på forståing

— Dette vitnar om at statsråden ikkje har skjønt kva dette fagfeltet går i. Dette er utdanningsforsking likestilt med all anna forsking. Eg håper berre at vi kan få ein minister som forstår dette, seier Bakke.

— Statsråden var veldig oppteken av at det arbeidet som skjer på dei 12 ulike Sentera for framifrå utdanning ikkje berre må kome nokre miljø og studentar til gode, men at kunnskapen må spreiast til heile sektoren. Det er jo eit poeng det?

— Det er allereie eit poeng i mandatet til alle SFU, at vi skal spreie kunnskapen om det vi driv med, både gjennom publikasjonar i tidsskrift, i media og i samfunnsdebatten elles. Sentera har ein veldig viktig funksjon i å drive fram den kulturendringa han snakkar om, og dei trengst som fyrtårn i denne utviklinga, seier Bakke.

Powered by Labrador CMS