Professor i historie Einar Lie (t.v.) leia utvalet som foreslo ny finansiering av utsette fag i humaniora. Foto: Ketil Blom Haugstulen

Rapporten om særfinansiering av utsette humaniorafag er ikkje god nok

Rapport. Vi var fleire som hadde forventningar til at rapporten skulle diskutere kva for humanistiske småfag som er utsette, og kva for grunnar det eventuelt skulle vere for å oppretthalde dei, skriv Kristin Bakken.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

7. februar går høyringsfristen ut på ein rapport om særfinansiering av utsette humaniorafag frå Kunnskapsdepartementet. Det handlar om kva for små humaniorafag som kan kallast utsette, og om kva for samfunnsbehov som kan legitimere dei. Dessverre leverer ikkje denne rapporten svar på desse to spørsmåla.

På bakgrunn av nokre kontroversielle nedleggingssaker, for eksempel flyttinga av dei norske språksamlingane til Universitetet i Bergen med ei særfinansieringsordning i botnen, er vi fleire som hadde forventningar til denne rapporten. Vi hadde eit håp om at den i litt større breidd skulle diskutere kva for humanistiske småfag som er utsette veduniversiteta, og kva for eksterne grunnar det eventuelt skulle vere for å oppretthalde dei. Og dinest diskutere kva for type særfinansieringsordning som trengst.

Det er ein veikskap at «fag» ikkje er definert i rapporten, men avgrensinga av «utsett» er også merkeleg.

Kristin Bakken

Her skuffar rapporten. I ei tid då fagleg fornying typisk nok føregår ved nytuvikling innafor ramma av dei store tradisjonell faga, burde rapporten ha problematisert fagomgrepet – og halde tunga rett i munnen når ein etterpå diskuterer «småfaga» sin relasjon til samfunnsbehova. I rapporten blir «fag» ikkje definert. Det har den følgen at tradisjonsrike fag som leksikografi og namnegransking blir kalla «ekspertområde» under nordiskfaget, og dermed ikkje er eit utsett fag. Mange andre potensielle fag med utfordringar blir slik rydda av banen per definisjon

I dag slit kulturminneforvaltninga og museumsfeltet med å finne kandidatar som kan forvalte for eksempel freda bygningar, teknisk-industrielle anlegg og fartøy. Grunnen er ei fagleg omprioritering innanfor kulturhistoriefaget. I det tradisjonelle etnologifaget spesialiserte studentar seg til dømes på byggjeskikk, tradisjonshandverk og andre materielle kulturuttrykk. Dette var svært nyttig kompetanse for kulturminneforvaltninga og museumsfeltet. Då etnologien blei tatt opp i nye, meir vidtfemnande kulturfag, førte det til at dei materielle sidene av kulturhistoria blei nedprioritert.

Dette eksempelet illustrerer ein diskusjon som ikkje blir tatt godt nok i rapporten, og det er relasjonen mellom samfunnsbehova og dei studietilboda som finst på universiteta. Kulturminneforvaltninga består av direktorat, fylkeskommunar, kommunale myndigheiter og delar av museumsfeltet. Og den samhandlar med andre delar av museumsfeltet, bygningsvernsenter og andre aktørar.

Til saman representerer dette feltet ein vesentleg arbeidsplass for nyutdanna studentar frå universiteta. Ekspertgruppa burde vere klar over dette, for dei viser til at kulturminnelova fordrar at universitetet uteksaminerar kandidatar frå arkeologistudiet. Dette blir brukt som eit døme på korleis lovpålagde oppgåver legg føringar for kva for fag det er viktig å tilby.

Arkeologistudiet matar då også kulturminneforvaltninga med kandidatar som har ansvar for automatisk freda kulturminne frå før 1537. Men kva med alle kulturminna etter 1537? Det er eit paradoks at dei faga som kunne byggje oppunder forvaltninga av desse «yngre» kulturminna snarare er bygde ned enn opp dei siste åra. Ekspertgruppa ser ut til å meine at arkeologistudiet, som ikkje er utsett,kvitterer ut alle samfunnsbehova som springer ut av kulturminnelova.

Det er ein veikskap at «fag» ikkje er definert i rapporten, men avgrensinga av «utsett» er også merkeleg. Gruppa definerer eit utsett fag som eit fag som er tenkt lagt ned ved ein institusjon som tilbyd dette faget som siste gjenveranda fag nasjonalt. Gruppa går altså bort frå definisjonen i Humaniorameldinga som definerte eit utsett fag som eit fag med få studentar og få fagleg tilsette.

Når for det første «fag» ikkje er definert, og når for det andre kartlegginga av situasjonen viser at det ikkje ligg føre nedleggingsplanar ved noko universitet per i dag, er ekspertgruppa i den situasjonen at dei ikkje har greidd å finne noko utsett fag i Noreg. I ein situasjon der det finst mange utsette fag etter Humaniorameldinga sin definisjon, og der ein veit at ein institusjon si velvilje overfor slike fag er tungt avhengig av strategiske og ikkje minst økonomiske svingningar, er denne definisjonen ikkje overtydande.

På eitt punkt tangerer ekspertgruppa ein type vurdering som eg meiner denne rapporten i stort burde ta opp, og det gjeld samisk. No fell rett nok ikkje samisk heller inn under definisjonen som ekspertgruppa legg til grunn for eit utsett fag, men konklusjonen på drøftinga er forvitneleg. For her tar gruppa til orde for at «departementet finner en særskilt løsning for samisk viss faget skulle bli nedleggingstruet».

Det er ikkje vanskeleg å vere samd med gruppa i dette, men er ikkje dette ei særfinansieringsløysing dei her tar til orde for – nettopp basert på samfunnsmessige behov som trumfar lokale økonomiske eller strategiske forhold ved den einskilde lærestaden? Har ikkje ekspertgruppa her skjønt at dei har tak i ein flik av eit stort sakskompleks som hadde fortent å blir kartlagt på ein skikkeleg måte? Og sjølv om den kontroversielle flyttinga av språksamlingane frå Universitetet i Oslo til Universitetet i Bergen blir nemnd i rapporten, blir det ikkje tematisert at dette også skjedde ved ei særfinansieringsordning frå departementet.

Ekspertgruppa er redd for at ei særfinansieringsordning skal bidra til den generelle konservatismen innanfor humaniora. Dei flaggar tydeleg at dei er like ottefulle for utfordringa med å fornye fagporteføljen enn dei er for å finansieringa av utsette fag. Eg lurar på om denne inngangshaldninga har fått farge både definisjonane og konklusjonane i rapporten.

Når det er sagt, kan ein vere samd med ekspertgruppa i at desse tinga ideelt sett burde ha blitt drøfta i samanheng. Føresetnaden er likevel at diskusjonen hadde blitt tatt på eit opplyst grunnlag av kva for samfunnsbehov det er viktig at universitetsfaga dekkjer. Slik kunne ein ha fått opna døra til den større, og heilt sentrale diskusjonen om kva foreksisterande og framtidige fag universitetet skal tilby.

Powered by Labrador CMS