Siste fra forsiden:
Siste fra forsiden:
- Siste
- Mest lest
Toppnotering. For fjerde år på rad klatrar Noregs miljø- og biovitskapelege universitet (NMBU) på QS University Rankings liste.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
I dei generelle rangeringane over dei beste universiteta i verda er NMBU eit godt stykke ned på listene. I QS University Ranking si årlege fagspesifikke oversikt stiller det seg annleis:
Der kan forskarane på Ås no rekne seg som eit av verdas beste, ifølgje den siste rangeringa. NMBU er på 13. plass blant verdas universitet innan jord- og skogbruk. QS University Ranking er rekna som ein av dei viktigaste rangeringane.
NMBU ser ut til å ha slått rot i toppen. I 2019 kom universitetet ut på 14. plass, i 2018 på 15. plass. Sidan 2013 har NMBU gjort eit stort byks. Den gongen var institusjonen plassert i kategorien 51.-100. beste.
NMBU kan likevel ikkje kalle seg best i Norden, det er det Sveriges landbruksuniversitet som er. Svenskane er rangert som det tredje beste i verda, etter Universitetet i Wageningen i Nederland på første og University of California på andreplass. China Agricultural University er det einaste blant dei ti beste universiteta som ikkje er frå Europa eller USA. Totalt er 400 rangert i denne kategorien.
QS University Ranking baserer fagrangeringa si på måling av omdømme og talet på siteringar. NMBU scorar særleg høgt i kategorien akademisk omdømme.
Fagrangeringa frå QS tar for seg 48 ulike fagområde samla under 5 hovudkategoriar. Ein av desse er livsvitskap og medisin. Her kjem Universitetet i Oslo (UiO) godt ut blant dei norske. I dette fagfeltet meiner QS at UiO er det 97. beste blant dei 500 som er målt.
Med det er UiO det sjuande beste universitetet i Norden i livsvitskap og medisin, dersom ein legg QS si rangering til grunn. Best i Norden er Karolinska institutet, det 10. beste i verda. Deretter følgjer Universitetet i København på 18.-plass, Uppsala universitet på 54., Lund universitet på 77., Universitetet i Helsinki på 60. og Århus universitet på 86.-plass.
Universitetet i Bergen er på 160.-plass, NTNU nummer 269 og Noregs arktiske universitet – UiT nummer 396 i denne fagkategorien.
I den generelle kåringa av universitet var UiO i 2019 best av dei norske.
Også i dei andre hovudkategoriane er UiO best av dei norske. Innan økonomi og økonometri gjer UiO det skarpast i plasseringskategorien 151.-200.-plass. Deretter følgjer Noregs handelshøgskole (NHH) i neste bolk (201-250), og vidare NTNU og Universitetet i Bergen (UiB) mellom dei 251 og 300 beste.
Innan humanistiske fag er UiO på 132.-plass, UiB på 208., medan UiT og NTNU ikkje når opp blant dei 400 beste. Best i verda i humaniora er ifølgje rangeringa er Oxford, Harvard og Cambridge.
Innan ingeniørfag og teknologi, derimot, slår NTNU konkurrenten i Oslo med god margin. NTNU er nummer 161, UiO nummer 332 i verda. Målestokken heilt på topp er her Massachussetts Institute of Technology (MIT).
Nylige artikler
Frykter uttalelse fra rektor kan skremme undervisere
Lars Gule ut mot NTNUs rektor: — Han har et spesielt ansvar for å ta avstand
Opp mot 250.000 studenter kan være rammet av hackerangrep
Dømt til 8 års fengsel for terror — får bli på universitetet
Tips til studentene: Slik lykkes du på eksamen
Mest leste artikler
Disse studiene ble ikke valgt av noen – derfor står studieplassene tomme
Vi forbereder studentene på en verden som ikke eksisterer
Epstein hjalp diplomatsønn med å søke studieplass på universitet
Vil endre reglar for opprykk og rekruttering av forskarar
Mener særlig uavhengige stillinger er misbruk av ansatte