innovasjon

Professor: «Har skitna til fingrane mine med innovasjon»

Medieprofessor Lars Nyre ved UiB let studentane lage prototypar på teknologi og framtidsløysingar. — Humaniora og samfunnsvitenskap må slutte med berre å påpeike kva som er feil. Vi må drive innovasjon og finne løysingar, seier Nyre.

— Eg ser sjølvsagt også verdien i å ha kritisk avstand, gje innspel til NOU-ar og drive undervisning der studentane lærer ei kritisk tilnærming. Men mi erfaring er at vi lærer vel så mykje om samfunnet ved å bli utfordra til å finne løysingar gjennom design av tekniske prototypar for ulike føremål og brukargrupper, seier medieprofessor Lars Nyre ved UiB.
Publisert Sist oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Professoren ved Universitetet i Bergen har sjølv skrive at han er ein av dei som skitnar til fingrane sine med innovasjon.

— Kva meiner du med å skitne til fingrane?

— Eg kan forklare det slik: Den tradisjonelle tilnærminga innan samfunnsfag og humaniora er å sitje trygt i elfenbeinstårnet og observere samfunnet utan nærkontakt. Frå tårnet kan vi sjå alt mogeleg som er feil. Sidan vi sit på trygg avstand vert vi gode til å oppdage kva som er gale, men vi har ikkje nødvendigvis gode forslag til korleis problema bør løysast. Alternativet er å heller bruke tida på tverrfaglege prosjekt saman med teknologar, i håp om at vi kan løyse problema. Då må ein gå ned frå tårnet og tole å verte skiten på fingrane, seier Lars Nyre.

— Altså at dei samfunnsvitskapelege faga har ein slags berøringsangst i høve til samfunnet dei meiner noko om?

— Tja. Akademikarar er særs smarte, og vil svare klokt på kvifor dei jobbar med ei tradisjonell analytisk tilnærming. Og eg ser sjølvsagt også verdien i å ha kritisk avstand, gje innspel til NOU-ar og drive undervisning der studentane lærer ei kritisk tilnærming. Men mi erfaring er at vi lærer vel så mykje om samfunnet ved å bli utfordra til å finne løysingar gjennom design av tekniske prototypar for ulike føremål og brukargrupper. Slik sett er det svært stor verdi i innovasjon, seier professoren.

Lokale løysingar

Kva er gevinsten viss ein tek seg bryet med å bli skiten på nevane, som du seier?

— Lat oss ta eit konkret eksempel. Kritiske medieforskarar påpeiker at lokalavisene i større grad enn før har problem med å nå lesarane sine, og vert utfordra av Facebook og Google. Det er eit samfunnsproblem at store amerikanske selskap skvisar ut lokale nyhendeverksemder. Men kva kan lokalavisene gjere? Og kan norsk akademia hjelpe dei? Kanskje vi kan lage teknologi som gjer at dei kan ta attende noko av merksemda til lesarane? For å finne ut av dette må forskarane verte designerar, vi må skaffe oss sakkunnskap ved å vere i kontakt med lokalavisene, høyre på deira behov og bruke vår kritiske samfunnskunnskap som ein ressurs for å lage løysingar som inneber både redaksjonelle og kommersielle endringar.

Her er eitt eksempel på ein protype studentane til Nyre laga som seinare vart til eit ekte produkt.

— Eg lever i konstant usikkerheit om kor god karriere eg har, og om eg fell for langt bak dei andre i teljekantsystemet. Eg søv i fosterstilling om natta, kan du seie, men når det lysnar får eg akkurat nok energi til å halde ut ein dag til., sier professor Lars Nyre.

Mykje stress

— Og slike prosjekt kvir samfunnsforskarar seg for å gå inn i?

— Ja, det er min påstand. For å finne ut av slike problem må forskaren skaffe seg kontakt med journalistar, redaktørar, daglege leiarar og teknisk personell, og alle desse har dårleg tid heile tida. Dei er vanlegvis også kritiske til ideane våre, som trass alt er ganske idealistiske og truleg litt livsfjerne. Då er metoden å gjere endringar og kome tilbake med nye løysingsforslag. Slikt er slitsomt og prosessen kan vere demotiverande. Forskaren må tole eit samarbeid med masse fram-og-tilbake, misforståingar og diplomatiske krumspring. I beste fall blir det eit verdifullt resultat til slutt, men kanskje ikkje. Det einaste som er sikkert er at innovasjonsarbeid medfører mykje stress, seier medieprofessoren.

— Men tradisjonell forsking inneber jo også kritiske innvendingar og mykje fram-og-tilbake med fagfeller, søknadsinstansar og kollegaer? Det er vel også stressande?

— Det kan du seie, men det er likevel noko anna å ha kontakt med det travle og interessedrivne kvardagssamfunnet og alle aktørane der. Då er det langt meir komfortabelt å sitje i det vi kaller elfenbeinstårnet og følgje dei faste reglane for søknadsskriving, datainnsamling, fagfellevurdering og publisering. Akademia har eit eige krinsløp og aktivitetane er ikkje gira inn på samfunnslivet slik innovasjon er.

Har plikt

— Elfenbeinstårnet står enno sterkt?

— Ja. I samfunnsfag og humaniora er det stor oppslutnad rundt mandatet universitetet har når det gjeld forsking og undervisning, og innovasjonsmandatet har langt ifrå same oppslutnad. Det er eit problem. Oljealderen i Noreg tek snart slutt og vi treng å finne ut av kva som skal bere økonomien vår framover. Då er det ikkje slik at samfunnsfag og humaniora er unnateke frå plikta til å finne nye løysinga. I ei verd som er sterkare prega av kommunikasjon enn nokonsinne før, må desse faga tvert imot legge inn ein ekstra stor innsats for innovasjon, seier Nyre.

Studentane hans har allereie utvikla eit sekstital prototypar på teknologi eller tenester som kan være med å løyse samfunnsproblem.

Her er nokre eksempel på kva studentane til Lars Nyre har laga av ulike prototypar:

Studentar ved UiB laga seks forskjellige prototypar på appar for god klimakommunikasjon til ungdommar i samarbeid med NRK og det lokale firmaet Scary Weather.

Klimagotchi er ein app som registrerer åtferda di og forsøker å regulere den til beste for klimaet.

Vel normalvitenskapen

Nyre har lite tru på at hans eigen generasjon av forskarar vil endre seg til å drive særleg mykje med innovasjon.

— Det er mange år sidan eg slutta å prøve å overtyde seinorforskarar i fagmiljøet om å bli interesserte i mediedesign og teknologiutvikling. Og eg forstår dei. Salige Thomas Kuhn forklarte korleis det han kalla normalvitskapen vil tiltrekke seg dyktige folk som har mest å tene på å vidareføre og styrke nettopp det som vert oppfatta som normalt. Difor arbeider eg mest med rekruttane i akademia, studentar som enno ikkje er for sterkt prega av normaliteten innan vårt fagfelt. Dei er lettare å få med på uvanlege prosjekt og dei vert motiverte av å kunne bidra til løysingar og få det på CVen, seier Nyre.

Han legg til at hans tilnærming neppe er det smartaste han gjer for å oppretthalda ein høg status som professor.

—Det er lenge sidan sist eg sjekka min Google Scholar-indeks, for å seie det slik. Eg brukar så mykje tid på undervisning og teknologiutvikling at det går på kostnad av mi akademiske karriere. Eg veit at eg bidreg med samfunnsnytte lokalt og regionalt, og det er ei god trøyst, seier Nyre.

Supertankar

Han meiner det vil ta lang tid å vende samfunnsfag og humaniora til å drive med innovasjon.

Å få eit forskingsmiljø til å skifte innretning er som å snu ein supertankar, mens studentar heller kan samanliknast med ein flotilje med speedbåtar.

Lars Nyre, medieprofessor

— Å få eit forskingsmiljø til å skifte innretning er som å snu ein supertankar, mens studentar heller kan samanliknast med ein flotilje med speedbåtar. Det er ganske logisk at dei som forskar ved hjelp av prosjekt frå Forskingsrådet med 12-millionars tildelingar og to-tre stipendiatar må følgje normene for «offisielt» god forsking ganske nøye for å få midlar. NFR- og EU-midlar gjev jo også langt høgare status og merittering enn å drive med innovasjon på golvet.

— Meiner du dei teknisk-naturvitenskapelege faga er betre på innovasjon?

— Ja, det er klart. Sjå kva som er sprunge ut frå universitets- og forskingsmiljøa når det gjeldt verksemda i Nordsjøen. Desse faga har ein mykje lengre tradisjon for det løysingsorienterte, og dei har også naturlege føresetnader for dette på grunn av fokuset på teknologi og anvendt vitskap.

— Nokon vil seie at løysingsorienteringa får instituttsektoren ta seg av?

— Eit problem med ei slik tilnærming er at instituttsektoren ikkje driv med undervisning. Hvis nye løysingar er så viktige som eg føreset, ja, då må studentar verte lærte opp til å bidra, og då må universitet og høgskular vere heilt sentrale i satsinga på innovasjon.

17.mai-talar

— Korleis føler du leiinga ved universitetet legg til rette for innovasjonarbeid?

— Dei er særs oppmuntrande til at det skal satsast meir på innovasjon. Institusjonen gjev økonomisk stimulans og opprettar nye utlysingar som set innovasjon på kartet. Men samtidig har satsinga eit preg av 17. mai-talar. Det er viktig å snakke om innovasjon, men alle veit at det tradisjonelle mandatet framleis står i høgsetet, seier Lars Nyre.

Han meiner likevel det skjer noko i miljøet i mediebyen i Bergen.

— Eg treng i hvert fall ingen sjef til å fortelje meg at det å drive med innovasjon er viktig, seier medieprofessor Lars Nyre

— Eg er heldig og jobbar i Media City Bergen. Dette er ei industriklynge der SV-fakultetet ved UiB har lært seg å samarbeide med medieindustrien i vår region. MCB er ei dristig innovasjonssatsing som modererer kritikken min av at institusjonen er så konservativ.

Tek eit par tiår

— Sidan du er ein talsmann for å gjere samfunnsfag og humaniora meir løysingsorientert, kva ville du sjølv foreslå for å stimulere til meir innovasjonsarbeid?

— Eg trur dei nødvendige haldningane må få utvikle seg naturleg gjennom nye faglege innretningar på utdanningane, og stimulering av ph.d.- og postdok-arbeid knytt til design og teknologiutvikling. Den enkelte forskaren må vere motivert av seg sjølv, heilt på ekte, og det kan ta eit tiår eller to.

Nyre er sjølv eit eksempel på at slik eigenmotivasjon.

— Eg treng i alle fall ingen sjef til å fortelje meg at det å drive med innovasjon er viktig. Vi bur i eit samfunn som skal omstille seg frå oljealderen til noko nytt, og det verkar innlysande at akademia må bidra tungt til den snuoperasjonen. Dette er berre siste kapittel i forteljinga om den norske sjølvberginga. Og då er det heilt naudsynt å tole å bli skiten på hendene, seier Lars Nyre.

I fosterstilling

Professoren fortel likevel at det ikkje berre har vore eit enkelt val å gå innovasjonsvegen.

— Eg lever i konstant usikkerheit om kor god karriere eg har, og om eg fell for langt bak dei andre i teljekantsystemet. Eg søv i fosterstilling om natta, kan du seie, men når det lysnar får eg akkurat nok energi til å halde ut ein dag til. Men det er ikkje synd i meg. Eg har jo fast jobb i akademia, og kan i prinsippet slå inn på ein meir normalvitskapeleg kurs hvis stresset blir for stort.

Nyre viser til at vilkåra for innovasjon i Media City Bergen, der han jobbar.

— Vi har gode utdanningar med flotte søkjartal. Nyleg fekk vi ei tildeling frå Diku (Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgare utdanning) til ei satsing på innovasjonspedagogikk for medieutdanningar, for ikkje å snakke om det nye senteret for forskingsdriven innovasjon, som er kongerikets første SFI ved eit samfunnsfagleg fakultet.

— Så du held fram?

— Eg trur det er for seint å snu for min del. Det ville vore galskap å gje seg med dette prosjektet no.

Powered by Labrador CMS